Previous month:
March 2018
Next month:
May 2018

22 entries from April 2018

Me kan aldri vita!

Det er Forkynnaren som gjer eit poeng av at me ikkje veit kva som vil henda når me sår eller gjev (For 11,1-6). Me kan aldri vita kva arbeid som vil lukkast. Me har aldri full oversikt over kva risiko me tek når me investerer. Me veit ikkje kva ulukker som kan henda. Me kan aldri gardera oss hundre prosent. Me veit ikkje kva som kjem til å skje som eit resultat av det me seier eller gjer.

Difor seier Forkynnaren at me må så ved alle vatn, for med tida vil me finna det att. Me må vera rause i å forkynna evangeliet for store flokkar av folk, men me må også vera ivrige i å dela det med ein om gongen. Me veit at om me ikkje sår, vil me ikkje hausta, men me veit ikkje kor mykje me får hausta av det me sår. Me må leva med den uvissa når me tek kontakt med folk for å dela evangeliet med dei. I tru og tillit må me berre gjera det me er kalla til. Me kan så og vatna, men det er Gud som gjev vekst.

Den som aktar på ver og vind, får ikkje så, den som kikkar på skyene kjem ikkje til å hausta. Om me ventar på at alt skal leggja seg til rette, endar me opp me å ikkje få gjort noko. Om me ser etter rette omstende, får me ingenting gjort. Me må våga å ta initiativ til å fortelja om Jesus før me veit om folk er interesserte. Det er alltid ein risiko for at misjonsarbeidet ikkje vil lukkast. Det er mange ting me ikkje forstår i måten Gud kallar og dreg folk til seg på.

Dei siste vekene har eg fått fleire oppmuntrande meldingar om korleis eit ord, ei bønn eller ei lita velgjerning har bore god frukt. For tre år sidan bad kona og eg for ein mann på ei ferje og gav han eit ord frå Gud. Me hadde gløymd det og kan ikkje ein gong hugsa kven denne mannen er. Likevel sende han oss ei melding om korleis dette hadde hjelpt han og gjeve han eit nytt liv. I dag står han i ei fruktbar teneste for Herren.

I 1963 køyrde eg ein mann heim frå eit møte. Han hadde kome for seint til bussen. Han budde 20 km frå møtestaden. Eg tenkte ikkje noko meir på det. For kort tid sidan fekk eg vita at han vart så rørt av at eg var så snill at eg køyrde han heim. Forkynninga mi gjorde tilsynelatande ikkje stort inntrykk, men ei lita velgjerning fekk han til å søkja Gud og bli ein kristen kort tid etter på. Etter å ha vore ein kristen i 55 år fekk han lyst til å fortelja dette. I alle desse år har eg vore uvitande om kva ein liten biltur førte til. Far min hjelpte meg å finansiera bilen. Dessverre fekk han ikkje vita om frukta av investeringa hans før han døydde, men ein dag vil han få si lønn.

No forstår eg betre det Forkynnaren seier: ”Så ditt såkorn om morgonen, og lat ikkje handa kvila mot kveld. Du veit ikkje kva som vil lukkast, det eine eller det andre, eller om begge delar er like gode.” Me må vera ivrige i misjonsarbeidet - i ord og gjerning. Me må så evangeliet på så mange måtar, plassar og media som mogeleg for å nå mange ulike menneske. Me veit ikkje kva som vil lukkast av det me seier eller gjer.

Me kan aldri vita kva eit lite ord om Jesus kan føra til. Me kan aldri vita korleis Gud kan bruka eit varmt smil eller ei hjelpande hand til å gje folk håp og tru.

