Previous month:
September 2008
Next month:
January 2009

5 entries from October 2008

Å gråta med dei gråtande

Kona mi og eg har nettopp vore i Orissa kor me på forunderleg vis fekk kontakt med, enkja og dottera etter pastor Dibya Singh, ein av våremedarbeidarar i denne delstaten i India. Desse vennene våre er mellom dei mange offera for aukande ekstremistisk hindu vald mot kristne i India. Me reiste til Orissa denne gongen for å kunna syna offera vår medkjensle ved å  gråta og be saman med dei.

Continue reading "Å gråta med dei gråtande" »


Fellesskap av menneske som drøymer

Eg drøymer om eit fellesskap av menneske

som drøymer draumar i samsvar med det målet

Skaparen hadde då han sette seg føre å skapa

Menneske som veit koss dei kan utvikla både seg sjølve

og samfunnet ved å følgja guddommelege naturlover

som heile tilværet kviler på.

Menneske som veit koss dei kan samarbeida

 og gjera ting saman for å oppnå meir

enn summen av det dei kan gjera kvar for seg.

Eg drøymer om menneske som ber på dei same draumane,

eig same tru og håp og er drivne av kjærleiken,

og saman arbeider på å verkeleggjera

Guds eige store draum:

 nyskapa heile verda

og føra ho fram til herleg fullending


Å leva for noko større enn seg sjølv

Eg drøymer om menneske som har fått noko større enn seg sjølv

og sitt eige fellesskap å leva for,

som rettar tankane sine mot utvikling av heile samfunnet

så det kan verta alt det er meint å vera.

Menneske som lever i framtida i dag

fordi dei drøymer store draumar

og alt no har smaka kreftene som høyrer den komande verda til.

 

Menneske som har sine røter

i dei store heltane med tru

som nekta å godta urett og undertrykking

og let draumen om eit rettferdig samfunn driva dei til storverk

fordi dei ser nye utviklingslinjer

og gjer samfunnet betre og varmare.

Dei ser seg sjølv som aktive deltakarar

i eit kosmisk drama der himmel og jord skal samlast i harmoni

Dei ser føre seg eit globalt panorama,

medan dei engasjerer seg i nærmiljøet.

Dei er jordnære kvardagskristne med tru på Den Allmektige

i møte med utfordringar og kriser.

Dei er menneske som ikkje berre står på dørstokken til ei ny tid,

men som ber den nye tida med seg og skaper endring i si notid


Eg har ein draum frå barndomen

Så lenge eg kan minnast har eg drøymd om noko meir, noko anna enn den kvardagen eg levde i. Då eg var liten drøymde eg om å verta doktor. Det var på den tida eg var sjukleg. Frå treårsalderen til tenåra var eg inn og ut av sjukehuset heile tida. Doktorane var då dei store heltane mine. Dei lindra smerte og gjorde folk friske. Dei gjorde livet betre for folk. Dei gjekk ikring på sjukehuset i kvite frakkar og såg veldig viktige ut. Dei hadde det travelt for mange ville snakka med dei og ha dei til å sjå på sjukdomen sin. Å vera doktor måtte vera noko av det største eit menneske kunne verta, tenkte eg og drøymde om ein dag å kunna hjelpa folk å verta friske.

Continue reading "Eg har ein draum frå barndomen" »


Kunnskap om Herren forandrar folk og land!

Profeten Jesaja skildrar ei tid då ingen skal driva med terror eller vondskap av noka slag i samfunnet. Saman med fleire av profetane teiknar han eit flott bilete av fredfulle tilstandar på jorda når Guds rike får råda mellom menneska. Profetane seier at vondskapen som rår i verda og som øydelegg samfunn og nasjonar kjem av at folk ikkje har kunnskap om Gud eller kjennskap til kven han er. Når jorda vert full av kunnskap om Herrens herlegdom, om alt Gud er og verdset, då skal ingen lenger gjera noko vondt.
Når me forstår kor viktig kunnskapen om Gud er vil me spreia kunnskap om han og kjennskap til han alle stader me ferdast.

Continue reading "Kunnskap om Herren forandrar folk og land!" »