Jula er misjonstid
27/12/2010
Eg elskar jula. Det er ei fantastisk tid med mange levande lys, strålande stjerner og pragande pynt som får både små og store til å verta levande, strålande og glade. Juleforteljinga rører ved oss og får fram gode kjensler og dei beste lengtar i oss. Me får lyst å vera gode. Me får lyst å skapa endring. Me får lyst å vera på å spreia den store gleda som skaper fred til menneske rundt oss og dei langt borte som aldri har høyrd juleevangeliet.
Jula er ei misjonstid utan like om me bruker henne rett. Jula viser oss Guds misjonerande natur. Jula syner oss at Gud er ein Gud som bryr seg om menneske og som vil hjelpa oss ut or mørkret, ut or den vanskelege stoda me er komne i på grunn av synda som har fylgd menneskeætta frå uminnelege tider.
Jula syner oss ein Gud som oppsøkjer fortapte menneske. Jula viser oss ein Gud som stig ned og gjer seg til eitt med oss på grunn av kjærleik. Det er dette misjon handlar om. Det er å gå til dei fortapte med bod om frelse. Det er å møta menneske der dei er med kjærleik. Misjon er å bera fram godt nytt om Guds rike og skapa glede hjå folk som lengtar og leitar etter fred med Gud, jamvel om dei ikkje kan setja dei orda på lengten sin.
Kjernen i julebodskapen finn me i det kjende ordet frå Johannes evangeliet: ”Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss. Og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning” (Joh 1,14). Når Gud driv misjon, vert han ein av dei han vil nå og flyttar inn i deira nabolag! Han vart ein del av eit nærmiljø og tok del i den lokale kulturen. Her gjorde han seg synleg og viste gjennom eit heilt og raust liv i kjærleik sin herlegdom. Han flaut over av nåde og sanning og folk flokka seg rundt han.
Det kristne fellesskapet eg er ein del av arrangerte julespel på låven til Ole Kristian for tredje gong i år. I mange kuldegradar samla me om lag 300 menneske frå bygda vår til denne framsyninga av juleevangeliet med levande dyr, song og personlege vitnemål. Ole Kristian og kona Silje har gjennom fleire år lagd ned eit stort arbeid for ungdom i bygda og gjort andre tiltak for å velsigna folk i nabolaget. Dette har vorte sett pris på. Misjonsarbeidet deira er lokalt forankra og vert vel motteke.
For mange år sidan var eg påverka av ein slags misforstått radikalisme i forhold til jula. Det gjorde at eg kom i konflikt med dei fleste norske juletradisjonane og slåss for å avskaffa dei. Det kom ingenting godt ut av den kampen mot alt eg oppfatta som lite bibelsk eller direkte heidensk i den norske julefeiringa. Heldigvis berga Gud meg ut av denne misforståtte radikalismen. No kan eg feira jul og driva positiv misjon som skaper glede!
Jula er misjonstid. Me treng å ta jula i eige på ein ny måte og lata ho verta misjonerande i å spreia glede til alle menneske i vårt nabolag og like til endane på jorda
Tekst: Erling Thu