Previous month:
May 2018
Next month:
July 2018

8 entries from June 2018

Vedkløyvaren har stoppa opp

Ein av dei beste investeringane eg har gjort var då eg kjøpte ein vedkløyvar i 2006. Denne vedkløyvaren har vore til stor nytte og glede i alle desse åra. Me fyrer med ved frå tidleg på hausten til seint på våren. Det er ikkje lite ved som går til på eit år. Vedkløyvaren er ei oppfinning som eg set stor pris på. 

I år er eg på etterskott med vedarbeidet. Eg har kome godt på veg, men har ikkje nok ved til neste år enno. Ein liten haug med store vedkubbar ventar på kløyving, men eg må nok saga ned nokre fleire tre. 

Eg hadde rigga meg godt til og skulle til å kløyva vedkubbane. Då eg prøvde å starta vedkløyvaren ville han ikkje starta. Det kom ein rar lyd. Motoren sveiv seint rundt eit par gongar. Så vart det heilt stilt. Sidan har den elektriske motoren vore daud. Eg har funne ut at det går an å kjøpa ein ny motor, men han er mest like dyr som ein heilt ny vedkløyvar. Difor reknar eg med at eg kjøper ein ny vedkløyvar og håper at han vil vara lenger enn den gamle. 


Pakking og flytting

Dei siste dagane har me pakka til den store gullmedalja. Me er på flyttefot. Oppdraget i Stavanger er fullført. No ventar nye eventyr med utgangspunkt i Huset i Skogen. I tre og eit halvt år har me hatt ein bustad i Stavanger. Me har brukt omlag to veker kvar månad her i distriktet. Det har vore ei rik tid der me har fått mange gode venner og me har sett Gud gjera mange gode ting mellom oss. Når me på mandag den 18. juni vender tilbake til Huset i Skogen tek me med oss mange gode minner. Me er fulle av takk til Gud og vennene her i Stavangerområdet for dei mange gode opplevingane me har hatt saman og for alle vennskapsband me har fått knytt. Me voner at desse banda berre skal verta sterkare i åra som kjem, trass i at avstanden vert større.

I går fekk eg hjelp av Kjartan til å køyra flyttelasset til Huset i Skogen. Det sette eg stor pris på. Me køyrde opp og ned på dagen. Det tok tolv timar. Me fekk nokre gode samtalar i flyttebilen som Walter lånte oss. Opp gjennom åra har det vorte nokre dagar med pakking og flytting. Det er viktig å ikkje gro fast, men å ha lause teltpluggar slik at me kan dra når Herren kallar. 

Denne gongen flyttar me ikkje til ein ny stad. Me flyttar frå eit leigd husvære i Stavanger tilbake til vårt eige hus i Lindås kommune i Nordhordland. Likevel flyttar me ikkje tilbake til noko som har vore. Me flyttar alltid fram og vidare med Herren. No ventar det nye eventyr og spennande tiltak i tenesta for Herren. Gud har lagt nokre tankar ned i oss om kva den nye fasen inneber, men framleis er svært mykje ope. Me liker å leva slik: opne for Andens leiing. Då er pakking og flytting ein del av livet.


Om ikkje Herren var min hjelpar

Eg finn stor trøyst og indre styrke ved å be Salmane i Bibelen. Solveig og eg har no i lengre tid brukt Salmane som ei bønnebok. Morgon og kveld bruker me ei eller fleire salmar saman. Det har gjort bønnelivet vårt rikare og gjort Ordet meir levande for våre hjarte.

I Salme 94 spør salmisten: Kven står opp for meg mot valdsmenn? Kven stig fram for meg mot dei som gjer urett? Konklusjonen hans er: Om ikkje Herren var min hjelpar, budde eg snart i det stille landet.

Livet er på mange måtar ein kamp, nokre gonger mot ytre fiendar, men oftast mot indre fiendar. Me har ikkje kamp mot menneske i kjøt og blod, seier apostelen Paulus. Men me står i ein reell kamp. Vonde, mørke makter skyt sine brennande piler mot oss. Me sloss også mot tankar og kjensler som vil overmanna oss og lamma oss. Fordømming, anklagar, misforståingar, hovmod, mindreverdkjensle er nokre av dei tinga dei fleste av oss kjempar med. I alle høve gjer eg det.

I denne kampen treng eg nokon som kan stå opp for meg og vera eit vern mot dei mørke tankane og vonde kjenslene som vil eta meg opp. Eg treng nokon som kan stiga fram og tala mi sak mot dei som gjer urett mot meg. Dette er ein kamp eg ikkje kan vinna åleine. Eg treng hjelp. Om ikkje Herren hadde vore min hjelpar, hadde motløysa teke meg inn i det djupaste mørkret.

