Misjonsvenn – misjonsmentor
Kva er viktigast: å ha rett eller å leva rett?

Det finnest berre ei Mor!

Det finnest myriadar av stjerner på himmelen

-         men det finnest berre ei Mor!

Det finnest uteljande mengder av blomar på marka

-         men det finnest berre ei Mor!

Det finnest tusentals diamantar og edelsteinar

-         men det finnest berre ei Mor!

Det finnest uendelege mange perler og smykke

-         men det finnest berre ei Mor!

 

Det finnest berre ei Mor! – berre ei Mor med stor M!

Namnet hennar er: Mi Mor!

 

Mi Mor lærte meg å elska

-         ved å teia og lida og tena, viste ho kva kjærleik er!

Mi Mor gav meg lysande verdiar

-         som eg trygt kan styra livet etter

Mi Mor lærte meg å verdsetja den sanne rikdom

-         det som er reint og rett, heilagt og godt, ærleg og sant

Mi Mor kasta glans over alle gjeremål

-         ho lærte meg å sjå det store i det små

 

Mi Mor har vorte gammal og skrøpeleg

-         men er krona med den kvitaste krans

Mi Mor har vorte krokryggja og skral til beins

-         men ho er skjønnare enn nokon gong

Mi Mor er veik og held på å verta hjelpelaus

-         men augene er levande og smilet er varmt

Mi Mor har rynker i ansiktet og skrukkute hud

-         men ho er eit kunstverk

-         ein stor kunstnar har teikna inn

-         sitt himmelske merke av herlegdom på henne

 

Det finnest berre ei Mor!

Takk at du bar meg fram!

Takk at du gav meg livet!

Takk at du passa på meg!

Takk for varme klede og kjærleg omsorg

Takk for gode ord og strenge formaningar

Takk for at du lærte meg å be!

Takk for at du er Mi Mor!

Ingen er som deg, du er den beste, - du er Mi Mor!

Comments