Previous month:
February 2018
Next month:
April 2018

22 entries from March 2018

Påskeegg - uskuldig pynt, eller?

Mi gode kone har alltid likt å pynta og halda det fint i huset til alle høgtider og jamvel om kvardagane. Ho har alltid gjort seg stor flid med å gjera det koseleg i heimen. Til påske brukte ho å ha det turre ytre skrellet på løkane i gryta då ho koka egg, for då vart dei kvite egga gule. Ho har også malt og pynta egg, både dei me åt og dei ho hang til pynt på bjørkeris. I dag las eg på fjesboka at nokre prestar åtvarar oss mot dette. Dei pynta påskeegga skal visstnok vera eit gammalt symbol knytt til avguden Astarte, og skal handla om å vera eller verta fruktbar. Dei åtvarar difor kristne mot å mala eller pynta egg.

Desse åtvaringane kviler på ei stor misforståing, trur eg. I samband med dei fleste kristne høgtider kjem det liknande åtvaringar. Me får fortalt at jul er eit gammalt norrønt ord som viser til ei heidensk feiring. Julenisser, påskeegg og påskeharar er i same kategori: ein styggedom. 

Continue reading "Påskeegg - uskuldig pynt, eller?" »


Oh Happy Day!

Saman med mange hundre kristne feira me Langfredag i Leicester city centre i dag. Det var skriftlesing, bønn og flott lovsong. Eg vart svært velsigna av den kjende songen "Oh Happy Day." Lovsongleiaren og koret hadde ein eigen vri på teksten der Langfredag var det lukkelege dagen då Jesus tok våre synder bort. Eg måtte jubla og syngja høgt: Oh Happy Day! Dette må vera det rette namnet på denne historiske dagen. Lat oss jubla og vera glade medan me feirar påske og takkar for alt Jesus har gjort for oss.


Kvifor feirar me Langfredag?

Påskefeiringa er den største av dei kristne høgtidene. Denne feiringa har sine røter i den jødiske påskefeiringa av at Gud fria folket ut frå slaveriet i Egypt. I den kristne feiringa er Langfredag heilt sentral. På denne dagen feirar me at Jesus døydde på korset for oss. Han er det verkelege påskelammet som tek bort synda i verda (Joh 1,29). Det kristne evangeliet er Ordet om Korset. Det som skjedde på Langfredag er heilt sentralt for den kristne trua. Forsoninga kviler på dette at Jesus døydde for oss på korset på Langfredag. Dette treng me å feira.

Continue reading "Kvifor feirar me Langfredag?" »


Jesus, miskunna deg over meg

Jesus, du som vart fødd i fattigdom,

Jesus, du som kom for å gje liv og fred,

Jesus, tømmermannen frå Nasareth,

Miskunna deg over meg!

 

Jesus, du som er venn med dei fattige,

Jesus, du som mettar dei som svelt,

Jesus, du som gjer sjuke friske,

Miskunna deg over meg!

 

Jesus, du som velsignar alle folkeslag på jord,

Jesus, du som bryt ned murar og skilje mellom folk,

Jesus, du som er vår felles menneskebror,

Miskunna deg over meg!

 

Jesus, du som er prøvd i alt,

Jesus, du som er kjend med smerte,

Jesus, du som har vunne over vondskapen,

Miskunna deg over meg!

 

Jesus, du som kom for å tena og for å bli tent,

Jesus, du som til fulle har vist oss kva kjærleik er,

Jesus, du som tok vår skuld og straff på deg,

Miskunna deg over meg!

 

Jesus, du som er oppstoda og livet,

Jesus, du som har allmakt i himmel og på jord,

Jesus, du som bur i alle som trur,

Miskunna deg over meg!


Tresoga har fått ein ende

Stump

For nokre dagar sidan fekk eg meg ein god arbeidsdag utanføre Huset i Skogen. Det er tid for å førebu seg for neste vinter. Eit stort oretre - older som dei seier på desse kantane - har eg lenge tenkt å fella og bruka som ved. Treet står ved vasskanten og lener seg utover vatnet. Eg kan berre fella det om isen er tjukk nok. Elles vil det verta for tungt å dra opp or vatnet. Takka vere ein lang og kald vinter var isen no trygg. 

