Det kristne forvaltaroppdraget
07/06/2018
Vår forståing av det kristne forvaltaroppdraget kviler for det første på det Gud sa då han skapte menneska og for det andre på dei lovnadene han har gitt oss for framtida, det er det kristne framtidshåpet. Opphav og mål for alt det skapte er i Gud. Vi er skapt i Guds bilete til å vera hans tenarar. Vi er skapt til å arbeida for å kultivera Guds skaparverk. Arbeidet med skaparverket har fått guddommeleg status fordi vi er kalla til å vidareføra Guds eigen skapargjerning fram mot hans mål som er herleggjering av skaparverket.
Den første velsigning Gud gav oss som menneske var å gje eit oss forvaltaroppdrag. Gud gjorde oss til sine medarbeidarar. Vi er forvaltarar av Guds skaparverk. Vi har alle eit personleg forvaltaransvar for å bruka og utvikla alle dei evner og talentar han har gitt oss. Vi har også eit ansvar for familien vår og dei komande slekter. Vi har fått overlevert Guds ord og har eit ansvar for å forvalta den apostoliske openberringa og gje henne vidare til komande generasjonar.
Det er interessant å leggja merke til, at det første forvaltaroppdraget Gud gav mennesket, ikkje var det vi vil kalla eit religiøst oppdrag. Mennesket vart sett til å styra, vakta, utvikla, odla og kultivera jorda. Forvaltaroppdraget omfattar alle menneskelege forhold og relasjonar. Saman har vi eit felles forvaltaroppdrag for heile verda. Stort er det mennesket som forstår dette og oppofrande arbeider for fellesskapets beste! Det mennesket som tener andre, eig ein vørdnad som alle ærlege folk vil gjenkjenna og æra.
Forvaltaroppdraget omfattar alt vi gjer i forhold til naturen, samfunnet, miljøet og folk rundt oss. Oppdraget er å utvikla og gjera ting betre. Vi skal få fram det beste i folk og ikkje utnytta eller misbruka dei. Vi skal forbetra og utvikla nabolag og nærmiljø, ikkje forsøpla eller øydeleggja. Som forvaltarar er det vårt ansvar å ta vare på mangfaldet i naturen og i menneskelege uttrykksformer.
Vårt forhold til livet og alt det skapte, til kunst og produkt, kan samanliknast med ein som bruker biblioteket: ein har rett til å gjera mest mogeleg ut av innhaldet under føresetnaden at bøkene blir fint behandla og levert tilbake så dei kan vera tilgjengelege for andre. Endå betre ville det vera om ein også arbeidde for å tilføra biblioteket nye bøker og større ressursar som kunne vera til nytte og glede for mange. Å fullføra forvaltaroppdraget inneber å gjera verda til ein betre plass å leva i no og for komande generasjonar.
Mange kristne har vanskar med å famna heile forvaltaroppdraget i tru. Dei ser seg blinde syndefallet med sine fatale konsekvensar, blir fanga i eit pessimistisk endetidssyn. Då mistar mange trua på at det nyttar å gjera ein innsats i samfunnet. Resultatet er dei let verda gå sin skeive gang og tar alt det negative som skjer som teikn på enden er nær og at det ikkje er nokon vits i å prøva å gjera verda til ein betre plass å leva i. Det einaste som då blir viktig er å berga sjeler for himmelen. Dei som tenkjer slik blir mindre og mindre relevante i si samtid og får større og større problem med å vinna menneske for trua si.
Det er ikkje nok å forstå det store forvaltaroppdraget vårt i lys av det Gud sa då han skapte mennesket i sitt bilete. Vi treng også å sjå det i lys av vårt framtidshåp om ein ny himmel og ei ny jord. Dette håpet er knytt til Guds trufaste kjærleik og omsorg for alt det skapte. Dessverre overser mange det faktum at Guds pakt med menneska er knytt til livet på jorda og ansvaret for verda. Gud er ein trufast Gud som fullfører sin plan. Han vil korkje gløyma eller forkasta skaparverket sitt, men føra det fram til fullending i sin herlegdom.
