Previous month:
June 2014
Next month:
September 2014

5 entries from July 2014

Eg har ein draum

IMG_4692

Eg har ein draum

Eg drøymer den draumen som dei heilage profetane skildra

Eg drøymer om å sjå Guds draum for menneska oppfylt

Eg drøymer om Guds rike som skal forandra verda

Eg drøymer om Guds herlegdom som skal fylla jorda

Eg drøymer om at nabolaget mitt skal verta frelst!

 

Eg har ein draum

Eg drøymer om liv og driv på grasrotplan

Eg drøymer om kristne som forkynner evangeliet om Guds rike.

Eg drøymer om kristne som vinn nye menneske for Jesus.

Eg drøymer om at alle kristne minst ein gong i livet er med på å starta eit ny fellesskap!

Eg drøymer om forsamlingar som plantar nye forsamlingar!

Eg drøymer om levande forsamlingar i kvar einaste bygd i landet vårt!

Eg drøymer om kristne fellesskap i kvar skulekrins i kvar einaste by!

Eg drøymer om at alle kristne tilhøyrer ei levande forsamling i gåavstand frå der dei bur!

Eg drøymer om at kristne familiar startar husfellesskap der dei bur!

Eg drøymer om mange nye fellesskap i alle nærmiljø

 

Eg drøymer om store samlingar av alle kristne i same distrikt

Eg drøymer om forsamlingar som apostoliske basar og senter for forsamlingsplanting.

Eg drøymer om nettverk av mange apostoliske og profetiske arbeidslag!

Eg drøymer om å kunna trena og senda ut hundrevis av folk som vil planta nye fellesskap kvart einaste år – både her til lands og i mange andre land!

 

Eg har ein draum

Eg drøymer om at Gud skal få si forsamling for seg sjølv

Eg drøymer Guds draum: om Jesu brur og forsamling på Guds måte!

Eg drøymer om at Gud skal få forsamlinga si slik han vil ha henne: Heilag, feilfri, herleg, strålande til Guds ære i alle ting!

Eg drøymer om eit folk som gjev Gud det Gud vil ha: tilbeding og heilagt liv.

Eg drøymer om folk som er heilhjarta for Gud og tener han med heile seg.

Eg drøymer om eit audmjukt folk som lever i Guds nærvær.

Eg drøymer om folk som syner trufast kjærleik og praktiserer lojalitet i alle relasjonar

Eg drøymer om folk som er gode og miskunnsame.

Eg drøymer om folk som skaper fred

Eg drøymer om folk som talar sanning på ein kjærleg måte.

Eg drøymer om folk som er kjenneteikna av Guds heilage nærvær og hans nådige kraftgjerningar!

Eg drøymer om eit fellesskap utan generasjonsskilje

Eg drøymer om eit fellesskap av unge og gamle som elskar Gud.

Eg drøymer om eit fellesskap kor alle får rom til å vera seg sjølv.

Eg drøymer om folk som ikkje er redd for motstand, folk som ikkje kjenner frykt for framtida.

Eg drøymer om folk som gjev akt på den profetiske røysta og lyder ordet frå Guds munn.

Eg drøymer om folk som raust sår evangeliet, og difor haustar inn folk til Guds rike i store mengder.

Eg drøymer om store byar som vender seg til Gud.

Eg drøymer om alle slags etniske grupper som vender seg til Gud.

Eg drøymer om alle slags folkeslag som søkjer Herren.

 


Redningsvesten

IMG_4749

Eg har aldri kjend meg heime i vatn. Eg er nok ein landkrabbe å rekna. Jo, eg kan symja, - just så vidt. Kona har hjartet i halsen kvar gong eg prøver å symja. Ho tykkjer eg ligg så djupt i vatnet, og er redd eg skal forsvinna i djupet. Eg trur eg er endå reddare for svarte djupet under meg når eg strevar med å halda meg flytande og nå eit mål nokre meter framme. Kona si forklaring, på at eg ligg så djupt i vatnet, er at eg må ha veldig tunge bein. Mi forklaring er heilt enkelt at eg ikkje er skapt for vatn.

Det er her redningsvesten kjem inn. Då me flytta til huset i skogen, og fekk ei strandlinje på 40 meter til Storavatnet med på kjøpet, fekk me oss robåt og redningsvestar. Ingen får vera i båten utan redningsvest på. Dette er ein fastspikra regel alle må fylgja. Det hjelper ikkje at dei er gode til å symja, for i robåten må dei ha redningsvest på. Eg tykkjer det er ein god regel. Eg ville aldri ha våga å vera i ein robåt utan redningsvest om eg ikkje kunne stå botn i vatnet. Vatnet vårt er så djupt at ingen han stå botn. Til og med Eifeltårnet ville ha problem med å stå botn i vatnet vårt. Så djupt er det, trur eg!

Me har strandlinje, men inga sandstrand. Det er litt gjørmete søkkebotn, men for det meste er det svaberg rett ut i vatnet. Det er uråd å vassa, men det finst nokre små berghyller me kan stå på før me legg ut for å symja. Barnebarna berre hopper i vatnet, så spruten står. Eg ville nok aldri våga meg uti om det ikkje hadde vore for redningsvesten. Eg liker ikkje å symja når eg ikkje står botn. I tillegg er eg ein pyse og toler ikkje kaldt vatn. Å ha vatn over hovudet, eller å dukka under vatnet, står for meg som den verste tortur.

