Det kristne håpet er ikkje eit nytt håp
Øivind Benestad - Guds tenar

Staten Israel feirar 70 år!

Historia om den moderne staten Israel er eit mirakel. Etter Jerusalems øydelegging i år 70 og fram til 1948 var jødefolket undertrykte i sitt eige land og spreidde for alle vindar. I alle desse åra har det vore jødar buande i landet, men dei har ikkje hatt rett til å styra seg sjølve. Det store fleirtalet av jødar hadde vorte ført bort frå landet sitt. 

Det var den internasjonale sionist rørsla som sette i gang arbeidet for at jødane på ny skulle få sitt eige land, der dei kom frå og hadde sine historiske røter. Balfourerklæringa i 1917 om eit heimland for jødane i det som vart kalla Palestina opna opp for stor immigrasjon av jødar som kjøpte opp land og busette seg der. Palestina var på den tida under Britisk herredømme. Nazistane sine herjingar i Europa med den forferdelege jødeutryddinga - holocaust - var også medverkande til at FN gjorde 29. november 1947 vedtak om at ein jødisk stat skulle opprettast i Palestina.

Arabarane godtok ikkje FN sitt vedtak eller delingsplan. Etter avtalen skulle dei britiske kolonistyrkane reisa frå landet på sabbaten den 15. mai 1948. Difor forkynte David Ben Gurion at staten Israel var oppretta den 14. mai 1948 medan dei første egyptiske bombene fall over Tel Aviv. Både Libanon, Syria, Jordan, Irak og Egypt gjekk til fullt åtak på den nye jødiske staten den 15. mai. Israel vart fødd i denne krigen og har frå første dag fram til våre dagar måtta kjempa for sin eksistens. Heldigvis har Israel overlevd og står sterkare i dag enn nokon gong. 

Krigen som arabarane sette i gang mot Israel i 1948 er bakgrunnen for dei store konfliktane me ser i våre dagar mellom palestinarane og jødane. Arabarane utanføre Israel sette både i gang ein brutal krig mot den nye staten og ein storstilt propagandakrig for å få arabarane i den nye staten til å flykta frå landet. Alle desse arabiske flyktningane vart samla i leiarar og nabolanda som hadde skremd dei til å rømma nekta å integrera dei. I denne krigen som dei arabiske nabolanda starta tok dei ein stor del av det landet som Israel var tildelt av FN. 

I 1967 vart Israel på ny angripen av arabarane. No slo dei fiendane sine tilbake i denne korte krigen som vart kalla seksdagarskrigen. No tok Israel tilbake frå arabarane det landet som det eigentleg var tildelt av FN. Det er dette området som Israels motstandarar kallar for den okkuperte vestbreidda. Arabarane i desse områda blir no kalla for palestinarar. Palestinarane er etterkomarar av dei arabarane som vart skremd og lokka av nabolanda til å flykta frå Israel i den første krigen arabarane førte mot Israel - den nye jødiske staten i 1948. Nabolanda som fekk dei til å flykta har behandla dei svært dårleg, samstundes som Israel stengde vegen for dei tilbake. Etterkomarane til desse palestinske arabarane har dessverre lide mykje. Dei har også rett til gode trygge liv, men akurat no ser ikkje framtida lys ut for dei. 

Det jødiske folket har, slik som alle andre folk, ei naturleg rett til å vera herre over sin eigen lagnad i sin eigen stat. Staten Israel vart til i kraft av jødane si historiske rett til landet og med bakgrunn i resolusjonen i FNs generalforsamling. Frå første stund retta Israel ut handa til alle nabostatane med tilbod om fred og godt naboskap. Dei sa seg villige til å ta sitt ansvar i ein felles innsats for utvikling av heile Midstausten. Dessverre vart dette tilbodet avvist og møtt med krig. Retten til ein jødisk stat i Israel er anerkjent av det internasjonale samfunnet. Eg støttar sjølvsagt også statens rett til å forsvara sin eksistens.

I dag er Israel det einaste velfungerande demokratiet i heile Midtausten.  Israel har ein sterk og avansert økonomi på grunn av forskning og innovasjon. Dei fleste av oss er avhengige av Israelske oppfinningar og tekniske produkt i våre dagar. Det finst eit levande og blømande kulturliv med fridom for alle til å uttrykkja seg slik dei vil. 

Eg ønskjer det jødiske folket hjarteleg til lukke med staten Israel, som står som eit strålande fyrlys, som viser vegen til demokrati og velstand til nabolanda sine. 

Comments