Det er tid til å søkja Gud
Me treng fleire profetiske mødrer

Kjenneteikn på ein profetisk generasjon

Den fyrste staden i Bibelen kor ordet profet er nemnd er i 1.Mos.20,7 der Gud kallar Abraham for profet. I ei fotnote til dette verset står det at ordet profet stundom vert nytta i vid tyding om eit menneske som står Gud nær og skal gå ærend for han. Dette er for meg den mest grunnleggjande forståinga av kva det er å vera profetisk. Det er å leva så nært til Gud at me kan gå ærend for han. Ein profetisk generasjon er då ein generasjon av ærendsgutar, folk som kjenner Gud og representerer Gud i det dei seier og gjer. Desse folk vil vera kjenneteikna av:

1. Openberring av Gud på kongstolen

Profetane hadde ofte syner og sterke opplevingar der dei vart overvelda av kven Gud er. Jesaja såg Gud sitja på kongstolen medan serafane song heilag, heilag, heilag. Han såg Gud på kongstolen. Han såg Guds herlegdom. Han såg Guds trufaste paktsnatur. Dette møtet med Den Heilage merkte han for livet og kjenneteikna heile hans profetiske teneste.

Den nye profetiske generasjonen som Gud reiser opp i desse dagane vil ha ei openberring av Guds rike, av Guds styre, av Jesu Kristi Herredøme. Difor vil dei ikkje vera hekta på ting. Dei vil vera fokusert på Jesus. Dei vil vera fokusert på Guds vilje. Dei vil leva i openberringa av Gud som Konge. Dei vil leva under Jesu Herredømme og gjera det klart for alle at Jesus er Herre over alle og på alle område i livet. Me er profetiske i den grad me gjer det Gud vil!

2. Tek Guds ord på alvor

Mest alle bøkene til profetane i Bibelen tek til med desse orda: Herrens ord kom til dei. Såp vert det nemnd kva tid dei levde i og når Ordet frå Gud kom til dei. Gud talte med andre ord inn i ei historisk stode, inn i ein samanheng, inn i eit samfunn, til eit folk. Herrens ord kom til profetane og dei tok ordet frå Gud på alvor. Me finn mange uttrykk som stadfestar dette: Gud har talt. Dette er det Gud seier. Slik lyder ordet frå Guds munn. Både i Det gamle og Det nye testamentet seier Gud til profetane sine: Et denne boka! (Sjå Esek.3,1-4; Op.10,9-11). Då dei hadde ete dei profetiske skriftene vart dei bedne om å tala profetisk til andre.

Den nye profetiske generasjonen tek til seg Guds ord. Dei les og mediterer på Guds ord for å ta til seg åndeleg næring. Dei fyller seg med Guds ord og difor kjenner dei Guds vilje. Dei granskar dei profetiske skriftene og forkynner Guds ord til folk og ikkje moderne psykologi eller menneskemeiningar. Dei skriv ned synene, visjonane og draumane sine som dei får frå Gud. Dei gjer desse no orda frå Gud kjende gjennom alle tilgjengelege media. På denne måten hjelper dei folk å sjå at det Gud seier i Bibelen gjeld i dag og må takast på alvor i levd liv.

3. Står på vakt – lever vakne

Fleire stader er profetane omtalt som vaktmenn. Dei har to funksjonar. Den eine er å åtvara folk som bryt Guds lov ved å fortelja dei om fylgjene av livsførsla si ved å gjera Guds dommar kjende for dei (Esek.3). Den andre funksjonen er å fortelja til Guds folk kva Gud gjer, kor Gud arbeider og kva folket må gjera med dette (Jes.52,8; 62,6-7). Profeten Habakuk sa han ville stå på vakt, stella seg på post og speida for å sjå kva Gud gjer og seier. Gud svarer han med ein gong og seier han skal skriva opp synet og gjera det enkelt å forstå så folk kan handla på det.

Den nye profetiske generasjonen står på vakt og lever vakne. Dei søkjer alltid Herren. Dei vender hjarte og sjel til Gud og har opne auger og øyrer så dei både ser og høyrer Gud i kvardagen. Dei er folk som er vakne og fylgjer med i det som skjer rundt dei. Dei både åtvarar og oppmuntrar folk, alt etter kva Gud seier og gjer.

4. Er teikn og førebilete

Det er profeten Jesaja som seier dette om seg sjølv og dei profetiske sønene sine. Jesaja og dei fleste profetane i Bibelen profeterte ikkje berre med ord, men også med livet sitt. Dei måtte ofte betala ein høg pris ved å leva annleis og syna i kvardagen kva Gud sa til folket sitt. Dei levde ein profetisk livsstil som var utfordrande for samtida. Dei gjorde også mange profetiske stunt, punktmarkeringar og demonstrasjonar for å synleggjera ordet frå Gud.

Den nye profetiske generasjonen vil leva eit profetisk og utfordrande liv. Dei vil skilja seg ut på ein god måte. Dei vil vera teikn, varsel og førebilete med si heilhjarta overgjeving til Herren og si radikale etterfylging av Jesus. Dei vil vera lys og salt i si samtid og sitt nærmiljø. I våre mørke dagar skal det ikkje så mykje til å vera lys i verda. Å leva eit normalt kristenliv etter Bibelsk standard er å vera profetisk i våre dagar. Kristne harmoniske ekteskap og heimar er profetiske førebilete med stor verknad.