Tekst: Erling Thu


Openberringa av Guds kongsmakt skapte håp for Israel

Parallelt med trua på at Gud har vorte Israels konge, ved den pakta han gjorde med dei, finn vi trua på at Gud frå æva av er konge over heile verda. Himmel og jord er skapt av Gud og han er ikkje berre konge i Israel, men konge over alle folkeslaga. Han er Herren Allhærs Gud og herskar over heile sitt skaparverk. Herren over alle dei himmelske hærskarane har reist sin kongstol i himmelen og rår over heile skaparverket:

Herren har reist si trone i himmelen, han rår som konge over alt. (Sal 103,19)

Herren er konge til evig tid, (Sal 10,16)

Herren er konge! Han har kledd seg i høgd, Herren har kledd seg i kraft og spent beltet om livet. Verda står fast, ho skal ikkje rokkast.  Di trone står fast frå gammal tid, du er til frå æve. (Sal 93,1-2)

Deg, Herre, høyrer stordom til og makt, herlegdom, ære og majestet, alt som er i himmelen og på jorda. Ditt er riket, Herre, og du er opphøgd som overhovud over alt. (1 Krøn 29,11)

Du er konge gjennom alle tider, du herskar frå slekt til slekt (Sal 145,13).

Lovsongen til Herren, “den store Kongen over heile jorda” ljomar med stor styrke frå Israels rike salmeskatt. Salme 145 er eit godt døme på denne lovprisinga av Guds herlege og universelle kongerike. Fortid, notid og framtid smeltar saman i trua på Guds kongevelde. Trua på Guds evige og urokkelege kongemakt over heile skaparverket er sjølve grunnfjellet i Israels gudstru. Denne openberringa skapar store og lyse visjonar for framtida. Guds himmelske kongsstol er grunnlaget for Israels håp om hans framtidige kongevelde på jorda. Han som har all makt i himmel og på jord, vil ein dag ta denne makta på ein synleg måte og manifestera sitt rike på jorda! Han som frå æva er konge skal også i framtida visa det ved sitt inngrep i historia.

Openberringa av Guds kongemakt gjer at Bibelen er gjennomsyra av ein bodskap om håp. Frå dei første til dei siste sidene i Bibelen strålar håpet fram, trass i alle forteljingane om synd og menneskeleg svikt. Gud er trufast mot si skaparpakt med menneska og resten av skaparverket. I sin trufaste kjærleik og overstrøymande nåde vil han fullføra sin gode plan. Korkje menneske eller demonar kan hindra Gud å gjera det han har sett seg føre å gjera. Om synda er stor, er nåden større. Gud er ein Gud som tilgir og gjenreiser. Den raude tråden i Bibelen er forteljinga om korleis den suverene og allmektige Gud grip inn i historia til frelse for menneske. Bibelen er ein dokumentasjon av Guds frelsande gjerningar i historia.


Å vera menneske er å lytta til andre sitt hjartespråk

Å vera menneske er å lytta

til andre sine draumar og djupe lengtar

Utan å vurdera dei eller vega dei

Men ta dei for det dei er:

Ein hjartelengt frå eit visjonært menneske.

 

Å vera menneske er å lytta til hjartespråket

Og ikkje dømma folk med deira eiga fortid,

Eller koma med fasitsvar og eigne meiningar

Bygd på eigne vonbrot.

 

Å vera menneske er å våga å drøyma andre sine draumar

Ved å leva seg inn i deira hjartelengt,

Sleppa seg laus og drøyma saman med dei

Og stola på at dei har høyrd frå Gud,

Jamvel om du ikkje heilt forstår det dei drøymer om.

 

Å vera menneske leva i spenninga mellom draum og verkelegdom,

Og finna kvile i Guds nåde,

Som er nok i den stoda me er i no

Og for framtida slik me drøymer om ho.

Nåden skaper både røyndom og draum

Når me gjev rom for kvarandre sine draumar

I undring, kjærleik og velsigning.

Når me i tru og tillit til Guds nåde

Heiar på og set mot i kvarandre

Blir me knytt saman hjarte til hjarte

Og frigjer skapande krefter mellom oss.

