Previous month:
September 2012
Next month:
January 2014

11 entries from December 2013

Me feirar 49 år saman

I dag er det 49 år sidan Solveig og eg gifta oss i Klippen, Sandnes. Det var vår gode forstandar Martin Gran som ektevigde oss. Me hadde ein flott fest heime på garden til Solveig på Håbakken på Skjæveland. Den næraste familien og nokre gode vennar var samla for å gleda seg i lag med oss. Dei fyrste nettene sov me i ei altfor kort seng i bestemor sitt gjesterom. Etter nokre dagar flytta me med all vår jordisk eigedom i folkevogna til Odda. Der var me med i Filadelfia som evangelistar og forkynte evangeliet mange plassar i Hardanger. I Odda fekk me vårt fyrste barn, Levi, som var til stor glede for oss.

SET49

Frå Odda flytta me til Kvinesdal i 1966 for å arbeida saman med Aril Edvardsen og vera med å byggja bibelskulen i Sarons Dal. Me fekk 10 spennande og veldig gode år i Kvinesdal. Pionertida saman med Aril Edvardsen i Kvinesdal var ei fantastisk rik tid som me takkar Gud for. I Kvinesdal fekk me fire herlege barn: Karl Enok, David, Josef og Hanna.

Frå Kvinesdal gjekk ferda til Stavanger i 1976. Her vart eg etter kvart hjelpeforstandar eller ungdomsforstandar i Zion saman med Tom Erlandsen. Før det var eg med og bygde condeep platforma som no står på Statsfjord A feltet i nordsjøen. Då eg sat i heisekranen tok eg til å skriva dikt og gav ut fleire bøker. I Stavanger velsigna Gud oss med Ruth Kristin, det sjette barnet vårt.

Frå Stavanger flytta me til Farsund  i 1980 for å vera i lag med Tony og Bjørg Jessen. Saman med dei starta me Kristent Fellesskap. I Farsund opplevde me eit svært nært og rikt fellesskap med mange gode venner som flytta dit for å vera med å byggja eit levande fellesskap.

Frå Farsund flytta me til Skien i 1986 for å vera med i det veksande fellesskapet der, men i 1992 flytta me til Bergen for å stå saman med Noralv Askeland i det veksande apostoliske arbeidet. Me hadde ei svært rik tid saman og såg store ting henda i byen og landet.

Sommaren 2009 flytta me til "Huset i Skogen" i Hundvingrend i Nordhordland.

I alle desse åra har Solveig vore min beste venn og viktigaste støtte i arbeidet for Herren. Me ser fram til mange nye år saman i teneste for Gud!

 

 


Å leva i forventning

Vi har komne til den siste dagen i år 2013. For meg er det ein god og spesiell dag eg og min kjære mann feirer 49 års bryllupsdag. Eg har ein fantastisk god og flott mann som eg er veldig glad i og som eg har hatt eit rikt og godt år i lag med. I kveld skal vi kosa oss i lag med eit flott"herremåltid". Og så blir det god tid for lovprising og takk til Gud.

I byrjinga av dette året opplevde eg at Gud talte til meg om å leva livet i forventning. For meg var det eit godt ord som eg ofte har kome tilbake til og blitt minna på og eg har og delt det ordet i fleire samanhengar. Vi som lever med Jesus Kristus som Herre har all grunn til å leva i forventning. Han har lova å vera med oss alle dagar kva vi enn møter. Har vi fått eit løfte og eit ord vil han oppfylla det. Når vi går ut i hans navn for å dela liv og den glade bodskapen om fred og forsoning i Jesus så er han der.

Eg har opplevd mange gode dagar i året som har gått, dagar med solskinn, med fest og glede, men også tunge dagar, med regn, mørke og sorg, som då vi sto ved grava for å ta farvel med vår eldste svigerinne. Gud er trufast til alle tider, han er så god! Eg ser med forventning og glede fram til det nye året. Forventning til at vi kan dra til dei landa og plassane Gud sender oss til og møta våre kjære venner og saman sjå Guds rike gjera framgang overalt. Gud talar og han vil oppfylla og stadfesta Ordet. Eg er så takknemleg til Herren og til våre kjære venner. Når eg tenkjer på dette, må eg seia som det står i koret Takk store Gud,takk store Gud! Godt nytt år til kjære og kjende!

Tekst:Solveig Thu


Julefrukost med husforsamlinga vår

I går hadde Solveig invitert heile husforsamlinga vår til stor julefrukost. Me var tilsaman 17 barn og vaksne som kunne nyta alt det gode ho hadde stelt til for oss. Solveig elskar å stella til gode og fine matgilde. Ho elskar å tena og gjera det gildt og fint for andre. Det viser ho på mange måtar.

Julefrokost

Det var ikkje alle som kunne koma, slik vil det alltid vera. Jula er ei tid kor mange reiser heim til sine og nokre av våre trufaste venner hadde reist for å feira med familien sin i Rogaland. Men me saknar alltid dei som ikkje kjem, same kor gode grunnar dei har til å vera borte.

