Misjon og utdanning
Min første podcast

Guds bøker

Johannes startar evangeliet sitt med å seia at i opphavet var Ordet. Ordet var hjå Gud og Ordet var Gud. Han, Jesus, var hjå Gud, og alt vart til ved han. Utan han vart ikkje noko til, og det som vart til i han, var liv. Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og me såg hans herlegdom. Ingen har nokon gong sett Gud, men den einborne Sonen, Jesus, som er Gud, har synt oss kven han er (sjå Joh 1,1-18).

Alle som les Bibelen oppdagar at Gud skriv bøker. Det er jo naturleg at han som er Ordet gjer det. Me høyrer både om Livsens Bok og Sanningsboka som Gud har skrive og framleis skriv i. På den store dommedagen skal bøker opnast og me skal dømmast etter det som står skrive i desse bøkene. Desse bøkene er ikkje tilgjengelege for oss no, og me skal ikkje spekulera i kva som er skrive om oss i desse bøkene. Men det finst to bøker han har gjort tilgjengelege for oss.

I dette korte innlegget vil eg nemna to spesielle bøker Gud har skrive. Desse bøkene har han skrive slik at me kan læra han å kjenna. Då tenkjer eg på Bibelen, som er boka med Guds ord, og på den boka som naturen eller skaparverket er. Begge desse bøkene samsvarar i det dei vil læra oss.

Ein gong nokre liberale teologar kom for å setja Jesus på prøve, sa han til dei: Dokker er på ville vegar, for dokker kjenner ikkje skriftene og heller ikkje Guds makt (Matt 22,29). Her viser Jesus til dei to bøkene me må kjenna, for ikkje å fara vilt. For det første må me kjenna skriftene, Bibelen, som openberrar Guds vilje for oss. For det andre må me kjenna skaparverket som har vorte til ved Guds kraft og viser oss Guds makt, hans evige guddom og vesen.

”Naturboka” vart skriven før Bibelen og er gjennomsyra av Guds lover. Desse kallar vi ofte for naturlovene. Det er lover som gjeld alle stader og til alle tider. Om det ikkje var slik ville vitskap ikkje vera mogeleg. Vitskapen forskar på alt me finn i naturen, frå atom (og det som mindre er) til det uendelege himmelrommet med sine mange galaksar. Dei oppdagar orden og lover. Til og med det som ser ut til å vera kaos, følgjer visse lover, og kan uttrykkjast i matematiske formlar. Naturen er Guds allmenne og offentlege manuskript. Alt det skapte vitnar om Gud.

Bibelen hjelper oss å forstå korleis universet vart til. Det vart skapt av Guds frie vilje og blir halde oppe ved hans kraft. Gud står utanføre det skapte, men elskar det og vil føra det fram til fullending. For Bibelen fortell om det tragiske syndefallet som fekk følgjer for heile skaparverket. Forgjengelegdom, sjukdom, liding og død er no ein del av den ”naturlege verda” me lever i. Opp gjennom tidene har folk strevd med å forstå den vonde lidinga som er ein del av menneskeleg røyndom. For Buddha var det faktum at liding fanst, den første sanning. Å verta fri liding vart det store målet hans. Gnostikarane meinte at den materielle verda var vond.

Bibelen viser oss at skaparverket er godt fordi det er skapt av Gud. For dei første kristne vart inkarnasjonen, det at Gud vart menneske i Jesus Kristus, livet døden, oppstoda og himmelfarten hans, det endelege beviset på at det fysiske livet var godt. Det hadde vorte til for å æra Gud. Christian Science, New Age og hinduisme ser på fysiske problem som illusjonar som kan overvinnast med tankekraft. Bibelen tek dei verkelege problema i den fysiske verda på alvor. Guds ord viser oss at liding er noko Gud hatar. Lidinga kom inn i verda som eit resultat av Adam og Eva sitt opprør mot Gud. Synda hindrar menneska å fullføra oppdraget sitt om å leggja jorda under seg. No er det synd og liding som rår. Det er ein vond kamp for å overleva.

Det nye testamentet forkynner godt nytt. Jesus Kristus kom for å frelsa oss frå våre synder. Han tok vår synd med all si forbanning på seg på krossen. Når me vender om og ber om tilgjeving, kan han tilgje, frelsa og nyskapa oss. Så tek han inn i sin gode plan og sender oss ut for å gjera alle folkeslag til læresveinar. Me får del i oppdraget om å leggja alle ting under hans gode herredømme og vilje. Me blir agentar for endring. Me samarbeider for å gjera verda til ein betre plass for flest mogleg.

Guds to bøker utfyller kvarandre. Dei hjelper oss å ta del i Guds gode frelseplan for menneska og den verda me bur i.

Comments