(Desse tankane er inspirert av ei tilbakemelding frå Elisabet Mjanger på fjesboka på ein artikkel om å hjelpa andre til å drøyma)


Å få andre til å drøyma

Eg drøymer om folk som er visjonære

og drøymer store draumar,

folk som er gode til å formidla visjonar

og få andre til å drøyma

fordi dei sjølve er folk som set seg djerve mål

og satsar alt dei har for å leva ut draumen sin,

folk som skaper glød og pågangsmot i andre

når dei sår frø av tru og håp

gjennom draumen dei set ord på

og ved måten dei sjølv lever i kvardagen


Det er ikkje alltid det går som me trur

Forkynnaren er på mange måtar ei litt underleg bok, men eg har oppdaga mange sanningar i denne boka som skildrar livet frå eit jordisk perspektiv. "Under sola" er eit uttrykk som er brukt fleire gonger boka. Det seier oss at forfattaren prøver å forstå livet og det som skjer på jorda slik det ser ut for ein som lever under sola. Her hender det mykje som er vanskeleg å forstå og forklara.

Salomo, som dei fleste reknar som forfattar av boka, undrar seg over ting han legg merke til: Det er ikkje alltid dei raske som vinn løpet. Det er ikkje alltid dei sterkaste og djerve som sigrar i krig. Dei vise kan ofte vera fattige. Dei dyktige treng ikkje vera velståande. Det er ikkje alltid dei høgt utdanna lever gode liv. Hell og lukke ser ut til å råka tilfeldig. Ofte handlar det berre om å vera på rett plass til rett tid.

Menneske spår, men Gud rår. Mennesket veit ikkje når tida er komen. Me kan leggja gode planar og jobba hardt, men me veit aldri kva som kjem ut av det me gjer. Me kan ha gode intensjonar, men evnene strekk ikkje alltid til. Me kan drøyma store draumar, men me kan aldri vita kva som vil skje. Slik fisken blir fange i det vonde garnet, slik fuglen går seg fast i snara, slik blir menneske fanga av ei ulukketid, brått kjem ulukka over dei. Det er ikkje alltid det går slik me trur.

I tidlegare tider kunne eg uttala meg skråsikkert om mange ting. Alt var svart eller kvitt. Eg hadde mange enkle svar på store spørsmål. Framleis trur eg at alt Bibelen seier er sant. Eg trur at Bibelen er Guds ord. Men det er ikkje alt eg forstår. Det er ikkje alt eg får til å gå i hop. Eg har ikkje like mange skråsikre forklaringar som eg ein gong hadde. Likevel er eg tryggare enn nokon gong før, for Gud er god og har kontroll.

Ingen menneske kan vita kva som ligg framfor dei, Om det er kjærleik eller hat. Mennesket veit ikkje kva som skal henda. Når alt kjem til alt, så står det ikkje til den som vil eller til den som strevar, men til Gud som miskunnar seg. Når alt kjem til alt, er me heilt avhengige av Guds nåde. Ved hans nåde er me det me er. Det beste me kan gjera er å leggja alt i Guds hender. Der er me trygge. Hans gode hender vil halda oss fast. Hans sterke hand vil fullføra det verket han har begynt i livet vårt.  

 

 


Israels håp er knytt til Guds rike

Tanken om Guds rike er ein av dei viktigaste elementa i Israels tru. Dei var utvalde til å vera eit kongerike av prestar, så dei kunne vera Guds demonstrasjonsfolk, for å føra folkeslag til tru og lydnad (sjå 2 Mos 19,6; 1 Kong 8,43-60; Rom 1,1-5). Gong på gong vart Guds kongevelde synleggjort og demonstrert i Israels historie. Det profetiske håpet vart knytt til desse demonstrasjonane av Guds rike mellom dei. Det ser vi mellom anna i måten dei tolka utgangen frå Egypt på: Då Israel drog ut frå Egypt, vart dei hans rike (Sal 114,1-2). Då song Moses og israelittane: Herren er konge til evig tid! (2 Mos 15,18). Gjennom Guds frelsande gjerning såg dei hans kongevelde. Med skremmande storverk sette han folket fri og viste seg som konge. Då Gud gjorde pakt med dei ved Sinai og stadfesta at dei var Guds kostelege eigedomsfolk, stod han fram som konge mellom dei (5 Mos 33,5). Hans kongerike i Israel skulle både vera ein demonstrasjon av hans rike og eit utgangspunkt for hans kongevelde over heile verda.

