Draumar frå Guds hjarte
Eg har ein draum frå barndomen

Kunnskap om Herren forandrar folk og land!

Profeten Jesaja skildrar ei tid då ingen skal driva med terror eller vondskap av noka slag i samfunnet. Saman med fleire av profetane teiknar han eit flott bilete av fredfulle tilstandar på jorda når Guds rike får råda mellom menneska. Profetane seier at vondskapen som rår i verda og som øydelegg samfunn og nasjonar kjem av at folk ikkje har kunnskap om Gud eller kjennskap til kven han er. Når jorda vert full av kunnskap om Herrens herlegdom, om alt Gud er og verdset, då skal ingen lenger gjera noko vondt.
Når me forstår kor viktig kunnskapen om Gud er vil me spreia kunnskap om han og kjennskap til han alle stader me ferdast.

Kunnskap om Herren forandrar folk og land!

Jesaja 11,9-10 Ingen gjer noko vondt for landet er fylt med kunnskap om Herren.

Jesaja 11,1-8 skildrar idyll og paradis på jord – Messias har gjort si gjerning full av Anden som gjev kunnskap om Gud.

Oppdraget vårt er å kjenna Gud og gjera han kjend

Hoseas 4,6 folk og nasjonar går til grunne fordi dei manglar kunnskap om Gud

1Mos. 1,26-28 Me er skapt i Guds bilete for å representera Gud og visa fram hans karaktereigenskapar

– for å formidla kunnskap om Gud, gjennom livet me lever og alt me gjer.

2Pet. 1,3 Ved kunnskapen om Gud 

- har me fått alt me treng til å møta alle stoder på ein guddommeleg måte

- har me fått del i dei største og dyraste lovnader

- får me del i guddommeleg natur

2Kor.2,14 Gud gjev oss alltid siger i Kristus og spreier/openberrar kunnskapen om Han alle stader me ferdast. Me ”luktar” av Gud! Folk kan merka og får kunnskap om Guds nærvær gjennom oss

2Kor.4,6 Gud har skapt lys i livet vårt så Guds herlegdom kan lysa fram frå oss

Me er kalla til å utstråla Jesus!

- for å formidla kunnskap om Gud i alt me seier

2Kor10,5 Me står i ein åndskamp. Ein ny aggressiv ateisme ropar høgt. Me må ta kampen opp mot alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud. Ateismen er naturstridig og fornuftstridig. Heile skaparverket vitnar om Gud, frå minste celle til det høgast utvikla dyr, frå atom til galakse!

1Tm. 6,20 Me må ta vare på det me har fått overgjeve – Guds ord er vårt arvegods! Me må venda oss frå det vanheilage, tome snakket, frå den kunnskapen som med urette vert kalla så!

Ef. 4,29 ikkje rote snakk – alt som strir mot Guds ord – men godt snakk til oppbygging og velsigning

Guds ord skaper gode frukter i livet vårt

Ord 1,2-7 visdom, framgang, rettferd, ærlegdom, klokskap, kunnskap, omtanke, så me kan styra tanken og tunga vår!

Ord frå Ordtøka seier mykje om munnen og tunga til dei rettferdige:

10,11 Munnen til den rettferdige er ei kjelde til liv

10,20

10,21 – styrkjer mange, gjev næring

10,31 ber visdoms frukt

10,32 ber fram høvande ord til hugnad og glede for folk

11,25 spreiar velsigning og oppmuntring som kjem tilbake til oss og gjer at me trivst

12,14

12,18 Eit godt ord gjer oss glade (25,11)

13,2-3

15,2 Tunga åt den vise gjev god kunnskap

15,4 Spak, mild og varsam tunge er som eit livsens tre med velsigning

15,23 kor godt med eit ord i rette tid

15,26 milde ord er reine

16,24 milde ord gjev lækjedom

18,21 Tunga har makt over liv og død!

Gå vennleg fram med visdom!

Kol. 4,5-6

Gå fram med visdom – bruk tida godt!

Lat alltid orda dine vera vennlege, men godt salta med evangeliet, så du veit koss du skal svara kvar einskild

Markus 16,15-22 Forkynn for alle! Gud stadfestar Ordet alle stader!

Apgj. 1,8 Du har fått kraft til å vera vitne!

Comments