Previous month:
January 2014
Next month:
June 2014

4 entries from February 2014

India og Nepal ventar

IMG_6109

Om nokre få dagar reiser me frå Huset i Skogen for å besøkja venner i India og Nepal. Me har hatt ein underleg vinter dette året. Det har vore ganske mildt og lite snø og frost. No høljar regnet ned og det er surt vær ute. Då freistar det ikkje å gå ut for å arbeida. Eg har alltid mykje arbeid eg skulle ha gjort på eigedomen, men eg har lært å ta det med ro og ikkje stressa. Når været er bra, går eg ut for å arbeida. Det finn eg stor glede i. I dette sure vinterværet er det ikkje mykje eg får gjort ute.

No er det India og Nepal som ventar. Me gler oss til å møta venner og sjå koss dei har det. Me har fått mange gode venner i både India og Nepal. Svært mange kallar Solveig for mor. Ho har alltid eit godt ord på lur. Ho bryr seg om alle og viser omsorg og kjærleik. Både små og store vert glade når Solveig kjem.

Denne gongen skal me besøkja Andra Pradesh, Odisha og Rajasthan i India. Her har me mange venner som elskar Herren og gjer eit fantastisk arbeid for han. Guds rike går fram og nye menneske kjem til tru. Me ser fram til å få tid med gode læresveinar. I Odisha voner eg å få kjøpt meg bomullstoff til eit par nye busserullar.

I Nepal skal me berre vera i Kathmandu. Her skal me møta Henry og Pabithra og medarbeidarane deira. Eg vonar også å møta Gopaljee og Ganga som eg har kjend sidan 70talet. Me får mange gode rapportar om framgang for Guds rike i Nepal og me gler oss til å møta nokre av desse som står i frontlinja.

Me tek framleis i mot gåver til Solveigs Hjelpefond: 91001320306 Hjelpa går til fattige barn.


Kjærleiksord til kona

IMG_6609

Då Solveig og eg gifta oss for 49 år sidan fekk me ei helsing frå forstandar Martin Gran, som vigde oss, frå Rom.12,10: Kappast om å heidra kvarandre! Det ordet og dei gode råda frå forstandaren har vore til god hjelp for oss i alle dei 49 åra me har vore gifte. Solveig og eg har verkeleg kappast om å heidra kvarandre og funne stor glede i det. Solveig er jo den beste, ho vinn alltid. Hadde eg berre vore halvparten så god som ho, hadde eg vore lukkeleg. No prisar eg meg lukkeleg av di eg har slik god kone.

Solveig får hjartet mitt til å slå varmare og auga mine til å stråla av kjærleik.

Ho fyller livet mitt med glede og forfriskande spenning.

Hennar kjærleik, varme omtanke og gode kaker overveldar meg gong på gong.

Ho er min beste venn og partnar.

Ho er den gildaste, skjønnaste, herlegaste, flottaste og kjærlegaste skapning på jord.

Ho er Guds gode gåve til meg, barna våre, systrene hennar og alle venner. Ho er ei verkeleg nådegåve frå Herren! Eg takkar ho for at ho er den ho er.

Ho er verdifull, ho er viktig, ho er god.

Ho er høgt elska fordi ho er den ho er.

Solveig er den einaste som er slik ho er.

Ho er spesiell. Ingen er hennar like.

Ingen har den gode blanding av eigenskapar som ho har.

Ho har det mjukaste hjarte, men også ein vilje av stål.

Ho har det varmaste hjartelaget og den mest uthaldande styrkje.

Ho strålar som ein diamant og sprudlar av fred og djup glede.

Ho er som den vakraste rose når ho smiler med auga og let låtten dansa på leppene!

Då angar ho av lukke og fred og fyller kvart rom i huset med sitt forunderlege nærvær.

Ho får hjartet mitt til å syngja og heile kroppen til å dansa.

Lukka er å vera gift med Solveig!

70 år ung. 70 år vis. 70 år røynd. 70 år erfaren. 70 år sterk. 70 år mjuk. 7o år tolmodig. 70 år gild. 70 år glad og gløgg!

Mor til seks barn. Bestemor til 10 barnebarn. Mor til tusenar av barn i mange land.

Hønemor med varmande vengjer.

Konemor med huset på stell.

