Farlege folk
Er ”Yoga” alltid Yoga?

Gud arbeider ofte bak vår rygg

Det var min gode venn Bjørn Olav Hansen som brukte uttrykket i tittelen på dette innlegget. Han underviste på den Nasjonale Bønnesamlinga på Grimerud i februar. Ha sa at ofte arbeider Gud meir bak ryggen vår enn framfor auga våre. Denne sanninga gjorde meg godt. Eg gøymde denne setninga i hjartet mitt og har grunda på dette i det siste. To hendingar har vist meg sanninga i desse orda.

For nokre dagar sidan var me på ei leiarsamling på Brandøy i Sunnhordland. Der fortalde Bjørn meg at han hadde møtt ein Guds tenar for ei tid tilbake som fortalde at han hadde møtt Solveig og meg på ei ferje. På den korte ferjereisa hadde me talt Guds ord inn i livet hans. "Livet mitt fekk ei ny retning. Dei orda dei talte til meg, gav meg eit heilt nytt liv." Eg tykte at det var store ord å bruka. Då me fekk vita namnet på denne mannen, kunne eg ikkje ein gong minnast at me hadde talt Guds ord til han. Tenk så stort! Nokre få ord på ei ferjereise hjelpte denne kristne broren inn i ei fruktbar teneste.

I går fekk eg ei anna oppmuntrande melding. Denne meldinga kom frå Hårek, som eg reiste og forkynte evangeliet saman med på sekstitalet. Han bur no i Sverige, men fekk ein telefon frå Noreg. Ein mann spurde om han var den Hårek som var på Sunndalsøra i 1963-64. Då Hårek stadfesta det, sa han at han hadde vore på eit møte, men kom for seint til bussen då han skulle heim til Øksendal ca 1-2 mil frå møtestaden. Då hadde Hårek og eg køyrt han heim. Dette gjorde eit slikt inntrykk på han at han vart ein kristen og er med i ei pinseforsamling. Hårek vart jo sjølvsagt glad for å høyra dette vitnemål og skreiv til meg for å dela denne oppmuntrande hendinga.

Eg vart nok ikkje mindre glad enn Hårek for å høyra dette. Eg hadde fått far til å seia opp ei livsforsikring han hadde teikna på meg som liten gutt. Sidan eg trudde at Jesu gjenkomst stod like for døra, såg eg inga verdi i ei livsforsikring. Gud skulle sørgja for oss og tida var kort. Eg brukte pengane frå livsforsikringa til å kjøpa ein VW varevogn på avbetaling. Det høyrer med til historia at Solveig, som då hadde ein lærarjobb, og tente meir på ein månad enn eg gjorde på eit heilt år, støtta meg økonomisk med 50 kr månaden. (Ho seier det var ei god investering).

Eg sette opp ein stor høgtalar på taket og fekk ordna med ein omformar slik at eg kunne bruka det gamle Tandberg lydbandapparatet til å spela kristen musikk og innby folk til møta våre. Me fekk be med folk til frelse, men resultata var ikkje dei heilt store. Difor vart eg varm om hjartet då eg fekk denne oppmuntrande helsinga frå min gode venn Hårek. Det var sanneleg verdt å seia opp ei livsforsikring, når bilen eg kjøpte kunne verta brukt til å nå menneske med evangeliet. Forkynninga på møtet overtydde ikkje denne mannen, men ei velgjerning, ein liten biltur førte til at han tok imot Jesus! Alt skjedde bak ryggen min!  Det gjekk meir enn 50 år før fekk eg vita om det. Ære til Gud!

 

 

Comments