Eg har nett fått motorsaga mi reparert av nokre gode venner. Eg fekk ikkje start på ho og har ikkje innsikt nok til å vøla ho sjølv. Gode venner kan hjelpa med alt. Dei fann ut at det var ei laus leidning som var årsaken til at saga ikkje starta. Det var visst nok lett å fiksa. Så stod eg der med saga i hendene og tok til å fella treet. Sidan treet stod på skakke og lente seg utover vatnet tok eg berre til å saga frå den andre sida. Det gjekk utruleg bra. Kona kom tidsnok til å filma det heile. Det er alltid ein bonus når den gode kona mi filmar det eg gjer, slik at vennene våre i Asia kan sjå kva ein forkynnar driv med i Noreg.

Som biletet viser velta treet lenge før eg hadde saga heile stammen. Vekta var så stor at det gjekk ned med eit brak og braut ein stor bit av botnen med seg. Inne ved land gjekk nokre greiner gjennom isen, men resten av isen ansa ikkje fallet.

Eg tykkjer dette er eit fascinerande og litt vemodig bilete. Det vert mykje god ved av dette treet. Ved av or brenn godt og reint. Slik vil treet verta til velsigning for alle som får varma seg av det neste vinter. Men no ligg det der og sagflata lyser mot meg. Eg kan telja årringane. Treet vart gamalt og stort. No er det over. Tresoga har fått ein ende. No er det vedsoga som tek til. Ei fase er over og ei ny har teke til. Stubben vitnar om noko som var vore. Stammen fortel om meir arbeid som kjem. Han skal delast opp i kubbar som skal splittast til mange vedskiver. Desse skal løast opp og turka i minst seks månader før dei er turre nok til å varma opp Huset i Skogen. Om det vil veksa opp eit nytt tre frå stubben som står att, veit me enno ikkje, men det kan kanskje skje.


Vårteikn

IMG_0400

Snøklokkene har brote gjennom snøen. Det er eit sikkert og kjært vårteikn. Me har hatt ein lang og kald vinter i Huset i Skogen. Heldigvis har me mykje ved å ta av. Me har halde varmen heile vinteren. Men no lengtar me etter vår, sommar og varme. Eg vart så glad då eg såg at snøklokkene hadde brote gjennom snøen. Våren er på gang. Vinteren kjem til ein ende. Snø og frost må vika for varmare ver. Snøklokkene her her. Jamvel om det endå kan koma både snø og frost, veit me at våren er på gang.

Snøklokkene er profetiske blomar for meg. dei vitnar om endring og nytt liv. Det kalde og mørke må vika for det varme lyset og livet. Livet vaknar av dvale. Etter dei tre vintermånadene utan liv, har det kome ein vårmorgon med nytt liv. Halleluja! Mørketida er over. Lyset og livet vinn på ny. 


Herren set kongar av og set kongar inn

Me har vore gjennom nokre politisk dramatiske dagar i landet vårt. Landet kunne vorte kasta ut i politisk kaos. Eg trur at det berre er på grunn av bønn frå mange kristne at landet vårt er spart for regjeringsskifte med all den uro og uvisse det ville innebera. No er det tid for endå meir bønn. Sterke og splittande krefter er verksame i nasjonen. Folk på alle sider av dei politiske skiljelinene treng vår forbønn. Ikkje minst må me be for oss sjølve, for kristenfolket i Noreg, at me må vera audmjuke og miskunnsame så me kan vera med å skapa fred og forsoning i folket vårt. Ingen er tent med den polariseringa me no ser.

Eg ser Guds gode finger i den avgjerda Sylvi Listhaug har teke om å trekkja seg som justisminister. Det var ingen som venta at ho ville gjera det. Redaktør Selbekk i Dagen sa at det ville vera ”u-Listhaugsk”. Korkje partileiaren eller statsministeren hennar hadde bede ho om å gå. Media seier at Listhaug hadde regien heilt åleine. Det trur eg er feil. Eg trur at det er Herren som har hatt regien. Det er han som set inn og det er han som set av (sjå Dan 2,20-21; 4,17; 4,25; 5,21).

