Previous month:
December 2014
Next month:
November 2015

1 entry from August 2015

By og land

Frå januar og fram til no har me levd både i byen og på landet. Vintaren og våren var tid for nye eventyr. Me fekk oss ein bustad i Stavanger og vart med i huskjerkå i Randaberg.  Me avlyste alle dei faste misjonsreisene våre for å fokusera på vårt eige land. Det har vore ei rik tid med mange folk og ulike aktivitetar.

Eg har heilt gløymd å blogga. Korte oppdateringar på fjesboka har teke over. No står hausten for døra med nye eventyr. Sommaren har me for det meste brukt i huset i skogen saman med barn og barnebarn som har kome og gått.

Lys og Salt på Hedmarktoppen og Without Borders 2015 var gode storsamlingar saman med Guds folk. Undervisning, forkynning, lovsong og fellesskap er nøkkelord for desse samlingane. Me har vorte oppglødde og styrka. No ser me fram til kva Gud skal gjera i dagane som kjem.

Me har vorte ein slags pendlarar mellom by og land. Det har til tider vore travelt, for eg har vanskeleg for å svara nei, når eg blir spurt om å koma og vera med på ting. Huset i skogen har vorte ein stad i Guds nærvær, ein stad til å roa ned i Guds fred. Her kan me trekkja oss tilbake og lada hjartebatteria. Å arbeida med nevane, å kjenna sveitten renna, regnet piska mot andletet og høyra vinden susa i tretoppane er forfriskande for både kropp og sjel.