Hurra for 17.mai!
Undervisning om den nye pakta i Hebrearbrevet

Pinse kvar dag

Me feirar pinse i desse dagane, men mange nordmenn veit ikkje kva dei feirar. Pinse er vel den kristne høgtida som mange har vanskelegast å forstå og forhalda seg til. Det er ikkje så rart, for når eg les korleis kristne teologar forklarar pinse er det ikkje lett å forstå kva pinse har med oss å gjera. Dei fleste teologane gjev oss høgttravande forklaringar om kva som hendte for nesten to tusen år sidan. Så får me mange filosofiske tankar om pinse har å seia for den kristne kyrkja.

Då Jesus førebudde læresveinane på det som skulle henda, sa han at dei skulle venta på det som Far hadde lova. Johannes døypte folk i vatn, men dei skulle døypast i Den Heilage Ande. Slik dåpen i vatn er ei konkret oppleving er også dåpen i Anden ei konkret oppleving. På pinsedag vart dei første kristne døypte i Den Heilage Ande. Anden kom over dei, fylte dei og gav dei evne til å tala i tunger og kraft til å vera vitne om den levande Frelsaren, Jesus Kristus.

Jesus sa at Anden skulle koma og ta bustad hjå læresveinane og alltid vera hos dei. Han skulle vera ein talsmann, hjelpar, lærar og trøystar. Han skulle leia dei til heile sanninga om Jesus Kristus. Han skulle minna dei på alt Jesus hadde sagt og undervist. Han skulle formidla openberring. Han skulle herleggjera Jesus for dei. Det handla med andre ord om å ha ein relasjon til Anden og ikkje berre ha nokre filosofiske tankar om han.

Det er verdt å merka seg at då Jesus etter oppstoda talte til læresveinane om å verta døypt i Den Heilage Ande, var det i samband med at han talte til dei om det som høyrer Guds rike til. Han avviste at Guds rike har noko med etnisitet eller ein nasjonalstat å gjera. Guds rike er ikkje av denne verda og handlar ikkje om politikk eller menneskelege ordningar. Guds rike er eit rike i Den Heilage Ande. Det er rettferd, fred og glede i Den Heilage Ande.

Guds rike kjem ikkje gjennom filosofi og fine ord. Guds rike kjem i kraft. Jesus sa at når Anden kom skulle læresveinane få kraft. Me såg denne krafta verksam på pinsedag då tre tusen menneske kom til tru, vende om, vart døypte i vatn og lagde til det kristne fellesskapet. Apostelgjerningane heldt fram med å fortelja korleis vanlege kristne hadde kraft til å vitna om Jesus, gjera folk friske, gjera dei til læresveinar og byggja levande fellesskap av menneske med ulik bakgrunn. Dei levde i pinsekrafta kvar dag.

Dette er godt nytt. Me treng ikkje sjå tilbake til det som hendte for nesten to tusen år sidan og berre minnast ei historisk hending. Me kan ha pinse kvar dag! Det er pinsehøgtid kvar dag. Den Heilage Ande har kome. Han har teke bustad hos oss. Han er alltid nær. Han er alltid med oss. Me kan kjenna han. Me kan snakka med han. Han vil læra oss og leia oss kvar dag. Han trøystar oss og hjelper oss å møta utfordringane i livet på ein guddommeleg måte. Han er ei kjelde i oss som aldri går tom. Han forfriskar oss, fornyar oss og gjev oss kraft kvar dag. Halleluja! Det er pinse i dag!

 

Comments