Previous month:
December 2010
Next month:
July 2011

1 entry from March 2011

Det er utruleg kva ein blomekrans, ære og vennlege ord kan utretta!

Solveig og eg har fått den store nåde å gjera teneste i India i mange år. I hinduismen som er den rådande religionen er folk delt inn i fire hovudkaster med mange underkaster i kvar av dei. Dess høgare kaste du tilhøyrer dess meir ære og vørdnad har du krav på. Dei kastelause er sett på som ureine og ærelause. Dei vert ofte behandla som dyr og nokre gonger verre enn dyr. Den kristne forståinga av at alle menneske er skapte i Guds bilete og er likeverdige vert teke imot med glede av dei kastelause, medan det er ein snublestein for dei som tilhøyrer dei høgare kastane. Det å visa ære til dei som har krav på ære sit ganske djupt i kulturen, som det også gjer at dei frå lågare lag i folket dei kan du berre oversjå og ikkje bry deg om. Nestekjærleik og likeverd synest å vera ukjende omgrep i kulturen.

Når me kjem til Jaipur vert me ofte ynskja velkomne med ein blomekrans. Det er ein vanleg måte å visa ære og verdsetjing. Me tekk imot blomekransane og æra med takk, men ofte nyttar me også høvet til å bruka blomekransane til å æra folk i forsamlinga etter på. I ei gudsteneste der me hadde fått blomekransar og ærefull velkomst la Solveig merke til ei gammal dame ho ikkje hadde sett før. Ho opplevde at Gud sa at ho skulle gje blomekransen sin til denne gamle dama og gjorde så. Det at Solveig, den kvite dama frå utlandet, gav blomekransen til denne gamle dama gjorde under og frigjorde mykje god energi.

Det viste seg at det var fyrste gongen denne dama var på ei kristen samling. Ho hadde i mange år ofra til dei hinduistiske avgudane utan å få noka svar. Ho hadde besøkt mange store tempel og heilage Sadhuar. Ho hadde bore fram mange og dyre offer. Men ingen brydde seg om henne. Dei heilage Sadhuane hadde ikkje tid til å snakka med henne. Guruane hadde ikkje tid til å læra henne noko. Prestane hadde ikkje tid til anna enn å ta imot ofringane ho bar fram. Ho kjende seg oversett og vanæra, men kva anna kunne ho venta, ho som tilhøyrde ein låg kaste? Men ho heldt fram med å ropa til Gud om at han skulle svara henne, at han skulle gje henne eit teikn på at han brydde seg om henne.

Då Solveig gav henne blomekransen, omfamna henne, klemde henne kjærleg og talte oppmuntrande ord til henne, var dette det teiknet ho hadde venta på i heile sitt liv. Den fyrste gongen ho kom til eit kristent møte møtte ho folk som såg henne og æra henne. Ho var vandt me å verta oversett. Ho var vandt med å verta sett ned på. Ho var vandt med å møta vanvørdnad. No møtte ho kjærleik, vørdnad og ære gjennom ei kvit kvinne frå utlandet. Men størst av alt, ho møtte Guds kjærleik og nåde til frelse i Jesus Kristus den føremiddagen. Med glede gav ho livet sitt til Jesus Kristus og tok imot frelse ved å sanna at han er den einaste Herren. Eg gløymer aldri den glede som strålte av ho då ho dansa til Herrens ære og takka for frelsa! Nokre dagar seinare vart ho døypt til Kristus. Alt det gamle vart gravlagd og ho vart reist opp til eit nytt i ære  i fellesskapet med Guds folk.

Den kjærleiken og den æra ho opplevde då Solveig gav henne blomekransen og talte oppmuntrande og vennlege ord til henne opna henne for evangeliet og frigjorde eit heilt nytt liv i henne. Jesus gav henne eit liv i ære i staden for eit liv i vanære. Gleda over denne nyfunne frelsa og æra kunne ho ikkje halda for seg sjølv, men måtte dela det med andre kva Jesus hadde gjort for henne. Ho vann mange menneske for Jesus før ho full av glede døydde i trua berre nokre få månader etter at ho kom til Jesus. Det er utruleg kva ein blomekrans, ære og vennlege ord kan utretta!