Kunnskap om Herren forandrar folk og land!
Å leva for noko større enn seg sjølv

Eg har ein draum frå barndomen

Så lenge eg kan minnast har eg drøymd om noko meir, noko anna enn den kvardagen eg levde i. Då eg var liten drøymde eg om å verta doktor. Det var på den tida eg var sjukleg. Frå treårsalderen til tenåra var eg inn og ut av sjukehuset heile tida. Doktorane var då dei store heltane mine. Dei lindra smerte og gjorde folk friske. Dei gjorde livet betre for folk. Dei gjekk ikring på sjukehuset i kvite frakkar og såg veldig viktige ut. Dei hadde det travelt for mange ville snakka med dei og ha dei til å sjå på sjukdomen sin. Å vera doktor måtte vera noko av det største eit menneske kunne verta, tenkte eg og drøymde om ein dag å kunna hjelpa folk å verta friske.

Eg vart aldri doktor. Men draumen om å kunna vera med å hjelpa menneske til eit betre liv har langt på veg vorte oppfylt. Eg fekk aldri medisinsk utdanning, men draumen om å sjå folk verta friske har mange gongar vorte oppfylt når eg har lagd hendene på sjuke i Jesu namn.

Far og mor tok meg med på bedehuset frå eg var liten. Bedehuset vart den andre heimen min. Her møtte eg gjennom misjonærane ein ny og spennande verden. Dei kledde seg ut i fargerike og underlege klede, synte lysbilete og fortalde mange utrulege ting frå dei framande landa dei hadde vore i. Då tok eg til å drøyma om å verta misjonær og reisa til framande land med godt nytt om frelse og tilgjeving. Eg las uteljande misjonsbøker som gav næring til draumen om å verta misjonær og kunna forkynna for dei som ikkje hadde høyrt evangeliet.

Eg vart aldri ein slik misjonær eg drøymde om å verta. Men draumen om å kunna forkynna for menneske som ikkje har høyrt evangeliet har vorte oppfylt mange gongar. Framleis drøymer eg om å reisa til nye land og folk med godt nytt om Guds rike.

På eit ungdomsmøte på bedehuset heime på Ganddal var det ein ung gut som vitna om å oppleva meir av Guds kraft. Han heitte Per og var son av Luther på Fosseikeland. ”Det er meir å få!” sa han. Han møtte stor motstand frå leiarane og dei andre ungdomane som meinte at dei hadde alt i Kristus. Men denne unge guten hadde noko med seg som eg ikkje kunne forklara, noko eg svært gjerne ville ha tak i. Vitnemålet hans fekk meg til å lesa Det nye testamente med nye auge. Då vart det tydeleg for meg at det var stor skilnad på det eg såg i min eigen kvardag og det eg såg i Evangelia og i Apostelgjerningane. Då tok eg til å drøyma om å koma fram til den kristendommen eg såg i Det nye testamentet. Dette gjorde meg til ein pilegrim.

Eg tok til på ei reise som eg ikkje visste mykje om, men eg drøymde om å nå fram. Eg har hatt mine motgangar og tunge stunder på vandringa. Ikkje alt har vorte slik eg vona. Mange har vonbrota vore, men gledestundene har vore større. Eg har ikkje nått fram enno, men draumane lever framleis i hjartet. Eg er ikkje lenger ung av år, men eg ser framleis syner og ber på visjonar. Mange av draumane mine er ikkje oppfylt enno, men eg er framleis på vandring mot målet. Må draumane frå Guds hjarte verkeleggjerast på jorda i mi tid og i mitt liv.

Frå boka Draumar frå Guds hjarte som kan bestillast frå FolkMedia

Comments