Previous month:
December 2013
Next month:
February 2014

8 entries from January 2014

Å visa miskunn og bry seg om andre

Solveig og eg har eit godt liv saman i Huset i Skogen. Her råder fred og glede. Me takkar Gud for mat og klede, for helse og styrkje, for huset og skogen, for tre, vatn, dyr og fuglar. Huset er fylt av lovsong.

Men me kan ikkje stengja resten av verden ute. Aviser, tv og internett gjer oss del av den globale landsbygda, den globale landsbyen. Verden har vorte så liten at hendingar rundt om i heile verden kjem inn i den vesle stova vår i skogen. Ofte renn tårene når me ser og høyrer om katastrofar, tragediar og liding som råkar menneske. Og bønnene stig opp til Den Miskunnsame som kan trøysta og hjelpa i alle stoder.

Continue reading "Å visa miskunn og bry seg om andre" »


Å kjenna Gud ved namn

Ved juletider sendte min gode venn Bjørn Olav Hansen ei bok han nettopp hadde fått utgjeve på Frihet Forlag: "Å kjenne Gud ved navn." Tittelen, som er veldig god, seier kva boka handlar om, å læra Gud å kjenna gjennom namna hans. Eg har teke meg god tid til å lesa denne boka som også kan brukast som ei bønnehjelp. Boka har vore til oppbygging for meg, og har styrkt meg i trua.

I Bibelen finnme mange ulike namn brukt om Gud. Alle desse namna viser oss noko av kven han er og kva han gjer for oss. Difor er boka til Bjørn Olav Hansen ei hjelp til å læra Gud betre å kjenna. Eg vil anbefala boka til alle mine venner som ynskjer å verta endå meir kjend med Gud og få eit djupare bønneliv.


Istappar

Heilt frå eg var ein liten gutt har eg vorte fascinert av istappar. Her i Huset i Skogen kjem dei i alle slag former og fasongar. Istappane er som flotte kunst verk som stadig veks og er i endring. På vegen ned til huset vårt har me ein bratt skrent kor det alltid kjem mange flotte istappar så snart det er litt frost. Desse istappane veks til og med om det er mildvær!

Istappar

Når istappane treff gras eller planter kan dei laga underlege skulpturar. Når dei landar på fjell og det er litt mildvær kan dei danna flotte mønster. 

Istappar2


Vedfyring

Vinteren er ei flott tid både ute og inne. No har endeleg vinter kome til Huset i Skogen. Me har hatt snø og kuldegrader i fleire dagar no. I dag skein sola frå ein skyfri himmel. Dei varme strålene gjorde godt både på kropp og sjel etter lange tider med regn og grått vær. Heile hausten og jula var grå og blaut. Solskinet i dag gjorde godt i heile meg.

Ved

Når det er kaldt ute er det serkildt godt å kunna fyra med ved i omnen. Me har fyrt med ved heilt sidan i haust. Vedfyringa gjev ikkje berre god varme, ho fyller huset med ein herleg ange av kjærleik og heimekos. Dette gjeld serleg når me fyrer i peisen og me ser flammane som leikar seg over veden og høyrer korleis dei knitrar og syng sine kjærleiksongar.

Vedfyring er det mest naturlege for oss som bur i skogen. Det er også rimeleg for oss som har meir enn nok a tre å ta av og har krefter til å hogga veden sjølve. Etter som eg forstår er det rein økologisk varme også. Det er jo viktig i våre dagar når den globale oppvarminga trugar heile verda, skal me tru dei kloke som har greie på dette. Eg fyrer no helst med ved for varmen si skuld, eg, men skulle det i tillegg ha gode verknader på klima og global oppvarming, ville det jo vera veldig bra.

Eg har ikkje teke til med førebuinga til neste vedsesong. Det kjem eg igang med litt seinare på året. No berre kosar eg meg med den veden eg hogga i fjor. Men vedhogging har sin store sjarm og det skal eg koma tilbake til seinare.

View this photo


Forfylginga av kristne aukar i India

Eg har nett hatt ein god samtale med ein av våre næraste venner i India. Han fortel om auka forfylging og press på våre kristne venner. Dette stadfestar den rapporten som er lagd fram i dag om forfylging av Kristne. Nord Korea toppa jo den lista, men det er uventa for mange at India er nr 28 og Kina nr 37.

Det har nett vore val i fleire delstatar i India. I Rajasthan kom BJP, det nasjonalistiske og hinduistiske partiet, til makta. Berre to dagar etter den nye regjeringa var på plass tok fundamentalistiske hindugrupper til å plaga dei kristne. Ein av våre venner, Kumar, fekk besøk av ei slik gruppe. Dei hadde høyrd at han "omvende" folk og kom med store trugsmål. Desse gruppene terroriserer de kristne på mange måtar. Dei slår folk, bankar dei helselause, øydelegg og brenn hus og liknande. Når BJP er ved makta, ser polititet bort og dei ekstreme hinduane får fritt spelerom. Kristne vert rettslause.