Continue reading "Israels håp er knytt til Guds rike" »


Nåde til å gje

I brevet til Korintarane skriv apostelen Paulus svært mykje om å gje. Fleire kapitel i dette brevet handlar om nåde til å vera rause i å gje. Dette blir konkretisert i ei innsamling til dei kristne i Jerusalem, som han har sett i gang. Når han skal oppmoda korintarane til å halda lovnadene sine og fullføra den innsamlinga dei tidlegare har sagt dei vil vera med i, bruker har dei kristne i Makedonia som eit føredøme. 

Gud hadde synt dei kristne i Makedonia stor nåde. Dei var hardt prøvde i si naud. Livet gjekk ikkje på skinner. Dei hadde store utfordringar. Dei levde i djup fattigdom. Trass i denne vanskelege stoda hadde dei ei overstrøymande glede i trua på Jesus. Difor vart dei rause og villige til å gje. Faktisk bad dei inderleg om å få vera med å gje. Ingen pressa dei til å gje. Gud gav dei nåde til å gje, jamvel om dei var fattige. Ved Guds nåde gav dei over evne, - dei gav meir enn dei hadde råd til å gje. Dei gav seg sjølve, først til Herren og så til Paulus og det apostoliske teamet, i samsvar med Guds gode vilje.

Continue reading "Nåde til å gje" »


Israels håp - velsigning til alle menneske

Det gamle testamentet fortel at då Gud openberra seg for Abraham og kalla han til å forlata landet og folket sitt, vart ein ny fase i Guds frelseplan innleia.

Gjennom Abraham vart Israel utvald av Gud til å vera hans paktsfolk. Det begynte med pakta med Abraham, Isak og Jakob, og heldt fram med pakta med Moses og David. I desse paktene fekk Israel del i vedunderlege framtidslovnader og Herren vart “håpets Gud” for dei. Gud gav herlege profetier til Israel, men desse lovnadene var ikkje berre for dette folket, men for heile menneskeslekta og heile det falne skaparverket. Dette kjem tydeleg fram i lovnaden til Abraham:

Continue reading "Israels håp - velsigning til alle menneske" »


Eit fellesskap av folk som ber på draumar

Eg drøymer om eit fellesskap av menneske

som drøymer draumar i samsvar med det målet

Skaparen hadde då han sette seg føre å skapa

Menneske som veit koss dei kan utvikla både seg sjølve

og samfunnet ved å følgja guddommelege naturlover

som heile tilværet kviler på.

Menneske som veit koss dei kan samarbeida

og gjera ting saman for å oppnå meir

enn summen av det dei kan gjera kvar for seg.

Eg drøymer om menneske som ber på dei same draumane,

eig same tru og håp og er drivne av kjærleiken,

og saman arbeider på å verkeleggjera

Guds eige store draum:

nyskapa heile verda

og føra ho fram til herleg fullending


Israels håp er at Gud skal gripa inn i historia

Det sentrale i Israels profetiske håp er at Gud skal gripa inn i historia med ei radikal frigjering frå synda sine katastrofale følgjer. Håpet til Gud handlar om frigjering av verda og historia, og står mot alle freistingar til å blanda seg med mytologiske tankar om eit hinsidig eventyrland. Himmelen har ein ganske stor plass i Israels tru, men han blir aldri tenkt på som Guds folks framtidige heim. Israels framtidshåp ventar på ei gjenreising av det lova landet og med det ei gjenreising av heile verda. Israel såg aldri på himmelen som det eskatologiske endemålet, men såg fram til kva himmelen ville gjera med jorda. At Guds folk til slutt skulle bu i himmelen er ein heilt framand tanke for dei hebraiske profetane.

