Å gråta med dei gråtande
Nyklar til framgang i misjonsarbeidet

Profetordet står fast!

Peter er opp i åra og forstår at han ikkje har lenge att å leva og skriv for å hjelpa dei kristne til å svara på spørsmål frå tvilarar og forførarar:

Kor vert det av oppfyllinga av profetorda? Kristus har ikkje kome, kanskje han ikkje kjem? Dei kristne forventingane må vera feil!

Ikkje høyr på slike negative røyster, sa apostelen. Me kunngjorde vår Herre Jesu Kristi makt og kome for me var augnevitne til hans guddommelege velde. Det me forkynner er

- ikkje oppdikta eventyr

- ikkje klokt uttenkte mytar

- ikkje tome og menneskelege draumar

Me har høyrd frå Gud. Me har sett hans guddommelege velde. Difor står profetordet så mykje fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å halda fast på. Det er ei lampe som skin på ein mørk stad til dagen gryr og morgonstjerna stig opp i hjarta dykkar. Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. For aldri vart noko profetord bore fram ved menneskevilje, men drivne av Den heilage ande tala menneske ord frå Gud (2.Pet.1,16-21).


Apostelen Paulus seier at me må gje akt på dei profetorda som er tala over oss. Han seier at me skal strida den gode striden i tru og i bønn i samsvar med dei profetorda me har fått (1Tim.1,18).

Profetordet står fast, og me gjer vel i å halda fast på det!

Gjennom heile Bibelen møter me vanlege menneske som held fast på det profetiske ordet frå Gud og som reiser seg til handling og gjer storverk. Det profetiske ordet var drivkrafta som utløyste tru og mot til å leggja ut på ei reise og gå mot eit mål som var langt utanføre dei menneskelege føresetnadane. Den profetiske draumen bar dei gjennom livet og hjelpte dei å overvinna store utfordringar og løysa uløyselege vanskar. Vona - håpet er ei av dei viktigaste kjeldene til livskraft og livsmot hjå menneske. Den profetiske draumen hjelper menneske å bryta banda som bind oss til det fysiske og forgjengelege, og viser at ånda i mennesket er meir i slekt med æva enn det timelege. Utan draumar sluttar hjartet å slå, men når dei profetiske draumane er levande, er mennesket levande, jamvel om livet ebbar ut på torturbenken!

Profetordet er som soloppgangen, morgonglima av lys, som varslar ein ny dag. Den nye dagen er komen, men enno er det berre morgon. Den nye høglyse dagen kjem! Jesus har makt til å skapa ei ny jord, ein ny verdsorden, ein ny røyndom av forsoning og fred. Jesus har kome med eit nytt rike, eit rike som er annleis enn alle dei undertrykkjande rika som rår i verda i dag. Dette riket har kome, og det kjem. Difor er dei profetiske orda både røyndom og lengt på same tid. Profetordet skildrar eit verkeleg liv som er levd i von og visjon om at det skal levast på ny i stadig større omfang.

Eg veit at alle Guds gode draumar skal oppfyllast i si tid. Profetordet skal oppfyllast! Gud vaker over ordet sitt for å setja det i verk. Himmel og jord skal ein gong gå til grunne, men lovnadene frå Gud står fast. Alt han har sett seg føre vil han fullføra. Han er ein allmektig og trufast Gud som gjennomfører alt etter sin eigen plan og vilje. Når tida er inne vil han fullføra sin plan for menneska: å samla alt til eitt i det fullkomne mennesket Jesus Kristus, alt i himmelen og på jorda i han.

 

Fordi me held fast på det profetiske ordet kunngjer me vår Herre Jesu Kristi makt:

Jesus Kristus har all makt i himmel og på jord!

Jesus Kristus har makt til å leggja alle ting under seg!

Jesus Kristus har makt til å gjenreisa alle ting profetane har talt om!

Jesus Kristus har makt og borgar for at alle lovnader skal oppfyllast!

Jesus Kristus har makt til å frelsa og frigjera, både folk og nasjonar!

Jesus Kristus har makt til å løysa alle flokar!

Jesus Kristus har makt til å omskapa samfunnet!