Det er ikkje Guds plan å utsletta verda, men å føda henne på nytt (Matt 19,28). I eldgammal tid gjekk dei himlar og den jord som då var under i vatn ved Guds dom. Gud frelste Noah og familien hans og gav menneska ein ny start med nye himlar og ei ny jord som steig fram frå flaumen (2 Pet 3,4-7). Den gamle verda gjekk under i vatn, men dei himlar og den jord som no er, skal gå gjennom elden og bli til ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur (2 Pet 3,8-13). Denne forståinga hjelper oss å leva heilagt og gudfryktig medan vi ventar på at Guds dag skal koma og skundar han fram.
I Op 21,1-3; 23-27 ser vi ei fantastisk skildring for korleis verda ser ut når alt er samla under Jesu herredøme (Ef 1,10). Dette er det kristne håpet vi ser ut frå Guds ord – at alle ting skal gjenreisast til den meining Gud hadde frå opphavet av. Guds paktnatur og hans truskap gjer at vi kan stola på at han vil halda alt det han har lova.
Misjonsoppdraget som Jesus gav læresveinane i den nye pakta omfattar heile jorda og alle nasjonar (Matt 28,18-20). Alle nasjonar skal gjerast til læresveinar som lever slik at hans vilje rår på jorda slik som i himmelen (Matt 6,10). Alt i himmelen og på jorda skal samlast til eitt under Jesus Kristus (Ef 1,10).
Sidan Gud står bak pakta si og dei profetiske lovnadene om frelse og framgang for Guds rike på jorda, er det hans vilje at vi engasjerer oss og arbeider for å gjenreisa samfunnet i samsvar med Guds plan. Alt vi er og alt vi har, er gitt av Gud for å fremja vårt felles kall til å leva i pakt og syta for at Guds vilje skjer i alle samfunnsområde. Eit folk som lever i pakt, vil involvera seg i dette, og la Guds ord få gje retning til alt engasjement.
Jesu undervisning gir oss gir oss eit godt grunnlag for samfunnsengasjement, miljøvern, bærekraft, langsiktig tenking og omsyn til neste generasjon. Han seier at fattigdom og sosial urett kan løysast gjennom handlingar motivert av nestekjærleik og gudsfrykt.
Det er for eksempel først når vi elskar fiendane våre og velsignar dei som forbannar oss, at vi demonstrerer kven Gud er. Kallet vårt er altså å visa trufast kjærleik mot dei som ikkje viser same godleik tilbake til oss. Vi skal møta hat, forbanning og mishandling med velsigning, gode gjerningar og forbønn. Slik skal vi møta verda, sjølv når vi blir møtt med urettvise (Matt 5,43-45; Luk 6,31-36).
Jesus gjorde det klart at vi har ansvar for å hjelpa menneske i naud, same kven dei er (Luk 10,29-37). Vi må gje mat, klede og naudhjelp der det trengst. Det må innebera at vi må ta imot innvandrarar og asylsøkjarar. Vi må ta oss av sjuke og lidande menneske. Vi må visa solidaritet med dei som blir mishandla, forfølgde og fengsla på grunn av si eiga overtyding. Guds kjærleik driv oss til å arbeida for rettferd, fred og eit betre liv på jorda for alle. Jesus åtvarar oss mot å gløyma det sosiale ansvaret vi har for alle menneske (Matt 25,42-46).
Jesus seier vi skal vera lys og salt i verda (Matt 5,13-16). Vi skal påverka samfunnet og hindra moralsk oppløysing. Korrupsjon og urett får dårlege kår i samfunn der pakt blir levd ut. Trua, livet, vitnemålet og gjerningane våre, skal skina for alle menneske. Difor går forvaltaroppdraget vårt langt ut over det som skjer i forsamlinga, og motiverer oss å arbeida aktivt med samfunnsbyggjande arbeid. Jesus seier at livet vårt er ein surdeig som påverkar og forandrar miljøet og storsamfunnet vi er ein del av. Dette skjer berre når tar forvaltaroppdraget vårt på alvor og engasjerer oss i samfunnet.
Tekst: Erling Thu