Å forsvara ein bror
15/03/2018
Paulus hadde store vanskar med å bli godteken i forsamlinga. Då han prøvde å koma inn blant læresveinane, var dei redde for han og tok ikkje imot han. Fortida hans gjorde at mange ikkje hadde tillit til han. Dei rekna han som farleg og ville ikkje sleppa inn i det kristne fellesskapet.
Ja, han hadde i sanning vore veldig farleg for mange kristne, slik han fór fram. Han tok del i drapet på Stefanus. Han fór hardt fram mot dei kristne forsamlingane og husfellesskapa. Han trengde seg inn i hus etter hus og drog ut både menn og kvinner og fekk dei sette i fengsel. Han rasa mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Då han var på veg til Damaskus for å finna kristne menneske han ville ta til fange og føra til Jerusalem, fekk han eit møte med Jesus Kristus som snudde opp ned på livet hans.
I Damaskus talte Gud til ein læresvein med namnet Ananias og overtalte han til å gå og leggja hendene på Paulus så han skulle få att synet sitt. Ananias hadde ein del motførestillingar mot å gå, me gjekk og helste han med desse orda: ”Saul, bror!” Han profeterte over han og døypte han til Jesus Kristus. Ananias tok han med seg til læresveinane som vart fulle av undring då dei høyrde Paulus forkynna Jesus i synagogane. Paulus fekk meir og meir kraft og viste klårt at Jesus er Messias. Etter ei tid la jødane planar om å drepa han. Læresveinane greidde då å smuggla han ut av byen og sende han til Jerusalem.
I Jerusalem freista han sjølvsagt å bli med i det kristne fellesskapet, men det var lettare sagt enn gjort. Hadde det ikkje vore for Barnabas, veit me ikkje koss det hadde gått med Paulus. Barnabas hadde tilnamnet Oppmuntraren. Legen Lukas sa at han var ein god og raus mann, fylt av Den Heilage Ande og tru. Då alle dei andre kristne i Jerusalem var skeptiske og avvisande til Paulus og ikkje trudde at han var ein skikkeleg kristen, møtte Barnabas han på ein annan måte. Gode og rause folk, som er fylte av Den Heilage Ande og tru, let seg ikkje skremma av at folk har ei mørk fortid. Dei trur at Guds nåde kan gje folk nytt liv. Barnabas såg forbi alt det vonde Paulus tidlegare hadde gjort og trudde på han. Han såg Guds nåde i livet hans og tok han i forsvar.
Det var dette uttrykket i den engelske Bibelen eg les for tida som stansa meg i mi daglege bibellesing i morgon: ”Barnabas came to his defense and brought him before the apostles.” Barnabas tok han i forsvar og førte han til apostlane og inn i det kristne fellesskapet. Han trudde på vitnemålet hans. Han stilte opp for han. Han var ein god og raus mann, full av tru. Paulus trong ikkje forsvara seg sjølv, for Barnabas forsvarte han som ein bror.
Barnabas fortalde korleis Paulus hadde møtt Jesus på vegen til Damaskus. Han fortalde om det himmelske synet Paulus hadde sett, om dei profetiske orda som var talt over livet hans og det oppdraget han hadde fått av Jesus. Han fortalde også om koss Paulus hadde vorte heilt forandra, at han ikkje lenger var ein forfølgjar av Jesus, men ein læresvein. Han fortalde om tenesta Paulus hadde, om koss han forkynte og underviste om Jesus Kristus som Messias og Guds Son. Barnabas forsvarte Paulus så godt at apostlane vart overtydde og etterpå gjekk han ut og inn med dei og talte frimodig i Herrens namn. Dei tok imot han som ein bror og han vart verande i lag med dei.
Legg merke til at fortida hans, alt det vonde han hadde gjort, ikkje hadde nokon plass i Barnabas sitt forsvar av Paulus, bror sin. Barnabas korkje avsanna, bortforklarte eller pynta på det vonde Paulus hadde gjort. Jamvel om dei alvorlege brota og overtrampa ikkje låg langt tilbake i tid, så var dei ikkje eit tema for Barnabas. Han berre godtok at Jesus hadde teke imot Paulus og vist han nåde, difor var han ein bror. Han såg at nåden var verksam i det nye livet til Paulus. Det var nok for han. Paulus var ein bror som strevde med å vinna tillit på grunn av alt det han tidlegare hadde gjort. Barnabas såg at Paulus trong hjelp, for skepsisen mot han var stor. Alle var redde han, men Barnabas forsvarte bror sin.
Det er mi bønn at eg og alle kristne må likna på Barnabas. At me får nåde og mot til å forsvara ein bror i staden for å fordømma eller ta avstand frå han. Det er mi bønn at media skal bli fylt av gode forsvar av kristne sysken, jamvel om dei har ei frynsete fortid. Må me vera gode og rause menneske, som er fylte av Den Heilage Ande og tru, slik at me kan sjå Guds nådeverk i menneska og ta imot dei som kristne sysken.