Farlege folk
09/03/2018
Det finst veldig mange farlege folk: Farlege journalistar. Farlege leiarar. Farlege sjåførar. Farlege politikarar. Farlege menn. Farlege kvinner. Farlege kriminelle. Farlege religiøse folk. Farlege terroristar. Farlege diktatorar. Farlege doktorar. Farlege lærarar. Farlege utlendingar. Farlege jegerar. Farlege innvandrarar. Farlege kristne. Farlege muslimar. Farlege hinduar. Farlege buddhistar. Farlege soldatar. Farlege pastorar. Farlege biskoppar. Farlege statsrådar. Farlege kateketar. Farlege idrettsfolk. Farlege forkynnarar. Farlege lyttarar. Farlege presidentar. Farlege kongar. Farlege dronningar. Farlege lygnarar. Farlege baktalar. Farlege mordarar. Farlege forretningsfolk. Farlege offiserar. Farlege arbeidarar. Farlege fedrar. Farlege mødrer. Farlege ungdommar. Farlege barn.
Denne lista kan gjerast endelaust lang. Her har eg berre nemnd nokre få av dei mange folka som kan vera farlege. Du forstår kanskje kva eg vil med denne lista? Eg prøver berre å seia, at eigentleg har alle menneske eit farleg potensiale i seg. Bibelen seier at me alle er fødde syndarar. Teologar snakkar om arvesynd og syndig natur.
Alle menneske er også skapte i Guds bilete. Difor finst det mykje godt i mennesket. Det finst uendeleg mange gode menneske. Me er alle skapte med eit godt potensiale i oss. Me er fødde med ulike gode evner og talentar. Trass i dette kan me alle vera farlege, både for oss sjølv og for andre. Bibelen gjev oss eit realistisk syn på livet og den verda me lever i. Gud skapte alt godt i si tid, men dei første menneska opna opp for synd, og no er me alle smitta av det vonde.
Alle med litt kjennskap til menneskesoga må innsjå at menneska opp gjennom tidene har hatt ei ufatteleg evne til å påføra andre menneske liding. Me kan berre nemna nazistane sine utryddingsleirar der seks millionar jødar vart utrydda. For ikkje å snakka om dei mange millionar menneske som kommunistane utrydda i Sovjetunionen og i Kina. Me kan også nemna Pol Pots redselsvelde i Kambodsja. Terrorismens stygge andlet har i våre dagar vist seg i mange fryktelege handlingar der uskuldige menneske blir råka. Vårt eige land vart råka av høgrevridd terrorisme i Oslo og på Utøya.
Me ristar uforståande på hovudet når me høyrer om skuleskyting og terrorhandlingar. Me grøssar når me høyrer om barn som blir utnytta eller mishandla av sine næraste. ”At det går an?!”, seier me, ”at folk kan gjera noko så vondt!”
Dessverre oppdagar me at til og med folk med gode intensjonar kan påføra andre menneske liding. Gode intensjonar er dessverre ingen garanti for å ikkje skada andre. Den kjende forfattaren Ronald Fangen skreiv ein roman om ein mann som elska rettferd. Denne mannen såg ein urett som vart gjort. Han vart så hekta på denne uretten, som han ville retta opp, at han til slutt drap personen som hadde gjort uretten. Han elska rettferd så høgt at han vikla seg inn i ein kamp mot uretten, som førte til at han sjølv gjorde ein større urett. Det er ein tankevekkjande problematikk.
Det er lett å skriva og snakka om grupper av menneske som gjer feil og er farlege. Det er lett å sjå andre sine feil, men me kan vera blinde for våre eigne feilsteg. Me ser ikkje korleis folk oppfattar oss. Me kan vera blinde for vår eiga makt. Me forstår ikkje kor mykje folk legg i det me seier og gjer. Orda våre kan vera sårande. Folk kan oppleva kroppsråk og haldningar svært negativt. Misforståingar kan skapa mistillit og djupe sår. Me kan vera både overgripar og offer. Det er farleg når subjektive opplevingar eller kjensler blir opphøgd til å vera den einaste og fulle sanninga.
Farlege folk har ikkje eit kritisk blikk på seg sjølv og vil heller ikkje tillata at andre stiller kritiske spørsmål til det dei seier og gjer. Farlege folk er flinke til å finna feil hjå andre og kjem ofte med anklagar, samstundes som dei prøver å forbetra andre. Farlege folk trur ikkje at dei treng å forandra på noko hjå seg sjølve, det er berre dei andre som kjem til kort og treng omvending. Farlege folk byggjer sitt eige imperium og samlar makt på eigne hender. Farlege folk bruker både teologi og psykologi medan dei støttar seg på mange slag skrifter for å fremja eigne meiningar. Farlege folk gjev ikkje rom for dialog mellom likeverdige partar, men er ekspertar på einvegskommunikasjon. Farlege folk høyrer ikkje på andre, men set eigne opplevingar og kjensler over alt.
Me kan alle vera slike farlege folk. Eg kan vera farleg og du kan vera farleg. Eg har møtt meg sjølv i døra. Gud har vist meg at det er ein djup avgrunn i meg, som gjer meg farleg. Eg er lei meg. Det går inn på meg at eg har såra folk. Eg må tenkja gjennom både mi eiga makt og avmakt. Eg må ta inn over meg at eg kan gjera urett mot andre, både utan å vita det eller å vilja det. Eg har blinde soner og skuggesider som eg må vera medviten om, elles blir eg farleg. Det er berre når eg audmjukar meg og bed om nåde, at Gud kjem med si hjelp.
Ved Guds nåde kan me skapa fred og forsoning. Han kan hjelpa oss å spreia kjærleik der hatet herskar. Han kan hjelpa oss å skapa tru der tvil råder, håp der det er angst og naud. Han kan hjelpa oss å koma med tilgjeving der det er gjort urett, å skapa forsoning der det er strid, å spreia lys der det er mørker, å gje glede der sorg tyngjer. Han kan forandra farlege folk til å bli tenarar for det gode. Han kan gjera farlege folk bli gode folk. Ingenting er for vanskeleg for Gud. Måtte han få sleppa til mellom oss farlege.
Tekst: Erling Thu