Profetisk misjon
Fem år i huset i skogen

Tida går, men huset står

IMG_2693

Tida flyg avgarde med stor fart, men eg ensar det ikkje. Dag, veke og månad fyller kvarandre med levd liv. Tida står ikkje stille, fortida forsvinn bakover, framtida kjem oss i møte. Notida er berre ein augneblink, som kvikt vert fortid. Framtid vert notid og fortid like kvikt. Fortida har vore og er ikkje meri. Framtida ligg alltid føre oss og me kjem aldri inn i henne. Notida, augneblinken er alt me har.

Eg går ikkje med ryggen vendt mot framtida Eg ser ikkje bakover om eg vil fram i livet. Eg må leggja bak meg det som har vore. Det som tidlegare har hendt er no berre eit  minne. Eg kan ikkje leva på minner. Eg kan heller ikkje leva på draumar om framtida, men eg kan ikkje leva utan draum og visjon. Eg må leva no. Det er alt eg kan. Men eg må leva i samsvar med draumen som ber meg. Eg må vera styrt av visjonen som lever i hjartet. 

Tida går, men huset i skogen står traust og trygt mellom trea, fjella og vatnet. Her lever eg kvardagslivet saman med kona. Kvar morgon lagar ho god frokost til meg. Kvar morgon les ho andakten for meg. Kvar morgon bed me saman og gler oss over alle Guds gode gåver. Kvar morgon set eg med ned med ein kopp te og ein open bibel. Kvar morgon er eg i Guds nærvær. Kvar dag er eg i Guds hus.

Kvar dag går eg til arbeid. Av og til er det å sitja ved datamaskinen, lesa epost og svara, eller å skriva innlegg, artiklar eller på ei bok. Ofte ligg arbeidet og ventar på meg ute. Her har eg tusen ting å gjera. Det litle bruket mitt er ein god arbeidsgjevar. Eg har stor fridom og lønna skal eg ikkje klaga på. Å dyrka jorda, byggja steinmurar, forma landskapet, hogga ved eller laga ting i tre, gjev på kvar sin måte ei glede over livet. Tenk, at eg kan arbeida og bruka kroppen min til å skapa noko fint rundt meg. Tenk, at eg har skaparevne. Det er stort å vera ein arbeidar, skapt i Guds bilete.

Kona lagar også lønsj, middag og ettermiddagskos. Arbeidsøktene vert delt opp med gode måltid, kjærlege ord og nokre gongar djupe samtalar. Helst går det på drøs - småprat. Det er godt å vera saman og radla om smått og stort. Men me tatlar ikkje, det er det berre kvinner som gjer når berre dei er saman! Eg og kona drøser og nyt samvært rundt bordet. Måltida er høgdepunkt i livet vårt saman.

Dagane kan verta lange. Augene kan verta tunge. Kroppen kan verta sliten. Ryggen kan vera stiv og støl. Då er det godt å ha ei seng. Eg takkar Gud for den gode senga vår som er ganske ny. Etter å ha vore gift nær på femti år kjøpte me oss ei ny seng. Ho er høg og brei. Det er berre å setja baken på sengja og velta seg oppi. Eg treng ikkje bøya meg ned lenger. Eg berre glir rett inn på den mjuke, men faste madrassen. Det er ei nyting å leggja seg. Tenk, så godt det er å gløyma alle dei åra me låg i andre senger. Eg skal ikkje ripa opp i fortida med å seia noko om dei gamle sengene våre. Dei har hatt si tid og gjort si teneste. Den nye senga var dyr. Eg hadde aldri trudd at eg skulle ha brukt å mykje pengar på ei seng, men me møtte ein svært god seljar. Eg har aldri trega at eg kjøpte denne store nye senga. Eg nyt henne kvar natt når me er heime. Når me er ute på reiser søv me i mange slags senger, men ingen er som den nye senga vår.

Det er godt å sova og kvila ut etter ein god arbeidsdag. Eg har kome i den alderen at eg må opp eit par gongar om natta for å gjera noko nødvendig, men eg fell nokså snart i svevn att. Draumane kjem og går, men eg hugsar vanlegvis lite av dei når eg vaknar. Det er godt å vakna til den verkelege verda. 

Kona står alltid opp til ein ny dag før meg, men dagen er ny for meg og når eg står opp etter henne. Saman møter me ny nåde og miskunn. Guds trufaste nærvær er med oss kvar dag. Tida går, menneskelege hus eldest og forgår, men den evige bustaden står trygt gjennom alle omskiftingar og vert berre herlegare og herlegare. Her nede i huset i skogen er dei evige armane. Tida går, men me kviler trygt i æva. 

Comments