Livet på landet har gjort oss godt
Det finnest berre ei Mor!

Misjonsvenn – misjonsmentor

Det er lettare å driva misjon enn nokon gong før, samstundes som det er meir utfordrande og krevjande for ein vanleg kristen. Då eg var ung var det opplest og vedteke at misjon var for dei med eit kall til å reisa til land langt borte for å forkynna for dei som ikkje hadde høyrd evangeliet. Jo, sjølvsagt var me som var heime og samla inn pengar til misjonsarbeidet der ute viktige, men det var berre dei der ute som var dei verkelege misjonærane.

I dag er mykje lettare å vera direkte involvert i misjonsarbeidet. Kommunikasjonen har vorte så mykje enklare. Me har fått sosiale media der me kan vera venner med folk frå heile verda. Dei som er på misjonsmarka kan knyta nye kristne der saman med erfarne kristne i heimlandet, om dei begge kan litt engelsk eller eit anna felles språk. Misjonsvennene heime kan på denne måten verta nære medarbeidarar i å hjelpa nye kristne til å verta grunnfesta i trua.

Misjonsvenner kan verta misjonsmentorar! Eg kan sitja heime i mi eiga stove og ved hjelp av Skype, eller liknande program, samtala med og rettleia medarbeidarar i lukka misjonsland. Når me likevel har breiband kostar det ikkje noko ekstra å bruka slike program til å ha meiningsfullt fellesskap med kristne som møter vanskar og utfordringar i kvardagen sin langt borte.

Litt seinare går det jo med e-post, men kommunikasjonen er jo der og mykje betre enn gjennom vanlege brev som framleis kan ta veker på å koma fram. Eller me kan senda oppmuntrande tekstmeldingar på mobiltelefonen. Det kostar heller ikkje all verda å ta ein telefon heller om me ikkje har tilgang til billege samtalar via internett.

Solveig og eg har dei siste åra vore på mange misjonsturar og knyta mange gode kontaktar med kristne leiarar i mange land. Så godt som kvar einaste veke og ofte mange gongar i veka har me kontakt med kristne arbeidarar i Asia gjennom internett. På den vide verds veven knyter me sterkare vennskapsband og gjev råd og rettleiing. Eg trur denne kontakten er til oppmuntring for vennene våre, men me er minst like mykje oppmuntra som dei. Det er stort å få vera både ein misjonsvenn og ein misjonsmentor, utan å vera misjonær i vanleg forstand. Det er flott at mange nye oppfinningar gjer det lettare for oss å driva misjon!

Tekst: Erling Thu

Comments