Me feirar 49 år saman
Guds misjon

Gleda i å kunna bruka kroppen

Me har hatt ei god og roleg jule og nyttårshelg. Solveig har laga mykje god mat og me har kost oss saman. Me har lese, sett litt TV og slappa av inne medan det sure regnet har piska mot glasruta. Feittet rundt magen har vakse faretrugande og vekta har gått for mykje opp. Noko måtte gjerast for å endra på den negative utviklinga!

I dag gjekk eg ut for å gjera noko praktisk arbeid. Det var overskya, men opphaldsvær. Det er lett å setja seg inne når været er for ruskute. I dag hadde eg inga orsaking, så eg måtte ut. Her i skogen har eg alltid mykje arbeid som skulle vore gjort. Eg vert aldri arbeidsledig her, om arbeidslysta er på plass. Etter ei roleg feiring og mange dagar inne var arbeidslysta på plass og eg kom meg ut.

Eg trong ikkje gjera mykje før hjartet banka fortare og sveitten pipla fram på pannen. Eg brukte grafse og brei spade for å vøla vegen. Eg hadde brukt traktoren før jul til å skrapa vegen for gjera han slettare og få vekk alle dei lause steinane. Desse småsteinane sette seg fast i snøfresaren og øydela ei skrue som gjorde at skovlen ikkje gjekk rundt og snøen ikkje ut. Eg måtte skifta mange skruer, som vart skorne av som ein liten trepinne då småsteinane sette seg fast i skovlane. No måtte eg samla opp og køyra vekk overflødig stein og grus.

Eg var mest heilt gjennomblaut av sveitte då kona ropa meg inn til lunsj, men eg også veldig glad for å ha fått gjort noko nyttig på eigedomen. Det er ei gleda å kunna bruka kroppen. Eg takkar Gud for helse, styrke og kraft kvar einaste dag. Det er godt å kunna arbeida. Det er alt fleire år sidan eg vart pensjonist, men det gode er at eg ikkje vart arbeidsledig. Eg får framleis arbeida undervisa, forkynna og hjelpa Guds folk til vokster og framgang i trua. Eg kan framleis gjera nytt for meg i å få fram undervisningsmateriell. Eg kan framleis skriva på datamaskinen. Men det gjev meg ei ekstra stor glede å kunna bruka kroppen til fysisk arbeid.

Alt arbeid er godt, men kroppsarbeid er best, tykkjer eg.

 

 

 

Comments