Gleda i å kunna bruka kroppen
Forfylginga av kristne aukar i India

Guds misjon

Me har julefeiring bak oss og eit nytt år ligg framføre oss. I jula møter me Guds misjon og kvar ny dag er ei utfordring til å verta ein del av den guddommelege misjonen. Den enkle juleforteljinga har kraft i seg til å forandra folk og nasjonar, for ho handlar om menneske frå alle lag av samfunnet og rører ved dei djupaste kjenslene i oss.

Me møter den unge jenta som har vorte gravid på ein litt uvanleg måte og den trufaste ungguten som ikkje var far til barnet, men likevel var trufast mot kjærasten sin. Den store keisaren i Roma, byråkratiet hans og byen som er full av folk er alle med i forteljinga. Både vismenn og gjetarar kastar lys over det store i det menneskelege som hendte den natta i Betlehem.

Me oppdagar at Guds misjon er motivert av hans grenselause kjærleik til denne verden og menneska som er skapt i hans bilete. Englane er bodberarar. Dei kjem med godt nytt! Dei forkynner ei glede som er for alle folk. Denne gleda er knytt til frelsaren som er født, Messias, Kristus. Utfriaren har kome! Frelse og fred kjem til jorda, for Gud finn glede i menneska. Dette er Guds misjon: Fred og frelse til jorda og Guds glede til alle menneske!

Guds misjon starta lenge før barnet vart født, sveipt og lagd i ei krybbe og involverte mange fleire enn dei me høyrer om i juleforteljinga. Guds misjon er hans store kjærleiksprosjekt som starta i hans hjarte og er styrande for alt han gjer. Han ynskte å ha ein stor familie av søner og døtrer i Den einborne Sonen sitt bilete på ei fager jord full av hans herlegdom.

Heilt frå starten ser me at Gud dreg vanlege menneske, unge og eldre, menn og kvinner, gutar og jenter inn i sin misjon. Det nådde eit høgdepunkt då Gud sjølv vart menneske og vart født som eit barn. Han vart ein av oss, for menneske har alltid vore i Guds hjarte, for å gjera oss eitt med seg i den evige kjærleiken.

Han brukte den unge kvinna og den trufaste unge mannen. Han brukte både vismenn og gjetarar, keisar og byråkratar. Gud har alltid involvert all slag folk i sin misjon. I dag vil han bruka deg og meg til å gje glede til menneske langt borte og nær ved.

Guds misjon omfamnar alle menneske og riv ned alle skilje mellom oss. Gud elskar alle! Du treng ikkje vera ein kristen for å vera elska av Gud, det er nok å vera eit menneske! Dette er kjernen i juleforteljinga. Det er dette som kan skapa ekte glede hjå alle folk. Guds misjon er godt nytt!

"Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske Gud har glede i!"

Comments