Tid til å vera tydeleg
T4T – trening for trenarar

Misjon og nytenking

Det føregår mykje spennande nytenking om misjonsarbeid i framande land i mange organisasjonar som lovar godt for misjonsarbeidet i tida som kjem. Det eg vil skriva i dag er vel ikkje noko nytt, men likevel trur eg me treng å tenkja grundigare gjennom dette. Eg vil fokusera på ei breiare forståing av misjon og ei aktiv utsending av tusenar av nye misjonærar!

Eg trur det er tid til å forstå at misjon er Guds hjartesak. Fordi Gud er kjærleik en han ein sendande Gud. Han elska verda og sende Jesus for å frelsa verda urett og vondskap. Guds plan er en frelsesplan for heile verda. Guds misjon er å berga verda og alle menneske som bur på jorda. Jesus kom for å gjera ende på djevelens gjerningar og forkynna godt nytt om Guds rike som var kome nær for å gjera omskapa verda.

Om me forstår misjon som Guds arbeid for å berga heile verda, menneske og samfunn, folkeslag og kulturar, kan me ikkje tenkja på misjon som noko som føregår i framande land. Misjon er å vera Guds medarbeidar for å sjå Guds frelseplan, om at alt i himmelen og på jorda skal samlast til eitt i Jesus Kristus, verta fullført.

Forsamlingane si store oppgåve er å senda ut tusenvis av nye misjonærar. Det treng ikkje kosta mykje pengar. Det handlar om å anerkjenna kva nådeutrustning og kall folk har og senda dei ut som misjonærar på arbeidsplassar og studieplassar. Me treng tusenvis av nye misjonærar av ”teltmakartypen” i vårt eige land, i Europa og til endane på jorda. Me må nå nye grupper av menneske i vårt land og unådde folkegrupper i andre land.

Koss kan folk koma til tru, venda om, verta døypt og få eit heilt nytt liv om det ikkje er nokon som forkynner godt nytt om Guds rike i deira kvardag? Koss kan nokon forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Dette er den apostoliske problemstillinga til Paulus (Rom.10,14-15) som eg er redd me altfor ofte overser. Eg trur at konkret utsending gjer noko med dei som vert send. Det skaper tryggleik og frimod hjå dei utsende. Dei kan vitna, forkynna og dela trua si med større tyngde enn før utsendinga og dei vil bera meir frukt. Utsendinga utrustar dei til å forkynna med verknad.

Det er stor skilnad på verknaden av bodskapen vår om me er ”personlege frilansarar” eller om me er skikkeleg utsendingar. Det veit eg frå mitt eige liv. Eg veit kva det er å gå på eige initiativ og stå på med alt du har og sjå lite frukt. Eg veit og kva det er å vera sendt og sjå frukt og gjennombrot eg tidlegare berre kunne drøyma om. Det er ei stor velsigning og utrustning i å vera sendt.

Gud kallar oss til å vera hans medarbeidarar, til å vera misjonærar på jobb og i fritid. Forsamlingane må tenkja nytt i å senda folk ut som misjonærar i sin eigen kvardag.

Comments