Julefrokost2

Det er alltid godt å eta saman med gode venner. Måltidet er viktig i å byggja vennskap og fellesskap. Å sitja rundt bordet, nyta maten og den gode indiske teen medan me drøser, tatlar og radlar, er himmel på jord. Det er utruleg kor lett det er å opna hjartet sitt over ein god kopp kaffi eller te, eller med ei brødskjeva med sursild i munnen. Måltid og fellesskap høyrer saman.

Julefrokost3

Når me møtest rundt bordet er det plass til store og små. Både barn og vaksne tek del. I storfamilien er det raust og ope. Det er lett å dela og lett å ta imot frå kvarandre.

Eg takkar Gud for husforsamlinga vår. Eg takkar Gud for gleda av å tilhøyra. Etter frukosten vår hadde me ei god stund kor me song julesongar og takka Gud for kvarandre. Då var det også naturleg å leggja hendene på dei som sleit med sjukdom og andre vanskar så me saman kunne be om lækjedom og helse til kropp og sjel.

Gud har velsigna oss med eit flott hus i skogen. Her har me rom for mange. Me gler oss kvar gong me har venner på besøk som me kan dela livet og trua med.

 


My mother's hallmark

At Christmas I always remember my parents and my beloved ones who have been promoted to glory. Christmas is a time of remembrance, reflection and celebration as we ponder the mystery of the incarnation. God became human and came to us as a Child. God also came to me through my mother.

My wonderful, loving and caring mother went to be with the Lord in 2010 at the age of 92 years old. She had finished the race, was tired, longing to meet with her Lord and Saviour, longing to take part in Heavens joy. I think she will hear the words: «Welcome you faithful servant»!

Continue reading "My mother's hallmark" »


Tankar frå godstolen.

Denne jula er ulik alle andre sidan vi gifta oss for snart 49 år sidan. For første gong er vi heime aleine utan noen barn eller slektningar med oss, og det er spesielt. Vi var velkomne til å koma til fleire, men etter ein haust med mykje reising var det godt å berre vera heime og nyta freden og roen i huset i skogen i lag. Vi har vore på skype eller i telefon med alle barna våre desse dagane og det var gildt, veldig koseleg. Men nå har eg tid til å sitja i godstolen, lenge--! Eg kan lesa, meditera, be, syngja, ja det er i det heile utruleg kor mykje ein kan gjera frå godstolen. Eg fekk fleire bøker til jul og eg elskar å lesa, så dei to siste dagane har eg lese ut ei av dei gode bøkene. Den heiter " det kalles nåde" Ei svært god bok syntes eg, engasjerande, om livet på ein plantasje etter den amerikanske borgarkrigen i 1860 åra. Sørstatane har tapt, slaveriet er over, og korleis dei kvite i denne familien taklar den nye situasjonen, spesielt om ei mor, dotter og ein frigjeven slave på plantasjen der handlinga foregår. Det handler og om Guds hjelp og korleis han grip inn i dei mange situasjonane. Eg les om hat og bitterhet men og om tilgjeving  og nåde.
Det var fengslande lesing, eg fall i tankar etterpå. Eg tenkte på det å vera bunden og det å vera fri. Eg er også bunden, til ein Herre, ja til Herren Jesus Kristus som eg aldri vil gå bort frå. Han betalte ein dyr pris så eg skulle gå fri, betalte med sitt eige liv. Han er ein god Herre å tena, eg elskar han, eg kan med glede kalla meg slaven hans. For eg veit eg er også fri, fri til å leva, rikt, sterkt, spanande. Kor herleg, kor stort! Eg smilar her eg sit i godstolen, smiler og tenkjer og på han som nett nå sit i ein anna godstol, han som eg også er bunden til med kjærleiksband. Kor rik eg er, kor godt eg har det, det er gildt å ha god tid til godstolen i dag!

Tekst: Solveig Thu


Nye ord og vendingar i bibelspråket

Kvar morgon etter frokost set eg meg i godstolen min og les i Bibelen. I huset i skogen har eg eit flott bibliotek, eller skrivestove som eg helst liker å seia, med mange biblar i ulike omsetjingar. Nokre omsetjingar har eg berre på nettbrettet mitt, men dei fleste er i skikkelege bøker. Eg liker å halda Bibelen i handa og bla gjennom sidene. Det er noko med å halda ein Bibel i handa, opna han, finna det rette avsnittet og la orda tala til hjartet.

Eg er veldig glad i Bibelen og liker å lesa han i så mange ulike omsetjingar som råd er. Det er stort at me har fått fleire nye norske omsetjingar av Bibelen dei seinare åra. Då eg var ung hadde me berre Bibelselskapet sine Biblar på gammalmodig Nynorsk og Bokmål. Heldigvis har Bibelselskapet kome med to nye utgåver av Bibelen sidan den tid. Eg liker begge desse utgåvene av 1978/85 og 2011. Og sjølvsagt er nynorskbibelen den beste!