I fem år har eg kunna gleda meg over å kunna symja i vatnet vårt med redningsvesten på. Eg har framleis pusta og pesa medan eg kava og streva med symjetaka for å koma meg fram og tilbake. Det store var at eg var i vatnet saman med barnebarna. Med vesten på kjende eg meg litt trygg, men eg streva fælt heilt til eg for kort tid sidan gjorde ei revolusjonerande oppdaging.

Eg oppdaga at redningsvesten hadde nok oppdrift til å halda meg flytande utan at eg gjorde noko som helst. Eg kunne faktisk stå i vatnet, eller berre leggja meg på ryggen og la redningsvesten bera meg. Dette var ei stor oppdaging. No kan eg slappa av i vatnet. No veit eg at redningsvesten vil berga meg. Eg treng ikkje gjera noko for å halda meg flytande. Eg kan faktisk ikkje gå under når eg har redningsvesten på! Det er dette som kallast nåde. Det er slutt på sjølvstrevet. Eg er så letta. Ei stor bør er teken av akslane mine. No kan eg nyta å vera i det djupe vatnet. Det er herleg å leggja seg på ryggen og spratla med føtene så spruten står i vêret.

Denne sommaren har eg bada meir enn nokon gong før. Vêret har vore flott. Vatnet har vore godt og varmt. Redningsvesten har bore meg kvar einaste gong. Fyrst no har eg kunna nyta å vera i dette djupe vatnet, takka vere redningsvesten. Nåden ber meg kvar einaste dag!

 


Hald kjærleiken levande

IMG_2673

Det er Solveig som har skore ut dette hjartet i treet nede ved vatnet vårt. Eg veit ikkje kvifor ho gjorde det, men eg tek det som ei påminning om hennar varme kjærleik. Me har nettopp feira at det er 51 år sidan me trulova oss og snart 50 år sidan me gifte oss. Gud har vore god mot oss og gjeve oss nokre gode år saman. Tenk, framleis skjer kona mi hjarte i tre, slik unge forelska folk gjorde i vår tid. Eg veit ikkje, om unge folk skjer hjarte i trea lenger, for å visa at dei er forelska.

Det er tydeleg at kona mi er forelska. Ho strør kjærleiksteikn om seg, i alt ho gjer heile dagen. Eg prøver så godt eg kan eg også, men kona er den beste. Me har begge oppdaga at me må arbeida på å halda kjærleiken varm og brennande. Om kjærleiken ikkje får næring, vil han kolna og kanskje døy. Når det hender, seier folk at dei har vakse frå kvarandre. Eg ville ikkje kalla noko slikt å veksa, det liknar meir på å verta liten og sjølvsentrert. Når me veks som menneske, veks evna til å elska, tilgje, tola, og å få fram det beste i andre, serleg i ektemaken.

I huset i skogen blømer kjærleiken berre meir enn før ved Guds nåde. Solveig blir berre gildare og gildare, men utan Guds nåde hadde me begge kome til kort. Å leva i nåden hjelper oss å leva i kjærleiken. Det er herleg å sleppa å stilla krav og endå herlegare å sleppa å streva for å oppfylla krav. Kjærleiken kviler i nåden. Når me ser kvarandre med nådige auge er det lett å vera glad i kvarandre!


Bondeskulptur til minne om Hans Nielsen Hauge

 

20140627_181138.jpg

 

Denne skulpturen står på Feste i Nordhordland. Eg oppdaga han då eg besøkte Bjarne Nordbustad for kort tid sidan. Bjarne har vore bonde, misjonær, emmisær og er ein multikunstnar. På bruket hans står det mange kors og skulpturar med ein bodskap til alle med opne hjarte.

Denne plogen står som eit minne om Hans Nielsen Hauge som var ute på marka og pløgde då Den Heilage Ande kom over han. Han gjekk frå marka og heim til mor si og helsa henne med desse orda: ”Det er vår i landet!”

Møtet med Den Heilage Ande då han gjekk bak plogen forandra den unge bondeguten. Kallet frå Gud var større pliktene på heimegarden. Me har vel berre ei lita aning om kva Hans Nielsen Hauge har betydd for landet og folket vårt. Men no er det vår tur. Det er tid for åndeleg nybrotsarbeid og pløying. Det er tid for å bryta nytt land og vinna menneske for Gud.

Det er vårtid i landet. Grip tak i plogen og ikkje sjå deg attende!


Fem år i huset i skogen

IMG_6573

Det er mest ikkje til å tru, men det er sant. Me har nett feira at det er fem år sidan me flytta frå byen og til huset i skogen. Me har vel aldri vore byfolk, men har av ulike grunnar vorte buande i byar den meste av tida me har vore gifte. For fem år sidan selde me huset i byen. Me tok det store steget og flytta på landet. Eller rettare sagt me flytta inn i ein skog.

Kven kunne vel tru at to jærbuar kunne busetja seg i ein skog. Eg hadde i alle høve ikkje sett det føre meg, at eg nokon gong skulle bu ein plass der eg er omkransa av store tre. Eg likar det ope og fritt. Eg elskar den store himmelen med sitt rike spel av lys på Jæren. Eg er oppvaksen midt i Ganddal med hus på alle kantar, men det var ikkje langt til Hove, Stokkalandsfjella, Leite, eller Åse der me leika under den store, vide himmelen. Det er flott å veksa opp under ein stor himmel.

Continue reading "Fem år i huset i skogen" »