Husmor som bakar både knekkebrød og dei herlegaste kaker.

Men fyrst og fremst er ho: Den gode kona. Den beste kona. Den kloke kona. Den vise kona. Den tolmodige kona. Den kjærlege kona. Den trufaste kona. Den tenande og elskande kona.

70 år – 70x70 tusen takk! Takk Gud at Solveig vart kona mi! Takk Solveig for trufast vennskap! Takk Solveig at du er den du er for meg!


Me har feira Solveig

Helga, som no er over, har vore ei einaste stor feiring av Solveig. Ho vart 70 år på fredag, 14. Februar, Valentin dagen. Alle barna og barnebarna våre kom heim for å feira mor, bestemor og mormor. Huset i skogen har vore full av lått og løye. Heile huset har vorte levande av leik og lått. Huset har dansa og trea i skogen har klappa i hendene. Fuglane har sunge og heile skogen har vore full av glede og fred. Alle har feira Solveig.

Solveigogbarnebarn

Dei fyrste kom heim på torsdag, men dei fleste kom på fredagskvelden. Den siste familien rokk just så vidt å koma til festen på laurdag på grunn av problem med flyet. Til festen kom alle systrene og svograne til Solveig og mange gode venner. Solveig fekk ei stor overrasking då Anne Marie Moland 98 år og Sylvi Skifjeld frå Telemark kom. Eg hadde invitert dei i løynd og Solveig visste ingenting. Anne Marie og Sylvi var Solveig sine venner og bønnepartnarar då me budde i Skien. Ho vart rørt til tårer då dei kom for å feira henne.

Sjølve festen hadde me på Nordgardsløa på Frekhaug. Til saman var me 44 som var samla for å feira Solveig. Ho fekk mange gode og rosande ord frå både familie og venner. Ho vart rørt til tårer mange gongar og då ho skulle takka til slutt var ho fylt av glede.

Solveig hadde reia opp sengeplass til 22 stykk i huset i skogen. Dei låg i senger og på madrassar på golvet. Nokre måtte sova i kjellarstova, andre i skrivetova og ein måtte ta til takke med eit stort kott. Huset var fullt, men alle fekk plass og alle sov godt.

Dei 10 barnebarna våre er svært gilde. Me er veldig stolte av dei. På festen hadde dei mange flotte innslag. Det var song og musikk, framføringar og forteljing. Det er så rørande og oppmuntrande å sjå kor gode venner dei er og kor gildt dei har det i lag. Å ha alle barna og barnebarna samla på ein gong i huset i skogen er ei stor glede. Me er fulle av takk til Gud for hans gode gåver til oss.


Grøftegraving

På grunn av den milde vinteren har eg fått høve til å gjera litt vårarbeid på den litle eigedomen vår i skogen. Eg liker milde vintrar og er berre glad at det er grønt og fint rundt oss og ikkje frost og snø. På oppsida av garasjen var det ei gammal grøft som hadde grodd heilt til. Dette gjorde at heile bakken vart blaut og eg hadde vanskar med å ta meg fram med den litle traktoren min. 

Bilde

No har eg grave denne grøfta så brei og djup som ho aldri har vore før. Om ikkje så lenge vil bakken turka ut og eg han køyra utan vanskar på den vegen eg har laga. Eg har ein del stein eg skal bruka til å byggja ein mur. Difor trong eg ein veg. No er grøftinga ferdig og vegen er køyreklar, men grunnen treng å turka opp litt meir.

Eg trur eg har grove 15 meter med grøft eller veita. Det takkar eg Gud for. Då eg for nokre år sidan hadde store ryggsmerter sa doktoren at det kom av slitasje og at eg måtte leva med det. "Men du kjem aldri til å kunna gjera tungt kroppsarbeid som å grava grøfter," sa han. Ved Guds store nåde tok han feil. Rett nok kan eg kjenna meg stiv i ryggen når eg har gjort mykje tungt arbeid på bruket mitt, men det går over og eg takkar Gud at eg kan arbeida.

Eg vart både gjennomblaut og skiten av å grava denne grøfta. Men Solveig vaska kledene mine kvar gong og eg tok meg ein frisk dusj. Solveig liker også å ta bilete av meg når eg er ute og arbeider og eg har heller ikkje noko imot det.