Difor seier Guds ord at me framfor alle ting skal bera fram bønn og påkalling, forbønn og takk for alle menneske. Me skal be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så me kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt me gjer (1 Tim 2,1-2). Denne apostoliske formaninga treng me å ta inn over oss som aldri før. I denne tida er det altfor mange kristne som blir rivne med i ein oppheta debatt. Mange roper høgt og bruker harde ord. Det haglar med klagemål alle vegar – i alle retningar. Mykje av det eg ser vitnar korkje om gudsfrykt eller vørdnad. Dei mange skuldingane vitnar ikkje om stille og fredelege liv. Det finst eit sinne som skremmer meg. Det vitnar ikkje om tru og tillit til Gud. Eg ser ein aggressivitet frå kristne menneske som ikkje vitnar om nåde, miskunn og trufast kjærleik. Kor er respekten for andre?

Eg har aldri vore ein Listhaug fan. Eg tykkjer likevel litt synd på henne i dette kjøret ho har vore utsett for. Sjølv kallar ho det ein heksejakt. Eg kan forstå at ho opplever det slik. På den andre sida haustar ho berre det ho sjølv har sått. Ho har berre seg sjølv å takka for den stoda ho har kome i. Når ho seier at Hareide sleikjer imanane opp etter ryggen, er det uhøvisk og ikkje ein politikar verdig. Når ho godkjenner at politiet knuser glassruter for å bryta seg inn i eit kyrkjebygg for bortføra ein kristen småbarnsfamilie, står ho ikkje for kristne verdiar og mistar sjølvsagt tillit. Når ho seier at Ap (og fleirtalet på stortinget) er meir opptekne av å forsvara terroristane sine rettar enn å sikra tryggleiken for landet, går ho langt over streken. At ho heller ikkje høyrer på råd frå sin eigen sjef og slettar utsegnet, gjer det endå verre. At ho ikkje audmjuker seg og bed om tilgjeving, men må pressast til ei orsaking, skaper heller ikkje tillit. Men ho skal ha ros for at ho trekte seg og redda regjeringa.

Lat meg skunda meg og seia at du sjølvsagt kan vera ein god kristen og ikkje vera samd i desse vurderingane mine. I politikken er det rom for at kristne har mange ulike meiningar og løysingar på dei utfordringane me møter i samfunnet. Difor må me be for politikarane våre. Me må be om visdom for dei til å velja dei beste løysingane. Me må be om at dei fremjar rett og rettferd i alt dei gjer. Me må be om nåde for dei så dei kan vera samlande og ikkje splittande, at dei skaper fred og ikkje strid.

Tida for Noreg er no. Guds finger er verksam i landet vårt. Han gjer meir bak ryggen vår enn dei fleste av oss er klar over. I desse dagane må me ropa til Gud om nåde og miskunn for land og folk. Måtte han venda fedrehjarta til barna og barnehjarta til fedrane og skapa forsoning. Måtte han lækja dei såra som hat og vonde ord har skapt. Måtte han gje dei trassige det sinn som rettferdige har. Måtte folket vårt kjenna frelse når syndene blir tilgjevne. Måtte lyset frå det høge gjesta oss som ein soloppgang og styra oss inn på freds og forsoningsveg.

Tekst: Erling Thu


Han styrkte forsamlingane

Dette uttrykket finn me i Apgj 15,41. Det er ei oppsummering av apostelen Paulus si andre misjonsreise, då han vart sendt ut i lag med profeten Silas. I The Passion Translation heiter det at på kvar plass dei gjekk til, så forlet dei forsamlinga sterkare og meir oppmuntra enn ho var før dei kom. Eg trur at dette er eit normalt resultat når apostlar og profetar reiser saman til dei nystarta kristne forsamlingane. Apostlar og profetar er åndelege bygningsmenn. Dei styrkjer og byggjer opp både personar og forsamlingar. Då dei reiste frå ei forsamling la dei att noko verdifullt etter seg. Forsamlingane var sterkare og ved betre mot då dei reiste enn då dei kom.

Paulus er jo veldig klar på at dette er målet med alle kristne samlingar: oppbygging, "lat alt tena til oppbygging!" (1 Kor 14,26). Alle nådegåver er meint å tena til det gode (1 Kor 12,7). Det som taler profetisk, taler til oppbygging, formaning og trøyst (1 Kor 14,3). Den som taler profetisk byggjer opp og styrkjer det kristne fellesskapet. Tungetale i eit offentleg møte må tydast så forsamlinga kan bli oppbygd (1 Kor 14,5). Personleg oppbygging er ikkje nok. Alt me gjer, når me er samla, må vera til nytte og oppmuntring for dei andre.

