Previous month:
December 2009
Next month:
May 2010

2 entries from April 2010

Kjenneteikn på ein profetisk generasjon

Den fyrste staden i Bibelen kor ordet profet er nemnd er i 1.Mos.20,7 der Gud kallar Abraham for profet. I ei fotnote til dette verset står det at ordet profet stundom vert nytta i vid tyding om eit menneske som står Gud nær og skal gå ærend for han. Dette er for meg den mest grunnleggjande forståinga av kva det er å vera profetisk. Det er å leva så nært til Gud at me kan gå ærend for han. Ein profetisk generasjon er då ein generasjon av ærendsgutar, folk som kjenner Gud og representerer Gud i det dei seier og gjer. Desse folk vil vera kjenneteikna av:

Continue reading "Kjenneteikn på ein profetisk generasjon" »


Det er tid til å søkja Gud

I desse dagane seier Den Heilage Ande til mange kristne menneske over heile landet at det er tid til å søkja Gud. Mange gode bønne og faste tiltak er sette i gang. Januar månad har vore ein månad med felles bønn og faste mange stadar i landet vårt. Anden held fram med å seia at det er tid til å søkja Gud. Det er tid til å bruka tid for Guds åsyn. Det er tid til å spørja Herren til råds. Det tid til å koma nærare Gud så me kan tena hans plan for vår tid og sjå ein ny profetisk generasjon reisa seg.

Continue reading "Det er tid til å søkja Gud" »