Eg elskar forteljinga om Josef. Denne unge mannen er vel ein av dei mest kjende profetiske drøymarane i Bibelen. Korkje brørne eller foreldra hans var noko serleg glade for dei draumane han hadde. Dei meinte han gjorde seg for store tankar om seg sjølv. Draumane hans skapte vanskar for han. Då han i uskuldig glede fortalde kva han hadde drøymd vart brørne sinte og forarga på han. Ein dag kvitta dei seg med drøymaren ved å selja han som slave til arabarar på veg til Egypt. Her møtte han mange nedturar. Han fekk falske skuldingar retta mot seg og vart kasta i fengsel. Der vart han verande lenge.  Det var ingenting som tydde på at dei profetiske draumane hans skulle verta oppfylt.

Men me kjenner forteljinga om Josef og veit koss det gjekk med han. Trass i store vanskar og vonde levekår heldt han fast på profetordet, draumen og truskapen mot Herren som hadde talt til han gjennom det han drøymde. Ein dag vart truskapen hans lønna. Draumen fekk si oppfylling, til stor velsigning for mange menneske. Av di han ikkje gav opp håpet, men heldt fast på det profetiske ordet, berga han livet til tallause menneske. Dei som var forarga på han og ville han vondt, fordi dei ikkje forsto draumen hans, vart og rikeleg velsigna då draumen hans vart oppfylt.

Josef vart ein frelsar for heile samfunnet og alle nabolanda. Ein ung gut som heldt fast på det profetiske ordet frå Gud, vart brukt til å forandra samfunnet.

Gud skal gjera det på ny! Gud reiser opp ein ny profetisk generasjon som tener Guds plan i si levetid. Dei høyrer frå Gud og handlar på Guds ord. Dei er profetiske i ord og gjerning. Dei skal på ny snu samfunnet opp ned!

Når me held fast på det profetiske ordet, og forstår at Jesus har makt til å forandra samfunnet, har me fått noko større enn seg sjølv og vårt eige fellesskap å leva for.

Då kan me retta tankane våre mot utvikling av heile samfunnet

så det kan verta alt det er meint å vera.

Då er me eit profetisk folk som lever i framtida i dag

fordi me drøymer store profetiske draumar frå Guds hjarta

og alt no har smaka kreftene som høyrer den komande verda til.

 

Når me held fast på det profetiske ordet har me våre røter

i dei store heltane med tru som nekta å godta urett og undertrykking

og let draumen om eit rettferdig samfunn driva dei til storverk,

fordi me ser nye utviklingslinjer og gjer samfunnet betre og varmare.

Me ser oss sjølve som aktive deltakarar i eit kosmisk drama

- der himmel og jord skal samlast i harmoni.

Me ser føre oss eit globalt panorama,

medan me engasjerer oss i nærmiljøet.

Når me held fast på profetordet er me jordnære kvardagskristne

med tru på Den Allmektige

i møte med utfordringar og kriser.

Då er me menneske som ikkje berre står på dørstokken  til ei ny tid,

men som ber den nye tida med oss og skaper endring i vår notid

Heile jorda skal verta full av menneske som kjenner Gud. Heile folkeslag og byar skal venda om til Herren og seia til kvarandre: ”Lat oss be til Herren, Allhærs Gud – Den Allmektige!” Mange folkeslag og mannsterke heidningfolk skal søkja Herren i dagar som kjem.

Når me trur og forkynner at Jesus har makt til å forandra samfunnet,

Vert me  eit fellesskap av menneske

som drøymer draumar i samsvar med det målet

Skaparen hadde då han sette seg føre å skapa.

Då vert me menneske som veit koss me kan utvikla både oss sjølve

og samfunnet me lever i ved å følgja guddommelege naturlover

som heile tilværet kviler på.

Ingen kan oppheva tyngdelova – eller noka anna Guds lov!

Guds rike lover er skrive inn i kvart menneske, inn i heile universet.

 

Når Jesus er Herre mellom oss lærer me koss me kan samarbeida

 og gjera ting saman for å oppnå meir

enn summen av det me kan gjera kvar for oss.

Når me held fast på profetordet er me menneske som ber på dei same draumane,

eig same tru og håp og  er drivne av kjærleiken,

og saman arbeider på å verkeleggjera

Guds eige store draum:

 nyskapa heile verda

og føra ho fram til herleg fullending.

 

Jesus Kristus har makt til å skapa fellesskap

Synd lagar skilje mellom menneske, Jesus forsonar dei.