Oppbygging og oppmuntring heng saman. Å styrkja forsamlingar er å byggja opp og oppmuntra folka som er samla. Å styrkja folk er å setja mot i dei til å gjera Guds vilje og gå på Guds veg. Det var det apostlane og profetane gjorde då dei reiste saman. Me treng desse folka i dag også. Me treng at dei reiser i lag og besøkjer forsamlingane for å styrkja dei og setja mot i dei. Når dei gjer det frigjer dei eit dynamisk liv som fører til vokster og framgang for Guds rike.

 


Er ”Yoga” alltid Yoga?

Det har kome mange innlegg og ulike meiningar om Yoga i Dagensdebatt etter reportasjen om Yoga i kyrkjeleg regi. Det kan verka som vi til dels misforstår og snakkar forbi kvarandre. Eg har fått nokre nyanserte tilbakemeldingar som har vore nyttige. No vil eg prøva å svara på spørsmålet i overskrifta mi og voner å kunna klarleggja lite grann.

Eg står fast ved at Yoga er ei samling av mentale og fysiske teknikkar knytt til hinduisme og buddhisme. Innlegget mitt om Yoga var meint som opplysning og ei åtvaring, men eg ønskte ikkje å seia noko nedsetjande om kristne som ser dette annleis enn meg. Gud ser til hjartet og er den einaste som kan evaluera det som føregår der gjennom bønn og meditasjon.

Kva som er ein god kristen måte å tenkja på, må me gå til Bibelen for å finna og ikkje til humanisme, ateisme eller andre religionar. Som kristne møter me all slags påverknad i samfunnet og blir utsett for filosofi og tankegang som bryt med kristentrua. Det hender ofte at kristne tek om bord ikkjekristnetankemåtar. Ofte lever me som om Gud ikkje finst. Dette er alltid skadeleg. Vestleg rasjonalisme og materialisme er kanskje dei største fiendane for kristentrua i vår tid. Når det gjeld Yoga er eg redd for at me kan opna opp for vonde makter om me gjer rom for hinduistisk tankegang og praksis. Om det berre er snakk om kroppslege øvingar, bør me heller kalla det gymnastikk og pusteteknikk staden for ”Yoga.”

Continue reading "Er ”Yoga” alltid Yoga?" »


Gud arbeider ofte bak vår rygg

Det var min gode venn Bjørn Olav Hansen som brukte uttrykket i tittelen på dette innlegget. Han underviste på den Nasjonale Bønnesamlinga på Grimerud i februar. Ha sa at ofte arbeider Gud meir bak ryggen vår enn framfor auga våre. Denne sanninga gjorde meg godt. Eg gøymde denne setninga i hjartet mitt og har grunda på dette i det siste. To hendingar har vist meg sanninga i desse orda.

For nokre dagar sidan var me på ei leiarsamling på Brandøy i Sunnhordland. Der fortalde Bjørn meg at han hadde møtt ein Guds tenar for ei tid tilbake som fortalde at han hadde møtt Solveig og meg på ei ferje. På den korte ferjereisa hadde me talt Guds ord inn i livet hans. "Livet mitt fekk ei ny retning. Dei orda dei talte til meg, gav meg eit heilt nytt liv." Eg tykte at det var store ord å bruka. Då me fekk vita namnet på denne mannen, kunne eg ikkje ein gong minnast at me hadde talt Guds ord til han. Tenk så stort! Nokre få ord på ei ferjereise hjelpte denne kristne broren inn i ei fruktbar teneste.

I går fekk eg ei anna oppmuntrande melding. Denne meldinga kom frå Hårek, som eg reiste og forkynte evangeliet saman med på sekstitalet. Han bur no i Sverige, men fekk ein telefon frå Noreg. Ein mann spurde om han var den Hårek som var på Sunndalsøra i 1963-64. Då Hårek stadfesta det, sa han at han hadde vore på eit møte, men kom for seint til bussen då han skulle heim til Øksendal ca 1-2 mil frå møtestaden. Då hadde Hårek og eg køyrt han heim. Dette gjorde eit slikt inntrykk på han at han vart ein kristen og er med i ei pinseforsamling. Hårek vart jo sjølvsagt glad for å høyra dette vitnemål og skreiv til meg for å dela denne oppmuntrande hendinga.