Eg har idag skrive eit innlegg på den engelske bloggen min om å frykta Gud eller å æra og elska han. I mine tidlegare nynorskbiblar stod om å ottast Gud eller å ha age for han. I 2011 omsetjinga står om dei som fryktar Gud. I nyare engelske biblar vert uttrykket "dei som fryktar Gud" omsett med "dei som trur," "dei som ærar Gud," "dei som er lojale mot Gud," "dei som elskar Gud og ynskjer å gleda han."

Det er tydeleg at desse nyare måtane å seia dette på er lettare å forstå og skapar fleire positive kjensler og tankar i oss. Det i seg sjølv er ein god ting, tenkjer eg. Å ottast Gud, er ein seiemåte eg aldri bruker for han er ikkje ein naturleg del av dialekten min. Men eg forstår at det har noko med å vera redd for Gud som er ein heilag og skræmande. Å ha age for Gud, er heller ikkje ein del av kvardagstalemåten min, men uttrykket er meir positivt lada for meg enn det å ottast Gud. Å frykta Gud, er heller ikkje noko eg seier så ofte, men uttrykket er ein del av det religiøse språket. I denne samanhengen forstår eg frykt som ærefrykt. I den gamle katekismen stod det om å ottast og elska Gud slik at me lyder han.

Å ottast å elska, eller å frykta og elska, går normalt ikkje godt saman. Apostelen Johannes seier at det finst ikkje frykt i kjærleiken, for den fullkomne kjærleiken driv frykta ut (1.Joh.4,18). Frykt og kjærleik går ikkje i hop. Dei kan normalt ikkje sameinast. Dei er på ein måte motsette kjensler utelukkar kvarandre.

Dei nyare måtane å gjengje det gamle uttrykket "dei som ottast Gud", er mykje meir tilgjengeleg for oss. No handlar det  om å tru og tillit, om å æra Gud, om å vera lojale mot Gud, "om å elska Gud og ynskja å gleda han.

Den nye bibelomsetjinga av 2011 er svært god, tykkjer eg, men me treng fleire nye omsetjingar med nye ord og vendingar som hjelper oss å læra Guds hjarte å kjenna.

 

 

 


Høgtlesing

I adventstida fekk me tilsendt ei bok med tittelen: "Mitt umulige barn"Boka er skriven av Jostein Ørum og inneheld 25 meditasjonar. Me tykkte at boka såg interresant ut og bestemte oss for å lesa henne saman. Det er Solveig som les for meg, kvar morgon, helst ved frokostbordet. Eg berre nyt den mjuke røysta hennar og dei meditasjonane ho les. Her er mykje å tenkja og grunna på.

Det hender ofte at me les høgt for kvarandre ting me liker eller finn verdt å tenkja på. Det er ein god ting å lesa høgt for kvarandre i heimen. Det skaper ro. Me må jo sleppa det me held på med og høyra godt etter det den andre vil dela gjennom høgtlesinga. Når me les ei bok, dag etter dag, meditasjon etter meditasjon, skaper det ettertanke og djupe samtalar. Høgtlesing skaper fellesskap i ein ny verden utanføre oss sjølve.

Det hender ofte at me les i kvar vår bok eller i kvar vår avis. Det er vel rett å seia at for det meste les me kvar for seg våre eigne ting, på nettet, i tidskrift og bøker. Veden knitrar i peisen, stearinlysa er tende og freden rår mellom oss. Eg vil ikkje seia eit einaste vondt ord om dette som me oftast gjer, men å lesa høgt for kvarandre legg noko til. Høgt lesinga tek oss inn i ein ny dimensjon, eit nytt tilvære. Ho som les fargar orda med sitt tonefall og ansiktsuttrykk.

Eg må nok konsentrera meg meir når eg lyttar til høgtlesing enn når eg les for meg sjølv. Det krev meir av meg å lytta enn å lesa, tykkjer eg. Likevel er det godt å øva seg til å høyra godt etter og leva seg inn i det som vert lese høgt av ei kjær røyst.

Eg vil takka Hilde Lauten Halvorsen som sende oss denne boka som lærte oss å setja meir pris på høgtlesing enn før.


Det er ikkje alle planar det vert noko av

For to år sidan hadde eg mange planar for ein ny blogg som eg ville kalla "Huset i skogen". Eg ville saman med kona skriva om livet på landet i Nordhordland, på den plassen som me kallar "Huset i skogen". Eg har blogga på engelsk i mange år og no ville me starta ein norsk blogg om det livet me lever i kvardagen, om folk me møter og bøker me les.

Me ville samla alle dei andre wedsidene mine  Erling ThuMeiningar,   I am Somebody, Solveig Thu og samordna dei ut frå hovudsida som skulle vera "Huset is skogen". Nokre flinke webfolk skulle hjelpa oss med layout og design og organiseringa av alle websidene på den nye sida. Me snakka saman, la ein plan og sette igang å arbeida. Men ein dag, etter eg hadde venta med tolmod ei stund, hoppa ekspertane av heile prosjektet. Då stoppa alt opp.

No har det gått t0 år og eg vil prøva å starta på ny, men sidan eg ikkje kan programmera og laga noko samla oppsett for sidene mine så må det verta enklare. Eg vil berre starta å skriva på denne enkle sida og sjå koss livet veks og utviklar seg.