Tida går, men huset står
Bondeskulptur til minne om Hans Nielsen Hauge

Fem år i huset i skogen

IMG_6573

Det er mest ikkje til å tru, men det er sant. Me har nett feira at det er fem år sidan me flytta frå byen og til huset i skogen. Me har vel aldri vore byfolk, men har av ulike grunnar vorte buande i byar den meste av tida me har vore gifte. For fem år sidan selde me huset i byen. Me tok det store steget og flytta på landet. Eller rettare sagt me flytta inn i ein skog.

Kven kunne vel tru at to jærbuar kunne busetja seg i ein skog. Eg hadde i alle høve ikkje sett det føre meg, at eg nokon gong skulle bu ein plass der eg er omkransa av store tre. Eg likar det ope og fritt. Eg elskar den store himmelen med sitt rike spel av lys på Jæren. Eg er oppvaksen midt i Ganddal med hus på alle kantar, men det var ikkje langt til Hove, Stokkalandsfjella, Leite, eller Åse der me leika under den store, vide himmelen. Det er flott å veksa opp under ein stor himmel.

Det første året me var gifte budde me i Odda, heilt innerst i Hardangerfjorden, på skuggesida. Eg måtte mest brekka nakken for å lyfta hovudet og kunna sjå himmelen, som var stengd inne av høge fjell. Det var som fjella ville tyngja oss ned, leggja seg over oss og kvela oss. Det var faktisk tungt å pusta under dei høge og trugande fjella. Kvar gong me skulle reisa heim og køyrde ut over Åkrafjorden og Haugalandet, letta trykket då landskapet opna seg, og me kunne pusta fritt.

Så hamna me altså her i ein skog. Kven skulle vel tru det? Fem år har me budd her. Det har vore fem gode år med mykje arbeid. Eg har rydda i skogen og opna opp utsikten. Stakkars huset me kjøpte, det var heilt innestengd av tre. Slik er det ikkje lenger. Huset har fått pusterom. Det har vorte hage, blommar og ein liten plen. For ikkje å snakka om myra som har vorte til jordepleåker. Bærbuskar av ymse slag har vorte planta og ber rikt med bær. Solveig lagar syltetøy for den store gullmedalja. Hennar solbærsyltetøy er det beste i verden.

Eg kunne nok hatt lyst på ein vidare og friare utsikt enn det me har her i skogen, men me har vatnet rett nedanføre oss. Det kompenserer for utsikten. Vatnet er levande og forfriskande. Det skaper fred i sjela og ro i kroppen. Å stå opp om morgonen og sjå himmel og skog spegla seg i vatnet er berre vedunderleg godt. Å sjå solstrålene glitra som diamantar i dei små bølgjene gjer meg rik på takk. Å kunna ta seg eit bad om sommaren med kona eller barnebarn er ein flott bonus. Utan dette levande vatnet rett nedføre huset hadde nok ikkje denne litle opne flekken i skogen vore nokon plass for oss.

Me bur ein heil times køyring frå byen, men me har likevel hatt fleire folk koma til oss her i huset i skogen enn då me budde sentralt i byen. Det er kanskje Johannesiøydemarkasyndromet som gjer seg gjeldande. Eg veit ikkje, men folk kjem og spør om å få koma. Me liker veldig godt å ta imot unge og eldre på besøk.  Solveig diskar alltid opp dei beste rettar. Mette magar gjev fjåge folk!

Fem år i huset i skogen fyller oss med takk. Offisielt er me pensjonistar no, men ved Guds nåde har me både helse og styrke til å arbeida. Arbeid er ei velsigning. Å kunna kvila ut etter endt arbeid er også ei velsigning. Huset i skogen har vorte ein arbeidsplass, men endå meir ein stad for kvile og forfrisking i Guds nærvær. Det er godt å koma heim til huset i skogen, når me har vore på reiser i inn og utland for å forkynna Guds ord, og finna kvile i den freden som rår her. Denne forfriskande kvila gjer oss klare for nye oppdrag.

Comments