Previous month:
November 2015
Next month:
October 2016

3 entries from September 2016

Himmel på jord

IMG_7513

Når me lever i fred med Gud og kvarandre kan me oppleva himmel på jord kvar dag og kor som helst. Likevel er det nokre heilage plassar der himmelen opplevast meir nær enn andre plassar. Bønnekapellet vårt nede ved vatnet er ein slik heilag stad der me opplever himmel på jord.

I dag hadde me ein skyfri himmel der solastrålene glitra som diamantar i vatnet. Me merkar at haust bankar på døra, men i dag var det varmare enn på mange av sommardagane våre. Trea spegla seg i vatnet, det same gjorde den blå himmelen. Fuglane song og den stille freden senka seg over oss. Medan sola varma oss kunne me vera for Guds andlet. Alt var så vakkert, jamvel om hausten med dei visne blada som fell mot marka kjennest vemodig. Skyene som kom då det lei mot kveld skapte også ei god stemning.

Tidlegare i dag arbeidde eg på ein steinmur. Sveitten rann. Pannebandet mitt kunne ikkje halda på alt og salte dropar rann ned i auget. Eg måtte turka dei bort med ei skiten skjorte. Når me arbeider med stein, blir me fort skitne, men det har også sin sjarm. Eg er ein grovarbeidar og steinmuren eg laga i dag er ikkje den finaste eg har sett, men han gjer nytta. Det meste her me bur på landet i huset i skogen er ikkje fullkome. Langt i frå. Merka etter grovarbeidaren ser du alle stader. Kjem du hit vil du fort innsjå at me bur ikkje i kongens slott. Huset i skogen liknar meir på ein husmannsplass. Me er jo berre vanlege folk, så me kjenner oss heime her.

Det store er at her opplever me himmel på jord. Når me kvar morgon bryt brødet og deler vinen med kvarandre, er det himmel på jord. Når me kan be og lovprisa Gud saman, har me himmel på jord. Når Solveig dekkjer bordet og tryllar fram dei herlegaste rettar, då har me himmel på jord. Når det sprø og nybakte glutenfrie knekkebrødet med brunost og solbærsyltetøy knasar mellom tennene, er det himmel på jord. Når venner kjem på besøk og drøsen går livleg over ein kopp ekte indisk te, er det himmel på jord.

Me takkar ofte Gud saman for hans miskunn, godleik og nåde mot oss. Me er velsigna som har kvarandre og me har fått nåde til å sjå og nyta velsigning frå Gud i både små og store ting. 


Samfunnet med dei heilage

Eg elskar
samfunnet
med dei heilage.
Der hjå menneske
i kjøt og blod,
møter eg Jesus Kristus
i kvar ein bror.
 
Der finn eg det eg søkjer,
der er kvile, 
der er fred, 
der er lindring
- for alle sår,
der får livet meining
- i teneste
for Gud og kvarandre,
der eg gjev og der eg får
miskunn,
medkjensle,
og hjelp
i kvardagsvanskar.
 
Eg elskar 
samfunnet
med dei heilage
idag meir enn før,
for no har eg vore åleine
mellom folk
og i eit bur
der bannskap sviv i lufta,
der vegger og tak
er tapetserte 
med nakne kvinner,
- det er så sjeldan
eg møter brør.
 
Frå diktsamlinga mi Condeep, Ansgar Forlag, 1976 
 

Misjon i ei tid med terror

Me har nett minnast terroren som råka Noreg for fem år sidan. 77 menneske vart brutalt drepne. Minnefeiringane var ikkje over før me fekk meldingar om terror handling i München der liv gjekk tapt. Kvar einaste veke har me i den seinare tid fått meldingar om grusame terrorhandlingar omkring i verda. Me lever i ei tid med terror.

Kristne minoritetar blir ofte utsett for terrorhandlingar i mange land utan at norske media syner noka interesse om å gjera det kjend. Kyrkjebygg blir brend ned, mange kristne blir drepne, andre blir banka opp, skamslegne og jaga frå hus og heim. Me får meldingar frå mange land i Asia om auke i terrorhandlingar retta mot kristne. Folk me kjenner fortel om vald, trugsmål og terrorhandlingar som har som mål å skremma dei kristne frå å forkynna evangeliet og gjera folk til læresveinar.

For nokre dagar sidan hadde me besøk av Victor John, som leiar eit stor nettverk av veksande forsamlingar i India som sidan nyttår har sett gjennomsnittleg 182 nye menneske koma til tru og bli kristne kvar einaste dag. Han fortalde om korleis dei kristne er under aukande press frå ekstreme hindu grupper som blir meir aggressive og brutale. Alle dei indiske vennene våre seier det same. Terrorhandlingar mot kristne blir meir og meir vanleg. Nokre av vennene våre vågar ikkje lengre å ha store gudstenester for å ikkje bli utsette for vald.

Victor John sa: ”Når me møter terrorhandlingar, vald og trugsmål, er det ikkje tid til å trekkja seg tilbake eller å gøyma seg. Då er det ikkje tid til å bli skremd, men tid til å vera modig og djerv, og forkynna evangeliet med endå større kraft. Evangeliet er Guds kraft til frelse og forandring. Til og med motstandarar og terroristar kan bli frelste til å leva eit nytt liv!”

Denne haldninga hans rørte ved meg og er nok ein del av forklaringa på at dette nettverket sidan nyttår har sett meir enn 36000 ta i mot Jesus Kristus som frelsar og Herre. Me må ikkje la terror skremma oss. Me må ikkje gje opp i urolege krisetider. I denne tida med terror og politiske og økonomiske omveltingar og uro, treng folk evangeliet meir enn nokon gong før!

Evangeliet skaper lys i mørke. Evangeliet gir håp og nytt liv. Evangeliet er vår trygge heim som tar imot bortkomne barn og flyktningar. Evangeliet er godt nytt for alle menneske som lengtar etter fred og forsoning.

Det har kome mange menneske til landet vårt som rømmer frå krig og terror. Lat oss møta dei med kjærleik og omtanke. Lat oss ta godt imot dei og inkludera dei i våre fellesskap. Lat oss først og fremst gje dei evangeliet om Jesus Kristus som har overvunne hat, synd, død og grav, og som gir oss sin fred i ei uroleg tid.

Tekst: Erling Thu