Forfylginga av kristne aukar i India
Istappar

Vedfyring

Vinteren er ei flott tid både ute og inne. No har endeleg vinter kome til Huset i Skogen. Me har hatt snø og kuldegrader i fleire dagar no. I dag skein sola frå ein skyfri himmel. Dei varme strålene gjorde godt både på kropp og sjel etter lange tider med regn og grått vær. Heile hausten og jula var grå og blaut. Solskinet i dag gjorde godt i heile meg.

Ved

Når det er kaldt ute er det serkildt godt å kunna fyra med ved i omnen. Me har fyrt med ved heilt sidan i haust. Vedfyringa gjev ikkje berre god varme, ho fyller huset med ein herleg ange av kjærleik og heimekos. Dette gjeld serleg når me fyrer i peisen og me ser flammane som leikar seg over veden og høyrer korleis dei knitrar og syng sine kjærleiksongar.

Vedfyring er det mest naturlege for oss som bur i skogen. Det er også rimeleg for oss som har meir enn nok a tre å ta av og har krefter til å hogga veden sjølve. Etter som eg forstår er det rein økologisk varme også. Det er jo viktig i våre dagar når den globale oppvarminga trugar heile verda, skal me tru dei kloke som har greie på dette. Eg fyrer no helst med ved for varmen si skuld, eg, men skulle det i tillegg ha gode verknader på klima og global oppvarming, ville det jo vera veldig bra.

Eg har ikkje teke til med førebuinga til neste vedsesong. Det kjem eg igang med litt seinare på året. No berre kosar eg meg med den veden eg hogga i fjor. Men vedhogging har sin store sjarm og det skal eg koma tilbake til seinare.

View this photo

Comments