Når mitt indre er fullt av urolege tankar, har mi sjel glede av trøysta frå Gud. Han har vorte mitt vern. Trøystaren gjev meg framtid og håp. Herren er min hjelpar og framtida er trygg!


Toppmøtet - har Gud ein finger med i spelet?

Media fløymer over av forsiktige kommentarar om toppmøtet mellom president Trump og formann Kim. Det ser ut til å ha gått uventa godt. På førehand har me fått mange negative spådommar om korleis møtet kom til å mislukkast. No ser det ut til å vera svært vellukka. Dei to leiarane har signert eit dokument der dei forpliktar seg til atomnedrustning på Koreahalvøya. Det er fantastisk i seg sjølv, men det står mykje arbeid att for å verkeleggjera dei gode lovnadene.

Norske media er stort sett svært negative til president Trump. Han blir ofte framstilt som ein vinglete klovn. Kanskje sanninga er at han er ein dyktig forhandlar? Eg veit ikkje. Eg har ikkje nok kunnskap til å meina mykje om han. Toppmøtet kom i stand. Dei to leiarane har møtt kvarandre andlet til andlet. Kjemien mellom dei ser ut til å vera god. Kanskje Trump sin strategi har verka?

Eller kanskje dette rett og slett er svar på bønn? Kristne i mange land har bede om fred og forsoning i Korea. Millionar av kristne i Korea har bede om gjennombrot i relasjonen mellom dei to landa. Den koreanske presidenten Moon har spela ei viktig rolle i å få gjennomført toppmøtet. Kan det som no hender vera Guds finger? Svarar Gud bønn? Grip Gud inn i historia? Kan Gud påverka og bøya presidentars hjarte? Kan Gud gje dei tankar om kva dei bør gjera?

Profetane i Bibelen seier mykje om Gud som herskar over heile universet. Dei såg Guds finger i dei fleste politiske hendingar i si samtid. Dei tala om fred og forsoning som skulle koma med fredsfyrsten. Dei forkynte om våpen som skulle gjerast om til jordbruksreiskap og at Gud skulle gjera slutt på krigane på jorda. Kanskje dette toppmøtet og det dokumentet som har vorte signert kan vera ei lite steg på veg mot fred og forsoning? 


I skjul

I Salme 91 snakkar salmisten om å sitja i skjul og finna ly. Han snakkar om å ha ein plass å søkja tilflukt og ha ei borg der han er trygg. Bakgrunnen for desse orda er sjølvsagt at han er utsett for urett og vondskap. Folk set snarer for han og prøver å fanga han. Andre skyt piler etter han eller kjem mot han med skarpe sverd. Han er også utsett for øydeleggjande pest og plager som herjer og drep.

Livet er ikkje enkelt for salmisten. Det er det heller ikkje for dei fleste av oss. Me møter utfordringar og vanskar av ulikt slag kvar einaste dag. Den vonde motstandaren vår skyt sine brennande piler av fordømming mot oss. Han brøler som ei løve og prøver å skremma oss til å kompromissa og synda, for det tykkjest å vera den einaste utvegen. Dessverre har mange av oss hatt den beiske opplevinga av at kompromiss og "ei lita synd" ikkje hjelper oss ut or ei vanskeleg stode, men berre gjer alt endå meir vanskeleg for oss. Dette hadde salmisten òg lært. Difor seier han: 

Du, Herre, er mi tilflukt og mi trygge borg! Du er min Gud som eg set mi lit til. Eg sit trygt i skjul hos deg, Du høgste. Eg finn ly hos deg, Den veldige. Eg har gjort deg til min bustad. Du skal vera med meg og verna meg på alle mine vegar. Om tusen eller titusen fell rundt meg, vil Du ta vare på meg slik at eg ikkje blir råka av dei brennande pilene eller den smittande pesten.

Ulukkene til dei rettferdige er mange, men Herren utfrir oss frå dei alle. Herren bergar oss når me held oss til han. Han vernar oss midt i det vonde som møter oss. Han er med oss i nauda og høyrer våre fortvilte rop om hjelp. Han friar oss ut og gjev oss ære. Han mettar oss med eit langt liv og let oss få sjå hans frelse.

I våre dagar er det mange menneske som er på flukt frå krig og urett. Dei leitar etter nokon som kan vera eit skjul for dei og gje dei ly mot forfølging og vondskap. Dei bankar på dørene våre for å søkja ein trygg tilflukt. Hjelper me dei til å finna ein bustad og ei trygg borg hos Gud og mellom oss, eller snur me ryggen til dei?