Continue reading "Israels håp er at Gud skal gripa inn i historia" »


Herren skal tenkja på meg

Solveig og eg har dei siste åra med stor glede og velsigning brukt Salmane som ei bønnebok. Me har funne nokre enkle og faste bønnerytme som kvar dag hjelper oss i vårt felles bønneliv. Morgon og kveld ber me salmane saman. Me har bede oss gjennom Salmane fleire gonger. Det hender nokre gongar at me må smila og le, og takka Gud for at me ikkje akkurat då har det så vondt og fælt som salmisten har det. Som oftast kjenner me oss att i det salmisten skildrar av både gode og vonde kjensler. Salmane gjev oss eit sant bilete av livet med Gud. Her finst både oppturar og nedturar. Me møter begeistring og glede når Gud grip inn og me ser frustrasjon og fortviling når det verkar som om Gud ikkje høyrer oss eller bryr seg om det vonde me møter. Til og med i den djupaste fortvilinga kan me likevel halda fast ved trua på Gud. Eller kanskje det er rettare å seia, at til og med når me ikkje ser eller høyrer Gud, så ber han oss likevel.

Idag bad me salme 40. På slutten av denne salmen finn me orda som eg bruker i overskrifta (Sal 40,18): Herren skal tenkja på meg. I verset framføre snakkar han om alle dei som med iver søkjer Gud. Dei kan fryda seg og gleda seg. Dei som elskar Guds frelse, kan alltid seia: "Stor er Herren!" Men eg, seiser salmisten, er hjelpelaus og fattig. Sjølv om han kjenner seg svak og er i naud, er han ikkje fortvila. Han veit at til og med når han er veik, når han kjem til kort, når han ikkje har det han treng, då skal Herren tenkja på han. Han veit at han alltid er i Guds tankar. Han veit at Herren har gode planar for han.

Dette kan eg ta til meg. Det er det same kva slags kjensler eller tankar som fyller hjartet mitt. Gud er større enn hjartet mitt. Han kjenner alle ting. Han skal tenkja på meg. Difor er han mi hjelp. Om eg kjenner meg hjelpelaus, bergar han meg likevel. Om eg kjenner meg fattig, veit eg likevel at Gud ber meg i sitt farshjarte. Når eg kjem til kort, er hans nåde nok for for meg.

Eg har store utfordringar framføre meg, men eg veit at Herren skal tenkja på meg. Eg er ikkje gløymd. Herren tenkjer på meg. Han ser meg og kjenner meg. Difor har eg berre ei enkel bønn: Herre, miskunna deg over meg! 


Israels framtidshåp kan berre forståast ut frå dei første ting som hende menneska

I forteljinga om våre forfedrar, dei første menneska, møter vi veldig snart forteljinga om det katastrofale syndefallet. Dei første menneske vart forførte, var ulydige, fall i synd og gjorde opprør mot Gud. Det gode og harmoniske fellesskapet med Gud vart øydelagt. Mennesket kom i konflikt med Gud og vart redd for han. Det tillitsfulle forholdet mellom kvinne og mann vart også øydelagt. Gudsbiletet i mennesket vart forstyrra av synda og alle seinare slekter har arva dette. Heile skaparverket kom under forbanning og vart lagt under forgjengelegdom (Rom 8,20). Sjukdom, liding og død er no noko alle menneske vil møta på ein eller fleire måtar i livet på jorda. Følgjene av syndefallet er katastrofale for oss alle. Dette kan likevel ikkje rikka ved den positive skapartrua. Trass i all elende i verda, kan vi framleis sjå at skaparverket er godt og må takast vare på. Det har ei god framtid.

Continue reading "Israels framtidshåp kan berre forståast ut frå dei første ting som hende menneska" »


Dramatisk nedgang i talet på døypte!

Det er Dagen som melder at dåptalet stuper. Berre litt over 50 prosent av alle nyfødde barn blir døypte i statskyrkja. Om denne utviklinga held fram vil under halvparten av alle barn bli døypte. Biletet er ikkje heilsvart, for samstundes får me høyra om ”drop-in-dåp” der fleire vaksne let seg døypa.

