Evig varer hans miskunn
Gud kronar året med gode gåver

Evig varer hans miskunn

Då eg i dag tidleg las Salme 136 oppdaga eg at i kvart av dei 26 versa seier forfattaren at evig varer Guds miskunn. Me finn denne påstanden mange plassar i Salmane. I dag vart eg fanga i denne sanninga og fekk lyst å setja mine eige ord på det, men i same form som salmisten gjorde. Pris Herren saman med meg. Gje Herren ære for alt det gode han gjer. 

Eg takkar Herren for han er god,

Evig varer hans miskunn.

Guds folk skal med stort frimod seia:

Evig varer hans miskunn.

Alle Herrens tenarar skal ropa med glede:

Evig varer hans miskunn.

Alle som fryktar Herren skal seia:

Evig varer hans miskunn.

 

Han er Gud over alle gudar,

Evig varer hans miskunn.

Han er Herre over alle herrar,

Evig varer hans miskunn.

Han åleine gjer store under,

Evig varer hans miskunn.

Han skapte himmel og jord,

Evig varer hans miskunn.

Han skapte menneske i sitt eige bilete,

Evig varer hans miskunn.

Han skapte oss til fellesskap,

Evig varer hans miskunn.

 

Han valde meg ut før eg vart fødd,

Evig varer hans miskunn.

Han forma meg på underfullt vis i mors liv,

Evig varer hans miskunn.

Han elska meg då eg var eit foster,

Evig varer hans miskunn.

Han skreiv dagane mine opp i si bok

Evig varer hans miskunn.

Han gav dagane min form før éin av dei var komen,

Evig varer hans miskunn.

 

Han gav meg ein far og ei mor som tok seg av meg,

Evig varer hans miskunn.

Han gav meg tre gode brør, Kjell, Sigurd og Harald,

Evig varer hans miskunn.

Han hjelpte doktorane å halda liv i meg då sjukdomen ville knekkja meg,

Evig varer hans miskunn.

Han gav meg den gildaste kona i verda,

Evig varer hans miskunn.

Han gav oss fire staute søner og to skjønne jenter,

Evig varer hans miskunn.

Han gav oss ti herlege barnebarn,

Evig varer hans miskunn.

 

Han har gjeve oss mange trufaste venner,

Evig varer hans miskunn.

Han har velsigna oss med eit kristent fellesskap

Evig varer hans miskunn.

Han har gjeve oss apostlar som er eit åndeleg vern,

Evig varer hans miskunn.

Han har gjeve oss profetar som taler inn i livet vårt,

Evig varer hans miskunn.

Han har gjeve oss evangelistar som kjem med godt nytt,

Evig varer hans miskunn.

Han har gjeve oss hyrdingar som kjærleg vakar over oss,

Evig varer hans miskunn.

Han har gjeve oss lærarar som opnar Skrifta for oss,

Evig varer hans miskunn.

 

Han tek oss inn i sin varme famn,

Evig varer hans miskunn.

Han auser nåde og velsigning over oss,

Evig varer hans miskunn.

Han elskar oss med ein evig kjærleik,

Evig varer hans miskunn.

Han reiser oss opp når me fell,

Evig varer hans miskunn.

Han tilgjev all vår skuld,

Evig varer hans miskunn.

Han lækjer alle våre sjukdomar,

Evig varer hans miskunn.

Han friar vårt liv frå grava,

Evig varer hans miskunn.

Han kronar oss med miskunn og kjærleik,

Evig varer hans miskunn.

Comments