I verda går alt i stykke og vert oppdelt og fragmentert,

Men Jesus fører folk saman i tette og varme fellesskap.

Jesus byggjer si forsamling slik han vil ha henne:

At Gud skal få sin veg med paktsfolket sitt

Så me audmjukt lever i Guds nærvær

Og har eit brennande ønskje om å gje Gud det Gud vil ha!

Det profetiske ordet skildrar det fellesskapet Jesus skaper:

Eit paktsfolk som syner trufast kjærleik

og praktiserer lojalitet i alle deira mellommenneskelege forhold.

Eit folk som er gode og miskunnsame.

Eit folk som er fredsskaparar, og ikkje yppar til strid!

Eit folk som talar sanning på ein kjærleg måte.

Eit fellesskap som er kjenneteikna av rein glede og lukke

 

Det profetiske ordet fortel at Gud gjenreiser eit heilagt folk

Eit folk som er annleis og skil seg ut

- frå dei religiøse og sekulære samfunna i vår tid!

Eit folk som skil seg ut i god meining!

- ikkje eit folk som skil seg ut fordi dei er tåpelege eller rare,

men eit folk som er vise, snille, glade og gode.

Eit folk i skinnande reinleik og eit godt liv.

Eit heilagt folk som er kjenneteikna av Guds heilage nærvær

- og hans nådige kraftgjerningar!

Eit folk som er heilhjarta for Gud

- og tener han med heile seg.

Eit folk som er fylt av Anden

- eit folk som alltid er tilgjengeleg for Anden til å verka gjennom dei

- eit folk som let seg leia av Anden i kvardagen

- eit folk som tek Guds kraft med seg i kvardagen

på arbeidsplassar, studieplassar, nabolag, butikk og på gata

- eit folk som demonstrerer det overnaturlege kjærleikslivet

Og viser menneske vegen til Gud – gjennom Jesus Kristus.

 

Når me heldt fast på det profetiske ordet vil me verta

Eit djervt folk som Gud reiser opp til å tena hans plan i vår levetid,

Då er me ikkje er redde for motstand,

og kjenner ikkje frykt for framtida,

for me gjev gjev akt på den profetiske røysta,

 og lyder det profetiske ordet frå Guds munn.

Det fellesskapet som Jesus byggjer,

held frimodig fram kva Guds ord seier

og lever det ut i kvardagen som eit profetisk lys

som viser veg til ei god framtid i Guds velsigning

trass i alle forbanningar frå dei intolerante representantane

for dei politisk korrekte meiningane.

 

Det fellesskapet Jesus byggjer er eit fellesskap av menneske

som er agentar for gjennomgripande endringar

i enkelt menneske og i samfunnet.

Det er eit fellesskap som ikkje slår seg til ro,

men som har gripe tak i Guds draum

og difor forstår det oppdraget

me har til å forandra verda

ved å leva eit nytt liv i heim og samfunn.

 

Det kristne fellesskapet er Guds fest

der vi dagleg feirar at bortkomne søner og døtrer kjem heim.

Det kristne nåde fellesskapet er ein stor fest

med mykje dans og musikk,

for ikkje å snakka om eit skikkeleg stort måltid

med god mat og drikke.

Profetordet skildrar festen i Guds rike

som bordfellesskapet i kvardagen, i nabolaget og i storsamfunnet

der folk frå mange raser og bakgrunnar har lagd frå seg

gjengtenking og klasseidentitet

og kjem saman for å vera glade.

Det kristne fellesskapet tek del

i den urgamle kjærleiksdansen som alltid er ny

- fellesskapsdansen

- samspelet

mellom Far, Son og Ande,

når dei saman med mange slags ulike menneske

lever fellesskap og har lært å tilgje og elska kvarandre.

 

Jesus Kristus har makt til å omskapa menneske!

Jesus Kristus har makt til å frelsa menneske!

Jesus Kristus har makt til å løysa menneske!

Jesus Kristus har makt til å forandra menneske!

Jesus Kristus har makt til å gjera oss til nye menneske!

 

Jesus har gjort under i mitt liv!

Jesus kan gjera under for alle menneske!

Når me held fast på profetordet har me håp om endring

- for oss sjølve og alle andre!

 

 

Jesus Kristus har makt til byggja sitt hus

 


 


Comments