I Fokusspalta i same avisa skriv førsteamanuensis Lars Dahle ved NLA Mediehøgskolen Gimlekollen eit flott og tenkjevekkande innlegg om misjon i møte med nominell kristendom. Det var veldig bra at dette innlegget kom samtidig med oppslaget om nedgang i talet på barn som blir døypte i statskyrkja.

Continue reading "Dramatisk nedgang i talet på døypte!" »


Å leva for noko som er større enn seg sjølv

Eg drøymer om menneske som har fått noko større enn seg sjølv

og sitt eige fellesskap å leva for,

som rettar tankane sine mot utvikling av heile samfunnet

så det kan verta alt det er meint å vera.

Menneske som lever i framtida i dag

fordi dei drøymer store draumar

og alt no har smaka kreftene som høyrer den komande verda til.

Menneske som har sine røter

i dei store heltane med tru

som nekta å godta urett og undertrykking

og let draumen om eit rettferdig samfunn driva dei til storverk

fordi dei ser nye utviklingslinjer

og gjer samfunnet betre og varmare.

Dei ser seg sjølv som aktive deltakarar

i eit kosmisk drama der himmel og jord skal samlast i harmoni

Dei ser føre seg eit globalt panorama,

medan dei engasjerer seg i nærmiljøet.

Dei er jordnære kvardagskristne med tru på Den Allmektige

i møte med utfordringar og kriser.

Dei er menneske som ikkje berre står på dørstokken til ei ny tid,

men som ber den nye tida med seg og skaper endring i si notid


Inga fordømminga!

Saman med KF Nordhordland har eg for nokre dagar sidan lese gjennom Romarbrevet. Det er eit brev med djupe teologiske sanningar. Rettferd ved tru åleine og ikkje ved lovgjerningar, ein av fleire frigjerande sanningar i dette brevet. Frå tidleg ungdom lærde eg mange vers i Romarbrevet utanåt. Det var ord om frelse og rettferd ved trua på Jesus. Orda i overskrifta på dette innlegget er henta frå Rom 8,1 som seier: ”Så finst det no inga fordømming for dei som er i Kristus Jesus.” Dette er eit av mine favoritt bibelvers og det har vore til stor trøyst og glede for meg heilt frå eg vart ein kristen.

Eg er vaksen opp i en kristen familie. Eg gjekk på søndagsskole og Yngres. Eg var med mor og far på møte på bedehuset. Då den store vekkinga gjekk over heimbygda mi då eg var ein ung tenåring, kjende eg på kallet til å gje meg over og ta imot Jesus. Eg hugsar godt dei sterke vekkingsmøta i Høylandskyrkja. Emissæren forkynte eit enkelt evangelium om Jesus og korset. Eg sat som regel på galleriet og følgde spent med på kven som gjekk fram for å gje seg over til Jesus. Eg kjende meg kalla. Eg hadde lyst å gå fram, men eg var ikkje modig nok. Eg var for feig. Dette plaga meg eit heilt år. Eg var full av fordømming fordi eg hadde vore for feig til å gå fram i kyrkja og bøya kne for Jesus.

Continue reading "Inga fordømminga!" »


Israels håp er knytt til det gode skaparverket

Universet vart skapt ved Guds ord og mennesket vart skapt i Guds bilete. Gud talte og det skjedde, han baud og det stod der (Sal 33,9,11). Difor står hans profetiske lovnader fast. Guds planar gjeld frå slekt til slekt. Guds profetiske ord er framleis verksam i verda for å føra henne fram til fullending. I det skapte har Gud openberra sitt store namn, sin herlegdom og si makt (Sjå Sal 8,2; 19,2).

Continue reading "Israels håp er knytt til det gode skaparverket" »


Eg ber på ein draum frå barndomen

Så lenge eg kan minnast har eg drøymd om noko meir, noko anna enn den kvardagen eg levde i. Då eg var liten drøymde eg om å verta doktor. Det var på den tida eg var sjukleg. Frå treårsalderen til tenåra var eg inn og ut av sjukehuset heile tida. Doktorane var då dei store heltane mine. Dei lindra smerte og gjorde folk friske. Dei gjorde livet betre for folk. Dei gjekk ikring på sjukehuset i kvite frakkar og såg veldig viktige ut. Dei hadde det travelt for mange ville snakka med dei og ha dei til å sjå på sjukdomen sin. Å vera doktor måtte vera noko av det største eit menneske kunne verta, tenkte eg og drøymde om ein dag å kunna hjelpa folk å verta friske.