Eg vart nok ikkje mindre glad enn Hårek for å høyra dette. Eg hadde fått far til å seia opp ei livsforsikring han hadde teikna på meg som liten gutt. Sidan eg trudde at Jesu gjenkomst stod like for døra, såg eg inga verdi i ei livsforsikring. Gud skulle sørgja for oss og tida var kort. Eg brukte pengane frå livsforsikringa til å kjøpa ein VW varevogn på avbetaling. Det høyrer med til historia at Solveig, som då hadde ein lærarjobb, og tente meir på ein månad enn eg gjorde på eit heilt år, støtta meg økonomisk med 50 kr månaden. (Ho seier det var ei god investering).

Eg sette opp ein stor høgtalar på taket og fekk ordna med ein omformar slik at eg kunne bruka det gamle Tandberg lydbandapparatet til å spela kristen musikk og innby folk til møta våre. Me fekk be med folk til frelse, men resultata var ikkje dei heilt store. Difor vart eg varm om hjartet då eg fekk denne oppmuntrande helsinga frå min gode venn Hårek. Det var sanneleg verdt å seia opp ei livsforsikring, når bilen eg kjøpte kunne verta brukt til å nå menneske med evangeliet. Forkynninga på møtet overtydde ikkje denne mannen, men ei velgjerning, ein liten biltur førte til at han tok imot Jesus! Alt skjedde bak ryggen min!  Det gjekk meir enn 50 år før fekk eg vita om det. Ære til Gud!

 

 


Farlege folk

Det finst veldig mange farlege folk: Farlege journalistar. Farlege leiarar. Farlege sjåførar. Farlege politikarar. Farlege menn. Farlege kvinner. Farlege kriminelle. Farlege religiøse folk. Farlege terroristar. Farlege diktatorar. Farlege doktorar. Farlege lærarar. Farlege utlendingar. Farlege jegerar. Farlege innvandrarar. Farlege kristne. Farlege muslimar. Farlege hinduar. Farlege buddhistar. Farlege soldatar. Farlege pastorar. Farlege biskoppar. Farlege statsrådar. Farlege kateketar. Farlege idrettsfolk. Farlege forkynnarar. Farlege lyttarar. Farlege presidentar. Farlege kongar. Farlege dronningar. Farlege lygnarar. Farlege baktalar. Farlege mordarar. Farlege forretningsfolk. Farlege offiserar. Farlege arbeidarar. Farlege fedrar. Farlege mødrer. Farlege ungdommar. Farlege barn.

Denne lista kan gjerast endelaust lang. Her har eg berre nemnd nokre få av dei mange folka som kan vera farlege. Du forstår kanskje kva eg vil med denne lista? Eg prøver berre å seia, at eigentleg har alle menneske eit farleg potensiale i seg. Bibelen seier at me alle er fødde syndarar. Teologar snakkar om arvesynd og syndig natur.

Continue reading "Farlege folk" »


Yoga

Avisa Dagen fortalde i går at i den komande helga står Yoga på programmet i eit kyrkjeleg seminar om kristen truspraksis. Dialog prest Marianne Bergsjø Gammelsæter seier at Yoga kan vera ei åndeleg øving på lik linje med ulike vandringar, bønneformer, eller for den del, skigåing. Med rette spør Dagen om Yoga er like uskuldig som ein skitur, og slår fast at arrangørane tek Yoga inn i kyrkjevarmen. Dette er ei farleg utvikling eg vil åtvara mot.

Lat meg først slå fast at kroppsøvingar kan vera nyttige til noko, men gudsfrykt er nyttig til alt. Når me kristne går på ski eller er ute i naturen på anna vis, bruker me alle sansane våre og let skaparverket tala til oss. Ein skitur kan vera til stor glede og velsigning og me kan møta Gud i naturen, for alt kjem frå han. Yoga er ingen uskuldig skitur, men heller ein veg inn i heidensk filosofi.

Continue reading "Yoga" »


Min første podcast

I dag har eg vore med på min første podcast. Det er jo ei historisk hending. Slikt må feirast og nemnast slik at flest mogeleg får det med seg. Det er Kjetil Fyllingen, Leder for omGud.net i Norge, Prosjektleder for Preik.tv og nettkonsulent for Damaris Norge, som står bak denne podcasten som han kallar "Lekendelett." Eg trur me kan kalla han ein datamisjonær eller kanskje heller internettmisjonær. Det var ei ære å bli intervjua og han var veldig flink til å stilla gode spørsmål. Tida fór av garde.