5. Tek ansvar og steller seg i gapet

Profetane var aldri passive tilskodarar som klaga over kor ille det stod til i samfunnet. Dei kunne forkynna Guds dom over folk og nasjonar, men oftast tok dei ansvar for folk og land ved å gå i forbønn for dei som var råka av dommen. Profeten Moses er eit godt døme på dette. Israelsfolket vekte Guds vreide mange gongar, men Moses gjekk i mellom, stelte seg i gapet, bad inderleg til Gud for dei, og berga dei frå Guds dom. Profeten var ein ulastande mann kom raskt til hjelp. Han kjempa for folket  med dei våpen som var gjeve han i hans teneste: forbønn og sonande røykjelse, slik forsvarte han dei mot Guds  vreide og gjorde ende på ulukka, så det vart tydeleg for alle at han var din tenar. Ikkje med store krefter og ikkje ved våpenmakt overvann profeten Guds beiske harme, nei, bare ved eit ord overvann han han som straffa. Han minna han om lovnadene og paktene som var gjevne til fedrane (Sjå Visdoms Boka 18,20-22).

Profeten Esekiel syner oss Guds hjartesukk med desse orda: Eg leita mellom dei etter ein mann som kunne tena meg med å byggja opp muren og stella seg i rivnene til forsvar av landet, så det ikkje skulle verta øydelagt. Men eg fann ingen (Esek 22,30).

Den nye profetiske generasjonen Gud reiser opp tek ansvar ved å gå i forbønn for folk og nasjonar. Dei steller seg i gapet til forsvar for landet så dei kan vera med å byggja landet med gode lover, for elles vil ulover øyda det. Gud har inga ynskje om å straffa, men han ynskjer å berga menneske. Difor reiser han opp ein ny profetisk generasjon som tener han ved å stella seg i gapet, stella seg i rivnene, ta plass der alt er nedrive og øydelagd for å berga og gjenreisa nasjonen til lydnad og tru. Profetiske folk er folk som ber. Profetiske folk er folk som legg livet sitt ned for å berga andre.

6. Openberring av Guds gjenreiste hus

Profetane var opptekne av at Gud skulle få huset sitt slik han ville ha det. Dei profeterte alle om den positive verknaden Guds herlege hus ville ha for nasjonane. Profeten Esekiel gjev oss innsyn i dei openberringane Gud gav han om det gjenreiste og herlege templet. På slutten av desse synene førte engelen han tilbake til inngangen av Guds hus. Då såg han noko han ikkje såg fyrste gongen han vart teken til inngangen. Han såg ein dobbeltbekk renna frå Guds hus. Bekken vart til slutt til ei stor elv ingen kunne vassa over, men berre symja i. Men det engelen ville han skulle sjå var verknadane av elva. Han fekk sjå at overalt kor denne elva frå Guds hus flaut vart det liv og helse. Trea som vaks langs elvekanten gav lækjedom til nasjonane. Me finn det same bilete om elva som flyt frå Guds nærvær og fører til lækjedom for folkeslaga i den profetiske Openberringsboka. Alle profetane bar ei openberring med seg om Guds herlege hus og kor viktig det er for verda.

Den nye profetiske generasjonen er, slik Jesus var, brennhuga for Guds hus. Dei gjer alt dei kan for at Gud skal få forsamlinga sin slik han vil ha henne for seg sjølv: Herleg og heilag, utan flekk eller rukke, ei skjønn brur. Dei er ikkje opptekne av kyrkjesamfunn eller organisasjonar. Dei byggjer ikkje sine eigne religiøse imperium. Dei har sett i Anden kva slags hus Gud vil ha, kva slags kristent fellesskap han vil ha, kva slag forsamling Gud vil, og kan ikkje slå seg ti rom med noko anna.

7. Openberring av Guds åndsfylte paktsfolk

Profetane talte om ei ny pakt som Gud skulle gjera. Denne pakta skulle vera annleis enn pakta Gud gjorde med Israelsfolket gjennom Moses. I denne nye pakta skulle folk oppleva å få syndene sine tekne bort slik at dei slapp å leva medvitne om synd. Alle som hadde fått del i den nye pakta skulle kjenna Gud, både små og store. Profeten Malaki profeterte om ei tid då Gud skal venda fedrehjarta til borna og barnehjarta til fedrane. Det åndsfylte paktsfolket Gud skulle reisa opp i dei siste dagane skulle ikkje ha noko generasjonskløft. Både gutar og jenter, unge og eldre, menn og kvinner skulle kunna tala profetisk av di dei var fylte av Anden og kunne sjå syner og høyra frå Gud.

Den nye profetiske generasjonen gjev ikkje rom for skilje mellom Guds folk på grunn av alder eller kjønn. Dei tenkjer ikkje i mann og kvinne eller unge og gamle, dei ser seg alle som Guds tenarar, utrusta av Den Heilage Ande til å gjera Guds vilje og tena Guds plan i si levetid, hand i hand, skulder ved skulder.

Tekst: Erling Thu

 

 

 

Comments