India og Nepal ventar
Tida går, men huset står

Profetisk misjon

Misjon har alltid vore ein del av Guds profetiske plan. Profetane i GT prøvde å utvida Israelsfolket si forståing av oppdraget sitt. På mange vis minna dei Guds folk på at dei skal vera eit lys for nasjonane og føra frelse til folkeslaga. Den uvillige profeten Jona, vart brukt til å føra heile Ninive til omvending.

I Det nye testamentet ser me at misjonsoppdraget er nært knytt til å verta døypt i Den Heilage Ande og få kraft til å vera vitne om Jesus like til endane på jorda. I GT kom Anden over spesielt utvalde folk som vart salva til teneste. I den nye pakta er me lova at Anden skal koma over og bu i kvar den som trur. På pinsedag vart alle fylte med Anden og talte i nye tunger.

Joelprofetia seier at i den nye pakt skal alle kunna høyra frå Gud og tala profetisk. Unge og eldre, søner og døtrer, menn og kvinner, slavar og slavekvinner, alle menneske skal tala profetord. På pinsedagen kom 3000 menneske til tru og vart døypt på grunn av profetisk forkynning. I Apostelgjerningane finn me mange døme på profetisk misjon.

Ananias var ein vanleg læresvein, men Gud talte til han og sendte han med ei personleg profeti til forfylgjaren Saulus. Det tok litt tid før Ananias var villig til å gå, men då han endeleg gjekk, la han hendene på Saulus så han fekk synet tilbake og etterpå profeterte han om at Saulus skulle ta del i eit stort misjonsarbeid. Denne forteljinga er fortalt tre gongar i Apostelgjerningane og må difor vera viktig. Dei profetorda som Ananias bar fram stadfesta det Jesus alt hadde sagt til Saulus på Damaskusvegen. Dei var også i samsvar med Guds plan for Paulus frå før han var født.

I forsamlinga i Antiokia var det mange profetar og lærarar. Ein gong dei var samla i bønn og faste talte Den Heilage Ande til dei om å ta ut Barnabas og Paulus til den gjerning Gud hadde kalla dei til. Desse profetorda var i samsvar med det Ananias tidlegare hadde profetert. Paulus si rike misjonsgjerning og misjonsreisene hans er nøye knyta til profetord. Me høyrer om at dei freistar å forkynna i Asia, men at dei vart hindra av Den Heilage Ande. Når dei så prøver å reisa til Bitynia, gav Jesu Ande dei ikkje lov. Då gav Gud Paulus eit profetisk syn om natta. På grunnlaget av dette synet forstod alle som var med Paulus at Gud hadde kalla dei til å forkynna evangeliet i Makedonia. Dei handla på profetordet med ein gong og det førte til eit rikt misjonsarbeid.

Det er dette eg kallar profetisk misjon: Å gå til enkeltpersonar, land eller folk på grunnlag av profetiar formidla av vanlege kristne eller kristne leiarar. Eg har sjølv opplevd kor fruktbart det er å handla på profetord og lyda det Anden seier gjennom andre.

Eg etterlyser meir profetisk misjon. Eg etterlyser at kristne spør Gud til råds gjennom både profetar og det profetiske lekfolket. I vår tid vert Anden aust ut over alle menneske. Gud er verksam i verda. Difor treng me å spørja han om kor han vil me skal gå og kven han vil me skal ta kontakt med. Når Gud taler og me lyder, vil Guds stadfesta og me vil kunna gå i ferdige gjerningar.

Misjon er meint å vera profetisk og dynamisk. Profetisk misjon gjer motstandarar til medarbeidarar. Profetisk misjon inneber at me hjelper folk inn i Guds plan for livet deira. Profetisk misjon er å frigjera og senda folk inn i ferdige gjerningar, leia av Den Heilage Ande.

Comments