Misjon og nytenking
Livet på landet har gjort oss godt

T4T – trening for trenarar

For nokre år sidan las eg historia om ein misjonær som i 2001 samla 30 trøytte kristne bønder og utfordra dei til å vinna menneske for Gud og planta nye forsamlingar i landsdelen sin i det stengde landet sitt. Han sa han var kome til dei for å trena dei til å gjera dette. Berre 11 av dei frammøtte hadde gjort heimeleksa si til neste samling, men misjonæren heldt fram med å trena desse. I løpet av eit år såg dei 53.430 menneske koma til tru på Jesus Kristus og verta døypte. 3.535 nye forsamlingar vart starta. Det andre året vart 104.542 menneske kristne og 9.320 nye forsamlingar vart starta. Eg vart fylt av glede då eg høyrde om dette og skreiv ein artikkel om det som var til oppmuntring for mange.

No har eg fått tak i siste nytt om dette arbeidet som vart starta av Ying og Grace Kai. Deira måte å arbeida på, som dei kaller T4T – trening for trenarar, og er no den mest fruktbare måten å vinna menneske for Jesus Kristus og byggja forsamlingar på i vår tid, ja kanskje i heile kyrkjesoga. Desse misjonærane var fått nåde frå Gud til å setja i gang ei forsamlingsplantingsrørsle av slike dimensjonar at det er vanskeleg for ein liten jærbu, som meg, å fatta.

Etter 10 år med fokus på å trena trenarar har denne rørsla døypt 1.738.204 nyomvendte heidningar til Kristus og starta 158.993 nye forsamlingar. Eg veit ikkje eingong kva ord eg skal setja på dette. Til og med ordet vekking tykkest å vera for veikt til å skildra dette som verkeleg har hendt i vår tid. Denne rørsla er så stor at det er vanskeleg å fylgja med på alt som hender, men desse tala er eit resultat av nøye gransking. For alle som les engelsk er denne boka umisteleg: T4T: A Discipleship Re-Revolution, av Steve Smith med Ying Kai.

T4T har alt vorte eit omgrep i misjonskretsar internasjonalt og har vorte prøvd ut i mange ulike miljø med svært gode resultat. Det er no mange forsamlingsplantingsrørsler mange stader, serleg i Asia, som dette fokuset på å vinna menneske for Jesus Kristus og å trena dei til å vinna andre og trena dei til å vinna nye som kan vinna og trena nye osv. Når ein har fire generasjonar av forsamlingar som plantar nye forsamlingar snakkar dei om at det er ei forsamlingsplantingsrørsle.

Eg viser til internettsida www.churchplantingmovements.com som har mykje godt stoff om å setja i gang ei forsamlingsplantingsrørsle. Om norske kristne får same iver og fokus som Ying Kai vil me kunna vera med å vinna mange menneske for Jesus og sjå nye forsamlingar veksa fram i vårt land og alle andre land.

Tekst: Erling Thu

Comments