Profetordet står fast!
Korleis kan me vita at Bibelen kom frå Gud?

Nyklar til framgang i misjonsarbeidet

Eg har dei siste dagane vore på reise i Nord Noreg med Zephry D’Souza frå India. Han fortalt nokre oppmuntrande og gripande forteljingar om framgang for evangeliet midt i tider med forfylging. Eg trur me har mykje å læra av dei kristne i India. Zephry vil gje Gud æra for all framgang, men seia at han har gjeve dei tre bibelske prinsipp som på mange måtar forklarar voksteren mange forsamlingar opplever i India.

Det fyrste prinsippet er knyta til ei bibelsk forståing av lovnaden om at du og heile ditt hus skal verta frelst. Det greske ordet oikos – hus – har eit mykje vidare innhald enn den norske bruken av ordet hus. Apgj. 10,24 og  11,14 viser oss at Kornelius sitt hus omfatta alle slektningane og dei nære vennane hans. Evangeliet om Guds Rike er ikkje individualistisk innretta mot enkelt menneske berre, men mot heile slekter, storfamiliar, venneflokkar for ikkje å snakka om heile folkegrupper og nasjonar (Matt.28,18-20). Alle stadar der misjon har lukkast har ein ved Guds nåde gjort bruk av dette oikosprinsippet og sett store nettverk av menneske koma til tru. Alle tilhøyrer ei slekt og er ein del av eit nettverk som vil høyra på oss meir enn ukjende folk vil.

Det andre prinsippet er knyta til det kristne vitnemålet eller forteljinga om kva Gud har gjort for oss. Det har stor verknad å fortelja folk me kjenner om kva Gud har gjort for oss og koss han har forandra oss for dei kan sjå denne endringa med sine eigne auge. Forsamlingane i India gjev stort rom for folk til å fortelja om Guds velgjerningar eller undergjerningar i kvardagen. Desse forteljingane skaper trur i dei som høyrer. Den Heilage Ande seier til dei at det Gud gjorde for vennene deira det kan han og gjera for dei. Det gjer at dei kjem fram med behova sine og bed om forbøn. Når dei kristne bed for dei og velsignar dei i Jesu namn kjem Guds kraft og møter dei med lækjedom og frelse.

Det tredje prinsippet gjeld nettopp dette å møta behov og velsigna folk. Det handlar om å bry seg om folk og deira stode og syna praktisk kjærleik i kvardagen. I Jaipur fekk ei kristen kvinne auga på ein familie som såg så trist ut utanføre sinnsjukehuset ho gjekk framom på veg til arbeid. Ho tok seg tid til å spørja kva som plaga dei og kvifor dei var så triste. Då ho fekk høyra om dei plagene sonen til denne familien hadde hatt og at korkje doktorar eller ”healarar” kunne hjelpa, gav ho dei pengar til å ta drosje til to systrer i forsamlinga som ho visste kunne be for sjuke. Familien reiste med ein gong til desse to systrene som bad for guten som vart momentant frisk. Det førte til at heile denne familien kom til tru på Jesus og gav seg over til han. Dei kunne sjølvsagt ikkje halda denne gledelege hendinga for seg sjølve, men dei fortalde venner og slektningar om kva Gud hadde gjort for dei. Denne familien var muslimar og i løpet av dei 4-5 månadene sidan dette hendte har meir enn 50 muslimar kome til tru i forsamlinga i Jaipur!

Desse tre nyklane er universelle fordi dei er bibelske. Me har sett dei verka i Noreg og i mange land. Det er tid til å vera frimodig og ta dei i bruk på ny for å sjå framgang for Guds rike.

Tekst: Erling Thu

Comments