Previous month:
September 2016
Next month:
December 2016

2 entries from October 2016

Eit lysande tre

Då eg såg ut av vindauga i dag tidleg, medan eg hadde mi daglege stille stund med Herren i Bibel og bønn, då såg eg eit tre på andre sida av vatnet som skilde seg ut. Det lyste mot meg med sin mørke bakgrunn. Lauvet var haustgult og strålande. Treet spegla seg i vatnet, der det stod heilt åleine av sitt slag. Det berre stod der åleine og strålte av stille fred og djup glede over å vera til. Hausten kan vera sorgfull og tung med mørke dagar og mykje regn og vind på desse kantar. Me fekk nokre svære byger og kraftige vindroser, ja til og med hagl. Men det lysande treet berre stod der med sin haustgule prydnad og lova Herren med fargane sine. 

Me går gjennom mange fasar i livet. Ikkje alle desse fasane er like fargerike eller fruktbare. Me møter både medgang og motgang. Livet er ikkje alltid lett å forstå eller å bli klok på. Det går ikkje alltid slik me ynskjer eller planlegg. Likevel seier Bibelen at når me har vår lyst og glede i å vera trufast mot Ordet frå ”Eg Er”, og heile tida grundar på hans openberrings lys, då står me trygt, likt eit tre planta av Gud, med djupe røter i Guds gledebekk. Då be me ber frukt i kvar fase i livet vårt, uansett korleis omstenda er. Då er me aldri turre og visne, men er friske og fruktbare og lukkast i alt me gjer til Guds ære. Jamvel når det friske lauvet visnar kan me æra Herren. 

IMG_8165
IMG_8165


Ein Gud for alle menneske

Ein kjend kristen eksredaktør har gitt ut ei bok om ein Gud for dei mange. Han ser ut til å meina at konservative kristne sitt bibelsyn er eit av dei store hindra for mange menneske i vår tid. Det kan høyrast ut som om han set menneskeleg fornuft høgare enn det Bibelen seier. Eg oppfattar det han skriv som eit rop etter rettleiing om korleis Bibelen bør lesast og forståast. Her kjem eg med eit lite innspel.

Lat meg først slå fast at Gud er ein Gud for alle menneske. Han har skapt alle menneske i sitt bilete. Han elska alle menneske så høgt at han sende Jesus til å bera synda for alle menneske, til å døy for å døy og ta straffa for alle menneske på seg. Han vil at alle menneske skal venda om og verta frelste. Den Gud vi finn i Bibelen er ein Gud for alle menneske, ikkje berre for mange eller ein viss sort menneske.

Continue reading "Ein Gud for alle menneske" »