Eg gler meg over alle gode initiativ som kristne menneske og organisasjonar eller forsamlingar tek for å forkynna evangeliet og fylla internett med kunnskap om Gud. Kristent Nettverk har nettopp lansert Sennep.net. Denne nettsida ønskjer å inspirera folk til å følgja Jesus i kvardagen. Det er dyktige folk som står bak og eg heiar på dei. Alle slike initiative er positive. 


Guds bøker

Johannes startar evangeliet sitt med å seia at i opphavet var Ordet. Ordet var hjå Gud og Ordet var Gud. Han, Jesus, var hjå Gud, og alt vart til ved han. Utan han vart ikkje noko til, og det som vart til i han, var liv. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og me såg hans herlegdom. Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne Sonen, Jesus, som er Gud, har synt oss kven han er (sjå Joh 1,1-18).

Alle som les Bibelen oppdagar at Gud skriv bøker. Det er jo naturleg at han som er Ordet gjer det. Me høyrer både om Livsens Bok og Sanningsboka som Gud har skrive og framleis skriv i. På den store dommedagen skal bøker opnast og me skal dømmast etter det som står skrive i desse bøkene. Desse bøkene er ikkje tilgjengelege for oss no, og me skal ikkje spekulera i kva som er skrive om oss i desse bøkene. Men det finst to bøker han har gjort tilgjengelege for oss.

Continue reading "Guds bøker" »


Misjon og utdanning

IMG_0133

For nokre dagar sidan fekk me tilsendt ein video frå India som me vart oppmoda å spreia. Innhaldet var så forferdeleg at me ikkje fekk oss til å senda videoen vidare. Me fekk sjå korleis ei ung jente var plaga, slått og til slutt brend levande av ein stor flokk menneske. Ingen prøvde å hjelpa eller berga den unge jenta som vreid seg og skreik i smerte. Mobben heia og klappa i hendene medan ho døydde. Dei som sende oss videoen fortalde at ho vart plaga og drepen fordi ho hadde vore med på eit kristent bønnemøte.

Continue reading "Misjon og utdanning" »


Jesu bønn for oss

I Kristent Fellesskap i Nordhordland har vi ein plan for å saman lesa gjennom Det nye testamentet på eit halvt år. I dag har eg lese Jesu bønn i Johannes 17 i "The Passion Translation". Eg fekk denne av Solveig til jul og gler meg over nye nyansar og friske formuleringar.

I bønna snakkar Jesus om dei som Far har gjeve han, og seier at dei har festa Guds Ord fast til sitt hjarte (v6). Han held fram med å seia at det er desse han bed for med djup kjærleik (v9). Eg vil prøva å nemna noko av det han bed om, når han bed for læresveinane og alle dei som seinare kjem til tru, oss inkludert

Continue reading "Jesu bønn for oss" »


Gud kronar året med gode gåver

Dette uttrykket frå Salme 65 har for Solveig og meg vorte ei helsing frå Gud for 2018. Heile dette året er omkransa og fylt av Guds gode gåver. Dette er ei tid der Herren gjestar oss. Han tek oss inn til seg. Me skal få metta oss av det heilage i hans tempel. Me skal få drikka djupt av Anden. Guds bekk er full av vatn. Når me drikk av Anden gjer han oss overdådig rike på åndelege gåver som byggjer opp andre. Spora hans flyt over av åndeleg rikdom. Han mettar oss med alt det gode i hans hus. Me roper av glede og syng medan me svingar oss i dansen med dei audmjuke som tek imot Guds gode gåver!


Evig varer hans miskunn

Då eg i dag tidleg las Salme 136 oppdaga eg at i kvart av dei 26 versa seier forfattaren at evig varer Guds miskunn. Me finn denne påstanden mange plassar i Salmane. I dag vart eg fanga i denne sanninga og fekk lyst å setja mine eige ord på det, men i same form som salmisten gjorde. Pris Herren saman med meg. Gje Herren ære for alt det gode han gjer. 

Eg takkar Herren for han er god,

Evig varer hans miskunn.

Guds folk skal med stort frimod seia:

Evig varer hans miskunn.

Alle Herrens tenarar skal ropa med glede:

Evig varer hans miskunn.

Alle som fryktar Herren skal seia:

Evig varer hans miskunn.

