Grøftegraving
Kjærleiksord til kona

Me har feira Solveig

Helga, som no er over, har vore ei einaste stor feiring av Solveig. Ho vart 70 år på fredag, 14. Februar, Valentin dagen. Alle barna og barnebarna våre kom heim for å feira mor, bestemor og mormor. Huset i skogen har vore full av lått og løye. Heile huset har vorte levande av leik og lått. Huset har dansa og trea i skogen har klappa i hendene. Fuglane har sunge og heile skogen har vore full av glede og fred. Alle har feira Solveig.

Solveigogbarnebarn

Dei fyrste kom heim på torsdag, men dei fleste kom på fredagskvelden. Den siste familien rokk just så vidt å koma til festen på laurdag på grunn av problem med flyet. Til festen kom alle systrene og svograne til Solveig og mange gode venner. Solveig fekk ei stor overrasking då Anne Marie Moland 98 år og Sylvi Skifjeld frå Telemark kom. Eg hadde invitert dei i løynd og Solveig visste ingenting. Anne Marie og Sylvi var Solveig sine venner og bønnepartnarar då me budde i Skien. Ho vart rørt til tårer då dei kom for å feira henne.

Sjølve festen hadde me på Nordgardsløa på Frekhaug. Til saman var me 44 som var samla for å feira Solveig. Ho fekk mange gode og rosande ord frå både familie og venner. Ho vart rørt til tårer mange gongar og då ho skulle takka til slutt var ho fylt av glede.

Solveig hadde reia opp sengeplass til 22 stykk i huset i skogen. Dei låg i senger og på madrassar på golvet. Nokre måtte sova i kjellarstova, andre i skrivetova og ein måtte ta til takke med eit stort kott. Huset var fullt, men alle fekk plass og alle sov godt.

Dei 10 barnebarna våre er svært gilde. Me er veldig stolte av dei. På festen hadde dei mange flotte innslag. Det var song og musikk, framføringar og forteljing. Det er så rørande og oppmuntrande å sjå kor gode venner dei er og kor gildt dei har det i lag. Å ha alle barna og barnebarna samla på ein gong i huset i skogen er ei stor glede. Me er fulle av takk til Gud for hans gode gåver til oss.

Comments