For ei tid sidan vart ein frelsesoffiser tilkalla til ein heim for å be for ein som var sjuk. Då han kom ut, venta det ei gruppe på 5 ekstreme hinduar som gauv på han og banka han opp fordi han i deira meining prøvde å omvenda folk. Frelsesoffiseren fekk fleire bein brotne og måtte leggast inn på sjukehus på grunn av skadane han fekk. Men det slutta ikkje der. Dei fundamentalistiske hinduane anmelde han til politiet for å ha angripe dei. Når 5 hinduar vitnar mot ein kristen, trur sjølvsagt politiet på hinduane og den kristne for har vorte utsett for overgrep vert dømd! Dei kristne vert på denne måten i praksis rettslause mange stader.

Så sit eg her i godstolen min i huset i skogen når denne meldinga kjem. det får meg til å tenkja over stoda me er i her i landet. Me fekk ei ny regjering i haust. Korskje denne eller den førre regjeringa la til rette for forfylging av kristne eller andre religiøse grupper. Me lever i eit godt land, jamvel om det finst kristne som sutrar over at privilegie knyta til statskyrkja forsvinn. Desse kristne hadde hatt godt av eit opphald i eit av desse landa høgt oppe på lista av forfylging.

Men eg kan ikkje sitja i ro i godstolen. Eg må reisa meg og stige fram for Gud i bønn for vennene våre. Eg må lyfta heilage hender til Den Allmektige at han må gripa inn og hjelpa dei som vert utsette for urett. Eg spør også meg sjølv om kva eg kan gjera for dei som lid. Solveig og seg planlegg ein nyt tur til India i februar og mars. På grunn av spenninga kan me ikkje gjera alt me hadde tenkt å gjera. Me må be om visdom både for oss sjølve og dei me skal besøkja. Me vil jo ikkje gjera ting vanskeleg for dei me tenkjer å besøkja. Men me kan i alle høve gråta med dei gråtande og setja mot i dei som står i kampen.

 

 


Guds misjon

Me har julefeiring bak oss og eit nytt år ligg framføre oss. I jula møter me Guds misjon og kvar ny dag er ei utfordring til å verta ein del av den guddommelege misjonen. Den enkle juleforteljinga har kraft i seg til å forandra folk og nasjonar, for ho handlar om menneske frå alle lag av samfunnet og rører ved dei djupaste kjenslene i oss.

Continue reading "Guds misjon" »


Gleda i å kunna bruka kroppen

Me har hatt ei god og roleg jule og nyttårshelg. Solveig har laga mykje god mat og me har kost oss saman. Me har lese, sett litt TV og slappa av inne medan det sure regnet har piska mot glasruta. Feittet rundt magen har vakse faretrugande og vekta har gått for mykje opp. Noko måtte gjerast for å endra på den negative utviklinga!

I dag gjekk eg ut for å gjera noko praktisk arbeid. Det var overskya, men opphaldsvær. Det er lett å setja seg inne når været er for ruskute. I dag hadde eg inga orsaking, så eg måtte ut. Her i skogen har eg alltid mykje arbeid som skulle vore gjort. Eg vert aldri arbeidsledig her, om arbeidslysta er på plass. Etter ei roleg feiring og mange dagar inne var arbeidslysta på plass og eg kom meg ut.

Eg trong ikkje gjera mykje før hjartet banka fortare og sveitten pipla fram på pannen. Eg brukte grafse og brei spade for å vøla vegen. Eg hadde brukt traktoren før jul til å skrapa vegen for gjera han slettare og få vekk alle dei lause steinane. Desse småsteinane sette seg fast i snøfresaren og øydela ei skrue som gjorde at skovlen ikkje gjekk rundt og snøen ikkje ut. Eg måtte skifta mange skruer, som vart skorne av som ein liten trepinne då småsteinane sette seg fast i skovlane. No måtte eg samla opp og køyra vekk overflødig stein og grus.

Eg var mest heilt gjennomblaut av sveitte då kona ropa meg inn til lunsj, men eg også veldig glad for å ha fått gjort noko nyttig på eigedomen. Det er ei gleda å kunna bruka kroppen. Eg takkar Gud for helse, styrke og kraft kvar einaste dag. Det er godt å kunna arbeida. Det er alt fleire år sidan eg vart pensjonist, men det gode er at eg ikkje vart arbeidsledig. Eg får framleis arbeida undervisa, forkynna og hjelpa Guds folk til vokster og framgang i trua. Eg kan framleis gjera nytt for meg i å få fram undervisningsmateriell. Eg kan framleis skriva på datamaskinen. Men det gjev meg ei ekstra stor glede å kunna bruka kroppen til fysisk arbeid.

Alt arbeid er godt, men kroppsarbeid er best, tykkjer eg.