Israels håp er knytt til det gode skaparverket
Å leva for noko som er større enn seg sjølv

Inga fordømminga!

Saman med KF Nordhordland har eg for nokre dagar sidan lese gjennom Romarbrevet. Det er eit brev med djupe teologiske sanningar. Rettferd ved tru åleine og ikkje ved lovgjerningar, ein av fleire frigjerande sanningar i dette brevet. Frå tidleg ungdom lærde eg mange vers i Romarbrevet utanåt. Det var ord om frelse og rettferd ved trua på Jesus. Orda i overskrifta på dette innlegget er henta frå Rom 8,1 som seier: ”Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus.” Dette er eit av mine favoritt bibelvers og det har vore til stor trøyst og glede for meg heilt frå eg vart ein kristen.

Eg er vaksen opp i en kristen familie. Eg gjekk på søndagsskole og Yngres. Eg var med mor og far på møte på bedehuset. Då den store vekkinga gjekk over heimbygda mi då eg var ein ung tenåring, kjende eg på kallet til å gje meg over og ta imot Jesus. Eg hugsar godt dei sterke vekkingsmøta i Høylandskyrkja. Emissæren forkynte eit enkelt evangelium om Jesus og korset. Eg sat som regel på galleriet og følgde spent med på kven som gjekk fram for å gje seg over til Jesus. Eg kjende meg kalla. Eg hadde lyst å gå fram, men eg var ikkje modig nok. Eg var for feig. Dette plaga meg eit heilt år. Eg var full av fordømming fordi eg hadde vore for feig til å gå fram i kyrkja og bøya kne for Jesus.

Noko liknande hende på påskeleiren som Ryfylke og Jæren Indremisjon arrangerte i Bjørheimsbygd. På ny kjende eg meg kalla til å gå fram og visa alle at eg ville tru på Jesus og følgja han. Eg utsette avgjerda og fekk meg aldri til å gjera det. På den tida skreiv me helsingar til kvarandre i minnebøker. Eg helsa alle vennene mine på leiren med eit vers i ei salme av David. Då eg kom heim oppdaga eg at eg hadde skrive feil vers. Fortviling og fordømming følgde meg eit nytt år.

Neste påskeleir er reiste til var på Folkvang ved Gausel, sør for Stavanger. Denne gongen hadde eg fått med meg tre kameratar frå ikkje kristne heimar. Det var Arne Johan, Hein og Olav. Me var frimerkesamlarar alle fire og det var det som hadde gjort oss til gode kompisar. Alle reiste me til påskeleiren med spenning og forventing. Kanskje me ville treffa nokre kjekke jenter?

Andre dagen på leir kom Arne Johan og fortalde at han hadde vore og snakka med Emissær Eldor Rettedal og gjeve seg over til Jesus og blitt ein kristen. Eg vart sjølvsagt veldig glad. Eg ville jo vera ein kristen, men var for feig til å vedkjenna trua på ein skikkeleg måte. Det gjorde at eg hadde vanskar for å tru meg frelst. Eg levde med fordømming heile tida og kjende på at eg kom til kort. Heldigvis forstod ikkje kameratane dette. Dei rekna meg visst som ein kristen.

Arne Johan kom glad til meg og fortalde kva han hadde opplevd. Saman gjekk me til Hein og spurde om ikkje han og ville ta imot Jesus og bli ein kristen. Jo, det ville han. Då gjekk me alle tre til emissæren. Han forklarte evangeliet og fekk oss til å bøya kne og hjelpte oss å be frelsebønn. Etterpå måtte me alle be ei bønn med eigne ord. Dette var første gongen eg bad høgt saman med andre. Det vart eit gjennombrot for meg. Emissæren gav oss nokre ord i Bibelen me kunne byggja trua og frelsevissa på. Etterpå gjekk me til Olav og han ville også gje seg over til Jesus. Så var me tilbake til emissæren og måtte be på ny.

Eg reiste heim frå påskeleiren fri frå fordømming. Rom 8,1 hadde vorte mitt vers. Eg var full av glede for eg hadde oppdaga at det finst inga fordømming for dei som var i Kristus Jesus. Det første eg gjorde etter påske var å kjøpa eit lite gullkors som eg festa på jakka mi. Slik synte eg no for heile verda at eg var ein kristen, at eg hadde gjeve meg over til Jesus og ville følgja han resten av livet.

Arthur Halvorsen, som var leiar på Yngres, hadde fått nyss i kva som hadde hendt på påskeleiren. Han tok tak i meg på første samling etter påske. Han ville eg skulle fortelja han kva som hadde hendt. Eg fortalde korleis me hadde teke i mot Jesus og no var kristne. ”I kveld må du vitna,” sa han, ”det er svært viktig at du vedkjenner deg trua di og fortel at du har blitt ein kristen!” Eg våga ikkje seia nei, men visste ikkje kva eg skulle seia. Då det vart vitnemøte nikka Arthur til meg og eg forstod at det var min tur. Eg reiste meg opp. Eg trudde eg skulle besvima, men eg greidde å stotra fram Rom 8,1: ”Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus,” før eg skjelvande datt ned i benken att. Men for ei lette eg opplevde. Det var som om tunge bører for alltid datt av meg.

Arthur var ein god yngresleiar som såg meg og oppmuntra meg. Han hjelpte meg til å vitna om Jesus. Eg er for alltid takksam til han for det han gjorde for meg som ein ung kristen.

Heilt sidan påskeleiren på Folkvang, eg trur det var i 1958, har Rom 8,1 vore med meg. Jamvel etter alle desse åra blir eg velsigna kvar gong eg les dette verset. Det har bore meg gjennom motgang og prøvingar. Når eg har vore djupt nede i motløyse og fortviling, har ordet om at det finst inga fordømming lyfta meg opp or den mørke hengjemyra kjensla av å koma til kort er.

Comments