UNDERORDNING OG LYDNAD
Feiring

Hindringar for misjon

Det finst mange hindringar for misjonsarbeid, men alle kan overvinnast. Me har lett for å tenkja at ytre politiske, religiøse og samfunnsmessige hindringar er den største utfordringa for misjon. Men eg har oppdaga at i land med forfølging, motstand og eit lovverk som gjer misjon vanskeleg går likevel evangeliet fram. Då me var i India i haust merka me at dei kristne er under eit veksande press. Dei møter veksande motstand og forfølging frå ekstreme hindugrupper. Trass i mange vanskar forkynner våre kristne indiske venner evangeliet og ser nye menneske koma til tru.

Det finst ikkje mange ytre hindringar for å driva misjon i vårt eige land, likevel er det ikkje mange nye som kjem til tru og blir lagde til kristne forsamlingar. Nye undersøkingar viser at folketalet aukar meir enn medlemstalet i kristne forsamlingar i landet vårt. Faktisk er det også slik at talet på forsamlingar som blir lagde ned er høgare enn talet på nye forsamlingar som blir starta. Det viser seg også at nyplanta forsamlingar veks meir enn eldre og etablerte forsamlingar.

Eg er redd at me finn den største hindringa for misjon inni oss sjølve. Materialisme og komfort hindrar oss i å driva misjon i vårt eige land. Dei fleste av oss er ikkje late, men har det travelt og kjenner på tidsklemma. Me blir så opptatte av det gode livet vårt, at me gløymer Jesu ord om å seia nei til seg sjølv og ta krossen opp for å følgja han og bli gjort til menneskefiskarar. Det er lett å bli sløva ned i nyting av den høge levestandarden vår og bli fanga av lysta på alle andre ting som naboen har. Det komfortable livet kveler iveren til å forkynna evangeliet og vinna menneske for Gud.

Nye forsamlingar med fokus på evangelisering veks meir enn forsamlingar med mange aktivitetar. Av og til kan dei mange aktivitetane hindra oss i å vera i nærkontakt med menneske som treng evangeliet. Kristne fellesskap kan bli koselege og sjølvopptatte, slik at me ikkje tenkjer på dei utanføre som ikkje kjenner Jesus. Me kan lett bruka all vår fritid på kristne venner og aktivitetar og gløyma misjonsoppdraget vårt i kvardagen.

Eg prøver ikkje å kasta stein, for eg veit at eg sit i eit glashus. Eg skriv dette innlegget til meg sjølv og mine mange kristne venner som lever eit vanleg kristeleg liv utan å vinna nye menneske for Jesus. Me treng å ta eit oppgjer med oss sjølve og livsstilen vår og bli fokusert på å forkynna evangeliet og gjera folk rundt oss til læresveinar. Eg har vore forkynnar i meir enn femti år, men må innsjå at i dei seinare åra har eg ikkje vunne mange for Jesus i min kvardag. Dette ønskjer eg å gjera noko med, for eg og mitt travle, men komfortable liv er kanskje den største hindringa for misjon i landet vårt.

Kanskje det vil hjelpa om me startar dagen med å be Gud visa oss kven me kan vitna for i dag? Eller å be Gud senda nokon i vår veg som me kan forkynna for? Eller berre be om nåde frå Gud til å vera medviten om at me er misjonærar i kvardagen. Eller kanskje det er nok å be om nåde til å gløyma oss sjølve og sjå folk rundt oss, og berre vera eit medmenneske som lar lyset frå evangeliet stråla i livet vårt?

Tekst: Erling Thu

Comments