 


Mi sjel lengtar etter Gud

Som hjorten lengtar etter bekker med vatn,

Lengtar mi sjel etter deg min Gud.

Mi sjel har vorte turr fordi eg har gløymd å drikka av deg.

Eg har gått meg vill i det travle landet med velstand

Og turka inn i materialismens ørken.

No tørstar eg etter Gud,

- etter den levande Gud!

Lat meg få koma fram for ditt andlet,

Så eg kan drikka meg utørst av din nåde,

Når du smiler til meg i din kjærleik!

Amen


Det kristne forvaltaroppdraget

Vår forståing av det kristne forvaltaroppdraget kviler for det første på det Gud sa då han skapte menneska og for det andre på dei lovnadene han har gitt oss for framtida, det er det kristne framtidshåpet. Opphav og mål for alt det skapte er i Gud. Vi er skapt i Guds bilete til å vera hans tenarar. Vi er skapt til å arbeida for å kultivera Guds skaparverk. Arbeidet med skaparverket har fått guddommeleg status fordi vi er kalla til å vidareføra Guds eigen skapargjerning fram mot hans mål som er herleggjering av skaparverket.

Continue reading "Det kristne forvaltaroppdraget" »


Me såg han med våre eigne auge

Apostelen Johannes bruker sterke personlege ord når han snakkar om trua og relasjonen til Gud, skaparen og fullendaren. Han snakkar om å ha sett, høyrt og rørt ved han som er frå opphavet. Den evige Gud gjekk inn i tida - inn i historia - og vart menneske. Han som er frå opphavet og sjølv er opphav til den verda me kjenner, han har me sett med våre eige auge, seier apostelen: Med våre eige øyre har me høyrt livsens ord. Med våre eige auge har me sett livsens ord. Med våre eige hender rørte me ved sjølve livsens ord!

Livet vart openberra då Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, seier Johannes. "Me har sett det og vitnar om det og forkynner dokker det evige livet." Livsens Ord kom frå Far og vart openberra i kjøtt og blod. Ingen menneske har nokon gong sett Gud og ingen kan sjå han, for han bur i eit lys dit ingen kan koma. Likevel har den einborne, som er Gud, og som er i fanget til Far, synt oss kven han er. Jesus er biletet av den usynlege Gud. Den som har sett Jesus har sett Far. Den som har møtt Jesus har møtt den levande Gud. Det me har sett og høyrt forkynner me for dokker, seier Johannes, så dokker kan ha fellesskap med oss, me som har fellesskap med Far og med hans Son, Jesus Kristus. 

I tidlegare tider talte Gud på mange måtar til menneska gjennom profetane, og dette stoffet er samle i Det gamle testamentet. No i desse siste tider har Gud talt til oss gjennom Sonen, Jesus Kristus. Han har Gud gjort til arving over alle ting og ved han skapte han verda. Jesus er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Han held heile universet saman og fører det mot si fullending ved krafta i det ordet han taler.

Gjennom Det nye testamentet får me innsikt i Jesu liv og lære. Me får undervisning frå apostlane som var augnevitne. Når me tek i mot forkynninga deira og trur evangeliet, ordet om krossen og oppstoda, møter me den Levande Frelsaren. Ved omvending og tru blir me fødde på ny og blir Guds barn. Me går frå mørke til lys, frå død til liv. Me blir gravlagde med Kristus i dåpen og blir reist opp av vatnet til eit helt nytt liv. Gjennom handpålegging kjem Anden over oss. Me blir døypte i Anden og taler i nye tunger. Me blir stadig fylte av Anden og hjarte flyt over av song og tilbeding. Me elskar Gud for han elska oss først og viste det ved å å la Jesus døy for våre synder.

Guds kjærleik blir no fullenda i dei som held ordet hans og lever i lyset og kjærleiken. Å elska Gud og våre medmenneske kan ikkje vera ein abstrakt teori som me berre snakkar om, men må vera eit liv som blir demonstrert i kjærlege gjerningar. 

Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom me elskar kvarandre, blir Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. Slik blir trua meir enn ein mental aktivitet. Ved tru ser me. Ved tru forstår me. Ved tru veit me. Trua på evangeliet fører til røyndom, me får oppleva det evige livet. Me kan gleda oss i fellesskap med Gud og dei som tilhøyrer han. No kan me sjå og møta Jesus i det kristne fellesskapet, i ordet som blir forkynt og demonstrert i kjøtt og blod mellom oss.