Kva seier Bibelen om fortapinga og helvete?
Hadde ikkje Herren vore med

I Guds nærvær - i hans famn

Me har nett kome heim frå den nasjonale bønnekonferansen på Grimerud. Ved Guds nåde fekk me ei langhelg i Guds heilage nærvær. Gong på gong kom Gud og overvelda oss med kjærleik og nåde. Frå torsdag til søndag tok Gud oss inn i sin kjærlege famn. ”Ungdom i Oppdrag folka” tente oss på ein god måte. Dei gjer ein fantastisk jobb på Grimerud, som har vorte ein stad med Guds nærvær. Me fekk oppleva at Jesus er i huset, midt blant bønnefolket. Det var sterkt å oppleva at dette folket er mitt folk: Der Jesus bur!

Me lever i ei nådetid. Gud gjestar folket sitt. Han tek oss inn i sin famn og viser oss atter sin kjærleik. Dette er det største ein menneske kan oppleva: å bli omfamna av Guds kjærleik og nåde. Fleire og fleire menneske vil no oppleva dette på ein ny måte. Guds nærvær vil kjennast og opplevast djupare og sterkare enn før. Me vil møta Guds heilage nærvær saman med Guds folk og åleine i bønneromet vårt.

Solveig og eg opplever at Salme 65 på ein særleg måte gjeld for oss kristne i Noreg dette året. Lovsongen skal nå nye høgder og utforska nye djupner. Lovnader skal oppfyllast. Draumar skal verkeleggjerast. Gud høyrer bønn. Gud svarar på bønn. Ofte skjer det bak ryggen vår utan at me ser det, men Gud høyrer bønn. Difor kjem me til han. Alle menneske kjem til Gud i si naud og roper om hjelp. Han høyrer og svarar. Alltid og på mange måtar svarar han på underfullt vis.

Til om med når vår skuld blir for sterk for oss, tilgjev han våre brot. Han tek oss inn i sin kjærlege famn og let tilgjeving lækja vår sjel. Når me blir tyngja ned av våre mange synder og feilsteg, dekkjer hans sonoffer over dei alle. I Guds nådige famn blir me heile.

Sæl er den som du vel ut

Og tek inn til deg

Så han får bu i føregardane dine.

Vi vil metta oss med det gode i ditt hus,

Med det heilage i ditt tempel (Sal 65.5).

Me er utvald i Kristus før verda vart grunnlagd til å stå for hans andlet. Ved trua på Jesus har me fått rett til å vera Guds barn. Trass i alle våre feilsteg kan me på grunn av hans nåde stå heilage og utan feil i hans nærvær. Berre på grunn av Fars overveldande kjærleik.

I desse dagane kjem Jesus til oss og tek oss inn til seg. Han tek oss inn i sitt nærvær. Det finst ikkje noko større eller betre enn å sjå inn i hans andlet og møta hans milde auge og kjærlege smil. Det er nåde over nåde. Det er heilt ufortent. Han tek oss inn til seg. Han famnar oss og klemmer oss fast til sitt bryst. Å for ein kjærleik. Å for ein nåde! Me får bu i hans nærvær. Me får leva for hans andlet. Han lyser nåde over oss.

Eg har smakt litt av Guds nærvær mellom Guds folk. Det gjer at eg lengtar etter meir av Jesus. Eg vil drikka djupt av Anden. Eg bed om at Anden skal lyfta meg opp i Guds famn. Eg har berre eit einaste ønskje: å få vera med Jesus!

Comments