Kjenneteikn på ein profetisk generasjon
My mothers hallmark

Me treng fleire profetiske mødrer

Første Samuelsbok skildrar ei stor vekking og samfunnsendring som me kan læra mykje av i den stoda folket vårt er i dag. Gud brukte ei bedande kvinne, ein ukjend profet og ein ung gut til å endra heile samfunnet.

Det er tydeleg at Hanna gjennom si profetiske innsikt skjøna seg på tidene og forstod at det måtte koma ei endring. Ho bad om ein son som kunne tena Guds plan i si levetid. Ho visste at om ikkje ein slik mann vart reist opp, ville folket verta utarma og undertrykt av fienden og Guds namn ville verta vanæra.

Me treng mange slike profetiske mødrer som kan vera med å reisa opp profetiske menneske som tener Guds plan i si levetid. Profetiske mødrer er klare til å gje store offer for å sjå Guds rike gå fram. Profetiske mødrer bed usjølviske bønner. Profetiske mødrer ber om åndelege søner for Herrens skuld.

Det kom ein ukjend profet. Han var send frå Herren Allhærs Gud. Brått kjem han fram i lyset og forkynner Ordet frå Gud om endring, så er han borte og vi veit ikkje meir om han. Det er ofte profetane sin lagnad å ikkje verta lagd merke til eller verta gløymde når bodskapen er boren fram. Det gjer ingen ting, for profetane er tenarar for Ordet. Det viktige er at Ordet kjem fram til rette motakar og får gjort si gjerning.

I dagane som kjem vil det stå fram mange slike anonyme profetar som ber fram viktige ord frå Gud. Tida med dei store "stjerneprofetane" er over. No lever vi i ei tid kor Herren renner ut sin profetiske Ande over alle menneske. Vi er midt inne i det mange profetar kallar den andletslause vekkinga. Det er ei tid kor Gud bruker vanlege folk til å gjera storverk og kor han reiser opp ein stor flokk av menn og kvinner som tener han heilhjarta og ber fram ord frå Gud til folk og nasjonar.

Samuel var berre ein ung gut då han kom til Silo for å tena Herren. Det som vert skrive om han står i stor kontrast til det som vert sagt om presteskapet. Samuel vaks opp hjå Herren. Han gjekk fram i alder og velvilje både hjå Herren og hjå menneske.

Gud brukte Samuel til å føra folket sitt tilbake til seg. Samuel reformerte heile folket. Han grunnla profetskular der han trena folk til å tena Gud i samfunnet og paktsfellesskapet. Gjennom desse profetskulane utdanna han folk til å kjenna Gud og hans ord og vilje, så dei kunne læra det vidare til andre i sitt eige nærmiljø og gå til andre bygder og byar. Gjennom desse profetskulane og Samuel sine reiser på kryss og tvers av landet skjedde det ei åndeleg oppvaking og vekking i folket som fekk læra koss Den Evige EG ER skulle tilbedast og tenast i heim og samfunn.

Det er mi bønn at Gud vil reisa opp mange bedande kvinner, ukjende profetar og unge gutar og jenter som kan tena han i kvardagen og vera med å føda fram ei ny tid i landet vårt! Me treng fleire profetiske mødrer som kan vera med å be fram ein ny profetisk generasjon som kan føra folket tilbake til Gud.

Comments