Previous month:
September 2014
Next month:
August 2015

3 entries from December 2014

Gullbryllaup

Gullbryllaup

Idag feirar Solveig og eg gullbryllaup. Nyttårsfaftan i 1964 sa me sa til kvarandre og ved Guds nåde har me fått vera tru mot kvarandre i både gode og vonde dagar. Eg vart forelska i Solveig då eg berre var 14 år og måtte jobba hardt og lenge for å få henne til mi kone. Karamellar, ekte Smørbukk, brukte eg til å gje henne for å få henne til å sjå meg. For 58 år sidan fekk eg halda henne i handa då me gjekk rundt juletreet og song songar på juletrefesten på bedehuset Ebeneser på Ganddal. Ho var meir enn eit hovud høgare enn meg og eg såg opp på henne og sa at ho song så fint og hadde slik ei fager røyst. Eg trur dei rosande orda var den første kjærleikspila som råka henne i hjartet. Åtte år seinare gifta me oss.

Me har alt hatt ei stor feiring av Gullbryllaupet saman med heile familien på bursdagen min, for då kunne alle samlast. Idag feirar me saman med Hanna og den gilde familien hennar.

Solveig har vist seg å vera den beste og gildaste kona i verda. Ingen kan samanliknast med henne. Ho overgår alle dei tusenar eller kanskje millionar av kvinner eg har møtt i mitt lange liv! Eg takkar Gud for dei femti åra me har fått saman og ser fram til nye eventyr saman.


Julehelsing

  IMG_3017

Det nærmar seg jul og avslutning på eit velsigna år i teneste for Herren. No er det tid til å senda ei lita helsing frå oss i huset i skogen. 

Misjonsreisene våre til India, Nepal og Sri Lanka er nokre av dei store høgdepunkta som me ser tilbake på med stor glede. Me har opplevd Guds nærvær og sett under henda. Me er rørt til tårer når me ser folk få møta Gud og få nytt liv ved trua på Jesus. Det er stort å sjå ungdomar verta døypt i Den Heilage Ande, tala i nye tunger og ta til å profetera. Det er tydeleg at Gud reiser opp ein ny profetisk generasjon i desse landa og det gler oss stort å sjå unge profetiske folk veksa fram

Ved Guds nåde har me fått vera med å forkynna Ordet mange plassar rundt om i landet. Me er glade for å vera med i gruppa på Seim og i forsamlinga her i Nordhordland, og vera ein del av eit rikt arbeid på Vestlandet. Elles har me hatt gode opplevingar med forsamlingane i Tromsø, Vesterålen, Trondheim og Oslo. Me gler oss over framgang for Gud rike på alle desse stadene.

Dawnkonferansen var ei stor oppleving og varsla eit tidskifte i landet vårt. Påskekonferansen på Grøtavær utanføre Harstad var ein skikkeleg opptur der Noralv og oss delte på forkynninga. Lys og Salt på Hedmarktoppen var svært oppmuntrande og trustyrkjande. Det er alltid godt når storfamilien kjem saman og me får drøsa og radla med folk me ikkje har sett på lenge. I juli fekk me også med oss bibelveka i England og vart velsigna av forkynning og gode rapportar om framgang for Guds rike.

I huset i skogen har me hatt mange besøk av både unge og eldre. Me liker å ha ein open heim og set pris på at folk vil bruka tid i lag med oss. Me har hatt profetsamlingar og ulike grupper frå distriktet på besøk. Herrens nærvær er alltid med oss.

I sommarferien hadde me først besøk av Daniel frå Tromsø som hjelpte meg å byggja eit bønnekapell for Solveig. Seinare kom Brenda og Zephry til oss ei veke. Det var tid med godt fellesskap og styrking av ein lang vennskap. Me møtte dei første gongen i 1990 og har sett ei stor forsamling med meir enn 50 husforsamlingar og om lag 1500 læresveinar veksa fram i Jaipur og mange nye forsamlingar starta andre plassar. Bibelskulen som KF i Bergen trufast har støtta sidan starten er ein av nøklane til denne gode voksteren.

Hausten har vore ekstra travel med mykje reising. Me har vore i Sri Lanka, England, Nepal, India og Kenya. Me takkar Gud for god helse og stor nåde til å stå på i tenesta.

Solveig vart 70 år i februar og fekk ei fin feiring på Nordgardsløa på Frekhaug. No står ei ny feiring for døra. Nyttårsaftan er det 50 år sidan me gifta oss, men me skal feira gullbryllup den 21.12.2014 på Gullbotn med heile familien samla. Det gler me oss til.

Då me hadde gifta oss for femti år sidan, flytta me i tru til Odda for å tena Gud der. No har me saman tent Gud i femti år. Det har vore ei rik tid. Men Gud kallar oss til nye eventyr. Gjennom profetord og påfølgjande tid i bønn har me fått ei klar retning for arbeidet for neste år. I 2015 kjem me til å ha eit klart fokus på Noreg. Alle misjonsreisene er avlyst for 2015. I staden kjem me til å bruka om lag to veker kvar månad i Stavanger.

Over ein litt lengre periode har Gud talt profetisk til oss gjennom både apostlar og profetar om eit oppdrag Solveig og eg framleis har i landet vårt. Men tidleg i sommar vart dette aktualisert på ein ny måte då profeten Håvard Kjøllesdal brått vende seg til oss i ei teamsamling og profeterte til oss om at me er viktige for det som skjer i Noreg, at oppdraget som Gud har talt om står fast og at det er tid til å fokusera på oppdraget i Noreg no! Dette ordet slo ned i hjartet og sette i gang ein prosess av å søkja Gud for å få vita kva dette innebar for oss. Me kjende at me kunne ikkje berre halda fram som før, me måtte verta leia av Anden på ein ny måte. No er det tid til å handla på ordet frå Gud!

I løpet av sommaren har Gud haldt fram med å tala til oss. Me har fått fleire profetiske ord frå mange folk om oppdraget i Noreg. Ikkje alle desse orda har vore like konkrete, men dei har alle gått i same retning: Det er tid for oss å fokusera på arbeidet i Noreg. Det er tre ting som har vorte klart:

1. Gud vil me skal vera ei klar og tydeleg røyst i landet vårt.
2. Gud vil me skal vera med å reisa opp ein ny profetisk generasjon i nasjonen vår som vil gjera Guds folk til eit profetisk folk som kan venda landet vårt til Gud.
3. Gud vil me skal bruka tid i Stavanger for å vera ein del av det Gud gjer og har lova å gjera i heile Stavangerregionen.

Me kjenner oss skjelvande over dette store oppdraget, samstundes som me gler oss som ungar som skal ut på ei spennande reise. Me trur at det ligg ei spennande tid framføre oss. Me kjenner oss heilt avhengige av Guds hjelp og frisk salving av Den Heilage Ande. Dette er hovudgrunnen til at me sender dokker denne julehelsinga. Me treng forbønn og spør med denne helsinga om dokker vil stå med oss i bønn?

Me ønskjer dokker ei gledefylt jul og eit velsigna nytt år!

Kjærlege helsingar frå

Solveig og Erling