Ei bok til velsigning
Grøftegraving

Å visa miskunn og bry seg om andre

Solveig og eg har eit godt liv saman i Huset i Skogen. Her råder fred og glede. Me takkar Gud for mat og klede, for helse og styrkje, for huset og skogen, for tre, vatn, dyr og fuglar. Huset er fylt av lovsong.

Men me kan ikkje stengja resten av verden ute. Aviser, tv og internett gjer oss del av den globale landsbygda, den globale landsbyen. Verden har vorte så liten at hendingar rundt om i heile verden kjem inn i den vesle stova vår i skogen. Ofte renn tårene når me ser og høyrer om katastrofar, tragediar og liding som råkar menneske. Og bønnene stig opp til Den Miskunnsame som kan trøysta og hjelpa i alle stoder.

Det handlar om å bry seg og visa miskunn så langt me kan. Profeten Mika seier at Gud har gjort det klart for alle menneske kva han krev av dei. Han har skrive si lov i kvart menneskehjarte. Dette er det alle menneske innerst inne veit dei må gjera: Å gjera rett, visa trufast kjærleik, vera god og varmhjarta mot alle menneske og vandra audmjukt med Gud (Mika 6,8).

Gjennom profeten Hosea seier Gud at han vil ha kjærleik og ikkje slaktoffer, gudskjennskap framfor brennoffer (Hos.6,6).  Jesus viser  fleire gongar til desse orda då han tek oppgjer med dei religiøse leiarane på si tid. Bibelfundamentalistane likte ikkje at han åt i lag med tollarar og syndarar. Då sa Jesus at det er ikkje dei friske som treng lege, men dei sjuke. Så sa han: "Gå og lær kva som ligg i dette ordet: Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar" (Matt 9,13).

Ut frå samanhengen kan me seia at å visa miskunn er å bry seg om andre, å vera i lag med syndarar og kalla dei til å verta læresveinar! Gud vil ha trufast kjærleik. Han vil at me skal vera gode og varmhjarta mot alle menneske. Slike haldningar og dei gjerningane som spring ut frå kjærleik er det Gud vil ha, framføre religiøse øvingar eller ofringar.

Dei religiøse leiarane var støtt ute etter å ta Jesus på grunn av hans liberale praksis av å halda kviledagen heilag. Kviledagen var gjeven av Gud til menneska for deira eige beste. Det var meint å vera ein dag innvia til å nyta livet og Guds gode gåver til oss med takk og tilbeding. Dei religiøse jødane hadde gjort det til ein dag som var så gjennomregulert av bod og reglar at det hadde vorte ei bør for folk. Jesus innretta seg ikkje deira mange reglar. Han let læresveinane riva av aks og eta på kviledagen. Dei religiøse var rasande, for det var innhaustingsarbeid! Jesus gjorde folk friske på kviledagen. Dei religiøse var svært i mot dette, for det var doktorarbeid som ikkje skulle gjerast på den heilage dagen (sjå Matt.12,1-19).

Jesus sa at om dei hadde skjøna kva som ligg i dette ordet: `Det er miskunn eg vil ha, ikkje offer`, så hadde dei ikkje dømt slik dei gjorde (Matt 12,7). Han måtte også leggja til det sjølvsagte, at det er tillate å gjera godt på heilagdagen. Kviledagen vart til for menneske si skuld og ikkje menneske for kviledagen si skuld! Jesus sette menneske i sentrum. Han sa at Gud ville me skulle gjera det same ved å visa miskunn. Gud vil at me skal gjera godt og møta behov. Me må ikkje lata religiøse tradisjonar hindra oss i å vera varmhjarta og visa trufast kjærleik til våre medmenneske.

Tienda er ei kjelde til velsigning for alle som gjer det i tru. Men tienda kan også praktiserast på ein måte som ikkje er i samsvar med Guds hjartelag. Jesus refsa dei religiøse leiarane for å vera så nøye med tienda at det vart komisk: dei talde frø for å leggja kvart tiende frø til sides til Gud. Jesus gjorde det klart for dei at det finst ting i lova som veg mykje meir enn å vera så nøye med tienda. Rettferd, miskunn, kjærleik og truskap er det som verkeleg tel (Matt.23,23).

Det er det same apostelen Paulus seier: "Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. Om eg har profetisk gåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då har eg ingen ting vunne" (1 Kor 13,1-3). Utan kjærleik er det me gjer ingenting verd!

I forteljinga si om "Den varmhjarta Samaritanen" (Luk.10,25-36) viser Jesus oss på ny at å elska nesten sin, slik lova krev, er å visa miskunn. Det er berre når me bryr oss om folk rundt oss og dei me møter at me oppfyller Guds universelle krav til oss menneske. Det handlar om å vera god og varmhjarta. Det handlar om å bry seg og visa trufast kjærleik til alle menneske.

Apostelen Johannes gjer det klart at me kan ikkje elska Gud om me ikkje elskar våre medmenneske (1.Joh.4,7-21). Om me ikkje elskar menneske som me ser, kan me ikkje elska Gud som me ikkje ser! Gud er kjærleik, når me kjenner han, kan me ikkje anna enn å elska alle som er skapt av han til å verta elska. Far vår i himmelen er varmhjarta, difor må me og vera varmhjarta og visa det i gode kjærleiksgjerningar, om me er hans barn (Luk.6,31-36).

Comments