Continue reading "Eg ber på ein draum frå barndomen" »


Israels profetiske håp

Det kristne håpet har vorte påverka og blanda med mange allmennreligiøse førestillingar som har si rot i gresk filosofi. Difor har håpet vorte individualisert, åndeleggjort og himmelvendt. Kristenfolket har ikkje vore tru mot sine hebraiske røter: Israels profetiske håp. Det nye testamentet har vorte rive laust frå dei profetiske røtene i Det gamle testamentet og i staden vorte tolka under påverknad av den greske dualismen.

Continue reading "Israels profetiske håp" »


Bønn frå ein som kjenner seg liten

Eg er så liten

Eg er så liten

Eg er berre ei lita glo,

gjer meg til ein eld,

som kan setja andre i brann for deg

og elden din spreiast på jorda.

 

Eg er så liten

Eg er berre ein laus streng,

gjer meg til ei fele,

som du kan spela på

slik at folk blir glade.

 

Eg er så liten

Eg er berre ein liten dråpe,

gjer meg til ei kjelde,

som forfriskar dei trøtte

og mettar dei som tørstar.

 

Eg er så liten

Eg er berre ei lita tue,

gjer meg til eit stort fjell,

som let sin svalande skugge

gje lindring på ei utpint jord

der folk lengtar etter trøyst.

 

Eg er så liten

Eg er berre ei lita fjør,

gjer meg til ei ørn som lyftar vengene sine

og let Andens vind lyfta folk opp

frå dei grå kvardagane

til å bu hjå Den Evige og Herlege!

 

Amen i Jesu Kristi namn!


Har Gud forkasta Israel?

Det er apostelen Paulus som stiller dette aktuelle spørsmålet i brevet til Romarane: Har Gud forkasta eller støytt ifrå seg Israel, folket sitt i Det gamle testamentet? (Rom 11,1). Før han stiller spørsmålet, har han sett ord på den sorga og lidinga han ber i hjartet sitt for dei jødiske landsmennene sine (Rom 9,2). Hans store ønskje er at dei må verta frelste, men hans sorg og fortviling er at dei ikkje kjenner Guds rettferd og difor heller har ikkje bøygd seg inn under rettferda frå Gud (Rom 10,1-3). Vil det seia av Gud har støytt ifrå seg Israelsfolket?

Continue reading "Har Gud forkasta Israel?" »


Alt samverkar til det gode

Livet med Gud er fantastisk. Trua på Jesus Kristus gjev livet meining og framtida god. Å leva i trua på at me er elska av Gud uansett kva me har gjort eller ikkje gjort, gjev oss ei trygg kvile. Me treng ikkje streva for å få Gud til å vera glad i oss. Han elskar oss uansett. Til og med medan me var fiendar av Gud, synte han sin kjærleik mot oss ved at Jesus døydde for våre synder. Det er faktisk slik at me treng ikkje gjera noko for å vera elska av Gud, Det er nok å vera menneske. Alle menneske er skapte i Guds bilete. Me er alle vilja av Gud. Me er alle elska av Gud.

Continue reading "Alt samverkar til det gode" »


Finst det bevis på at Jesus verkeleg stod opp frå dei døde?

I dag feirar kristne over heile verda at Jesus ikkje vart verande i grava, men at han stod opp frå dei døde. Me helsar kvarandre med desse orda: "Han er oppstanden!", "Jesus lever!" Dette er ein flott måte å helsa kvarandre på når me på første påskedag kjem saman for å halda gudsteneste og feira oppstoda. Men finst det bevis på at Jesus stod opp frå dei døde?

Continue reading "Finst det bevis på at Jesus verkeleg stod opp frå dei døde?" »