Previous month:
August 2015
Next month:
September 2016

2 entries from November 2015

Ei trist utvikling

Det var ein trist dag for heile kristen-Noreg, då heile bisperådet for kort tid sidan vedtok å innføra vigselliturgi for samkjønna par. Det er heilt utruleg, at såkalla konservative biskopar, kan gå inn for eit slikt vedtak. Dei kallar det ei ”realitetsorientering”. Eg kallar det eit knefall for tidsånda, eit totalt nederlag for ei kristen tru. No er det ingen biskopar i statskyrkja som kompromisslaust står for det Guds ord seier om ekteskapet. Det er veldig trist.

Det er mange år sidan eg melde meg ut or statskyrkja. Difor vil kanskje nokon meina at eg ikkje har rett til å seia noko om det som hender i det som blir kalla Den Norske Kyrkja. Likevel kan eg ikkje teia. Det triste som no går føre seg i statskyrkja angår alle kristne i dette landet. Det største kyrkjesamfunnet i Noreg, dei som i alle år har gjort krav på å forvalta Sanninga (med stor S), har no forkasta Bibelen som norm for kristen tru, lære og liv. Det er dramatisk og svært trist for alle kristne i dette landet.

Dei såkalla konservative biskopane har gjort ei ”realitetsorientering”, som inneber at dei bøyer seg for folkemeininga slik ho har kome til uttrykk i eit demokratisk val. Sagt på denne måten, kan det høyrast fornuftig ut. Det likevel svært ufornuftig, men er ei følgje av eit anna ufornuftig vedtak dei har gjort tidlegare. Dei har for lenge sidan vedteke at synet på homoseksuell praksis ikkje er kyrkjesplittande. Det er eit vedtak ingen bibeltruande kristne kan forstå. I praksis er desse syna, som motseier kvarandre, splittande.

Bibelen fordømmer all seksuelt samliv utanføre ekteskapet mellom mann og kvinne. Bibelen seier at korkje dei som bryt ekteskapet (driv hor), eller menn som ligg med menn eller lèt seg liggja med, skal arva Guds rike (1 Kor 6,10). No har alle biskopane vedteke at det skal lagast ein liturgi for noko Bibelen seier fører i fortaping! Det er svært trist!

Rett nok skal det framleis vera rom for prestar å seia det bibelen seier, men dei må leva med at biskopane har vedteke at det skal vera to syn i kyrkja. To syn, som motseier kvarandre, skal leva side om side. Det kan ikkje vera fornuftig. Den praksis, som somme prestar vil seia fører til fortaping, skal andre prestar i den same kyrkja velsigna i Guds namn. Eg grøssar ved tanken.

Å setja den kyrkjelege einskapen, som berre er ein ytre, organisatorisk einskap, over Guds ord, er ein farleg tankegang. Sann kristen einskap kan berre finnast på Ordets faste grunn! Å gje rom for lære eller praksis, som strir mot Guds ord, vil aldri skapa einskap, men heller splitting.

Alle som elskar Jesus, elskar hans bod. Alle som elskar Gud, elskar hans ord. Eg vil oppmoda alle kristne til å vera frimodige i å halda fram kva Guds ord seier. Eg vil også oppmoda alle som har Jesus Kristus som Herre, å be for sann einskap mellom dei kristne i landet vårt, i samsvar med Jesu bønn i Joh 17. Eg vil oppmoda til forbønn, for alle medlemmene i statskyrkja som er født på ny, at dei får mot til å stå for Guds ord og at dei modig må vurdera om dei skal bli verande som medlemmer i ei kyrkje, som går imot det Guds ord seier.

Framfor alle ting må vi gå i forbønn for folk og land. Vi må be om frelse for folket vårt. Vi må ropa til Gud om vekking. Det er tid for Guds folk å venda tilbake til Gud, i omvending, bønn og faste. Kanskje Gud endå ein gong vil koma og lækja landet vårt?

Tekst: Erling Thu


Det lukkelege livet

Lukkeleg og velsigna er dei som går på Guds veg!

Dei følgjer ikkje råd frå lovlause.

Dei gjer seg ikkje til eitt med livsstilen til syndarar.

Dei slår seg ikkje til ro i fellesskapet til spottane.

Dei har si lyst og glede i å vera trufast mot Ordet frå ”Eg Er”.

Heile tida grundar dei på hans openberrings lys.

Derfor står dei trygt, likt eit tre planta av Gud,

med djupe røter i Guds gledebekk.

Dei ber frukt i kvar fase i livet sitt.

Dei er aldri turre og visne,

Men er friske og fruktbare og lukkast i alt dei gjer.

Slik er det ikkje med dei lovlause.

Dei er lik tørt støv som spreiest for vinden.

Difor kan ingen skuldige bli ståande i dommen, for Gud vil ikkje forsvara dei.

Ingenting dei gjer vil lukkast eller vara lenge,

For dei har ikkje del i livet til dei som lever etter Guds ord.

Kor annleis det er for dei som elskar Gud!

Herren vaker over dei når dei går fram på Guds veg,

Mens stigane til dei lovlause endar berre i øydelegging.

Salme 1 - Parafrase av Erling Thu