 

Han er Gud over alle gudar,

Evig varer hans miskunn.

Han er Herre over alle herrar,

Evig varer hans miskunn.

Han åleine gjer store under,

Evig varer hans miskunn.

Han skapte himmel og jord,

Evig varer hans miskunn.

Han skapte menneske i sitt eige bilete,

Evig varer hans miskunn.

Han skapte oss til fellesskap,

Evig varer hans miskunn.

 

Han valde meg ut før eg vart fødd,

Evig varer hans miskunn.

Han forma meg på underfullt vis i mors liv,

Evig varer hans miskunn.

Han elska meg då eg var eit foster,

Evig varer hans miskunn.

Han skreiv dagane mine opp i si bok

Evig varer hans miskunn.

Han gav dagane min form før éin av dei var komen,

Evig varer hans miskunn.

Continue reading "Evig varer hans miskunn" »


Evig varer hans miskunn

Då eg i dag tidleg las Salme 136 oppdaga eg at i kvart av dei 26 versa seier forfattaren at evig varer Guds miskunn. Me finn denne påstanden mange plassar i Salmane. I dag vart eg fanga i denne sanninga og fekk lyst å setja mine eige ord på det, men i same form som salmisten gjorde. Pris Herren saman med meg. Gje Herren ære for alt det gode han gjer. 

Eg takkar Herren for han er god,

Evig varer hans miskunn.

Guds folk skal med stort frimod seia:

Evig varer hans miskunn.

Alle Herrens tenarar skal ropa med glede:

Evig varer hans miskunn.

Alle som fryktar Herren skal seia:

Evig varer hans miskunn.

 

Han er Gud over alle gudar,

Evig varer hans miskunn.

Han er Herre over alle herrar,

Evig varer hans miskunn.

Han åleine gjer store under,

Evig varer hans miskunn.

Han skapte himmel og jord,

Evig varer hans miskunn.

Han skapte menneske i sitt eige bilete,

Evig varer hans miskunn.

Han skapte oss til fellesskap,

Evig varer hans miskunn.

 

Han valde meg ut før eg vart fødd,

Evig varer hans miskunn.

Han forma meg på underfullt vis i mors liv,

Evig varer hans miskunn.

Han elska meg då eg var eit foster,

Evig varer hans miskunn.

Han skreiv dagane mine opp i si bok

Evig varer hans miskunn.

Han gav dagane min form før éin av dei var komen,

Evig varer hans miskunn.

Continue reading "Evig varer hans miskunn" »


Å vandra audmjukt med Gud

Kjenner du nokon som liker å vera i lag med folk som er stolte, arrogante eller hovmodige? Eg kjenner ingen, som liker å vera i lag med slike menneske!  Vi liker ikkje å møta desse haldningane og den oppførselen dei fører med seg. Det er noko inni oss som reagerer når vi møter arroganse og hovmod hjå andre. Det er ikkje like lett å avsløra slike haldningar hjå oss sjølve. Kanskje det til og med er vårt eige hovmod som blir såra, når vi møter hovmod hjå andre?

I den siste tida har eit ord frå profeten Mika 6,8 arbeidd med meg: Å vandra audmjukt med din Gud. Eit liv i rettferd og kjærleik byggjer på eit audmjukt liv med Gud. Å vera audmjuk blir ofte sett på som noko lågt, ynkeleg, krypande, veikt og forakteleg. Det er lite ”macho” å vera audmjuk. Det kristne trua lyftar likevel det å vera audmjuk opp og set det på heidersplassen. Audmjukt er eit skattkammer som rommar alle andre dydar. Eit audmjukt hjarte er grobotn for alt som er rett og godt.

Continue reading "Å vandra audmjukt med Gud" »


Salme 133: Ein song som tek deg høgare opp

Sjå, kor vent og vedunderleg det er

Når sysken lever saman i ekte fellesskap og fred.

Det er som den dyrebare og heilage salveolje

Som renn ned frå øvstepresten Arons hovud,

Som dryper ned i skjegget og renn ned

Heilt til linningen på den prestelege kjortelen.

Denne himmelske harmonien er som doggen

Som fell frå skyene på Hermonfjellet,

Og forfriskar Guds folk på Sion.

Frå denne vedunderlege harmonien

Frigjer Gud si evige velsigning,

Lovnad om liv for alle tider.

Shalom

Av kong David