Guds misjon
Vedfyring

Forfylginga av kristne aukar i India

Eg har nett hatt ein god samtale med ein av våre næraste venner i India. Han fortel om auka forfylging og press på våre kristne venner. Dette stadfestar den rapporten som er lagd fram i dag om forfylging av Kristne. Nord Korea toppa jo den lista, men det er uventa for mange at India er nr 28 og Kina nr 37.

Det har nett vore val i fleire delstatar i India. I Rajasthan kom BJP, det nasjonalistiske og hinduistiske partiet, til makta. Berre to dagar etter den nye regjeringa var på plass tok fundamentalistiske hindugrupper til å plaga dei kristne. Ein av våre venner, Kumar, fekk besøk av ei slik gruppe. Dei hadde høyrd at han "omvende" folk og kom med store trugsmål. Desse gruppene terroriserer de kristne på mange måtar. Dei slår folk, bankar dei helselause, øydelegg og brenn hus og liknande. Når BJP er ved makta, ser polititet bort og dei ekstreme hinduane får fritt spelerom. Kristne vert rettslause.

For ei tid sidan vart ein frelsesoffiser tilkalla til ein heim for å be for ein som var sjuk. Då han kom ut, venta det ei gruppe på 5 ekstreme hinduar som gauv på han og banka han opp fordi han i deira meining prøvde å omvenda folk. Frelsesoffiseren fekk fleire bein brotne og måtte leggast inn på sjukehus på grunn av skadane han fekk. Men det slutta ikkje der. Dei fundamentalistiske hinduane anmelde han til politiet for å ha angripe dei. Når 5 hinduar vitnar mot ein kristen, trur sjølvsagt politiet på hinduane og den kristne for har vorte utsett for overgrep vert dømd! Dei kristne vert på denne måten i praksis rettslause mange stader.

Så sit eg her i godstolen min i huset i skogen når denne meldinga kjem. det får meg til å tenkja over stoda me er i her i landet. Me fekk ei ny regjering i haust. Korskje denne eller den førre regjeringa la til rette for forfylging av kristne eller andre religiøse grupper. Me lever i eit godt land, jamvel om det finst kristne som sutrar over at privilegie knyta til statskyrkja forsvinn. Desse kristne hadde hatt godt av eit opphald i eit av desse landa høgt oppe på lista av forfylging.

Men eg kan ikkje sitja i ro i godstolen. Eg må reisa meg og stige fram for Gud i bønn for vennene våre. Eg må lyfta heilage hender til Den Allmektige at han må gripa inn og hjelpa dei som vert utsette for urett. Eg spør også meg sjølv om kva eg kan gjera for dei som lid. Solveig og seg planlegg ein nyt tur til India i februar og mars. På grunn av spenninga kan me ikkje gjera alt me hadde tenkt å gjera. Me må be om visdom både for oss sjølve og dei me skal besøkja. Me vil jo ikkje gjera ting vanskeleg for dei me tenkjer å besøkja. Men me kan i alle høve gråta med dei gråtande og setja mot i dei som står i kampen.

 

 

Comments