Made so wonderfully complex
What a letter can do

Å reisa overalt for å vera saman med Guds folk

Kona mi og eg er nett heimkomne frå reise i India og Nepal for å vera saman med Guds folk. Me har gjort det same som apostelen Peter gjorde. Han reiste omkring overalt og besøkte dei heilage  (Apg 9,32). Medan han gjorde det såg han mange behov og vart brukt av Gud til hjelpa folk til lækjedom og nytt liv. På grunn av det Gud gjorde gjennom han då han var saman med Guds folk kom mange folk til tru, ja ein heil by vende om til Herren (Apg. 9,35,42). For eit effektivt misjonsarbeid! For ein enkel måte å driva misjon på!

På denne reisa vår har me fått mange tilbakemeldingar frå førre besøk. Me har fått høyra om folk som har vorte friske frå sjukdom etter me bad for dei førre gongen me var saman med dei. Me har høyrd om barnlause ektepar som har fått barn eller vorte gravide som svar på våre bønner. Me har høyrd om elevar og studentar som har gjort det bra på eksamen etter forbønn. Men det største er at me har fått høyra at folk har kome til tru på Jesus Kristus, at dei har vendt seg bort frå avgudar, vorte døypte and lagde til det kristne fellesskapet.

Før me reiste frå Noreg fekk me profetiske ord for denne turen om at me skulle sjå frukt av arbeidet vårt og at Gud ville gje meir frukt i dagane som kjem. Kvar einaste stad me har vore har me fått tilbakemeldingar om frukt utan at me har bede om det, men folk har kome av seg sjølv for å fortelja oss kva Gud har gjort.

Den første som fortalde om frukt av arbeidet var Kul Bahadhur frå Nepal. Han kom til ei samling me hadde i India for seks år sidan. Dette var første gongen me såg han på seks år. Etter alle desse åra kunne han framleis minnast undervisninga vår om kristent fellesskap og familieliv. På desse åra har han planta to store og tre mindre forsamlingar. Meir enn seks hundre hinduar har teke imot Jesus Kristus som Herre og Frelsar og vorte ein del av det kristne fellesskapet. Dei har fått skikk på ekteskapa sine og lever no i fred og velsigning. Heilt enkelt fordi nokon reiste til dei, brydde seg om dei og gåve dei Guds ord.

Ein stad stod ein eldre mann fram med ei sliten notisbok kor han hadde skrive ned undervisninga me gav for tre år sidan. Han fortalde at undervisninga hadde vore til stor hjelp for han og han kunne vitna om at Ordet hadde bore frukt i livet og familien hans, ja også i forsamlinga han tilhøyrde. Han hadde fått nåde til å sjå menneske verta lagde til det kristne fellesskapet.

Me driv ikkje med mykje preiking, men me snakkar med folk. I samlingane les me frå Bibelen og samtalar om kva Ordet seier. Når folk er sjuke ber me for dei. Ja, folk vil ha forbønn for seg sjølv og andre for mange ulike ting. Me legg alt dette fram for Gud. Så kjem me attende etter eit år eller to og får høyra at Gud har gjort under og at nye menneske har kome til tru. Gud er god.

Comments