Kjærleik - Guds paktsnatur
Draumar frå Guds hjarte

Orkanherjingar på Cuba

Img_4927_2 Church High_voltage Roofhole

Eg har nettopp har kome heim frå ein tur til Cuba kor eg har sett herjingane til orkanane og vore med på opninga av metodistane sitt nye teologiske seminar i Havana.

Bakgrunnen for dette besøket på Cuba er eit profetord eg fekk til Keri Kones frå Wales som var ein av hovudtalarane på påskekonferansen vår i Bergen for fire og eit halvt år sidan. Ordet gjekk ut på at han skulle reisa til Cuba kor han skulle møta nokre kristne han skulle velsigna. Då han kom tilbake til UK la han profetordet fram for medarbeidarane sine som bad over det og stadfesta det profetord med nye detaljar om koss Gud skulle leia dei til rette folk.

For å gjera historia kort hamna han på forunderleg vis hjå biskop Pereira i Medodistkyrkja i Havana. Han kom på eit svært kritisk punkt der alle ressursane var brukt opp og biskopen hadde varsla alle pastorane og misjonærane sine om at det ikkje lenger var pengar til underhald for dei så dei måtte førebu seg å leva bere av det forsamlingane kunne gje dei. Vanleg månadsløn var 14 US Dollar. Keri Jones har sidan fyrste besøket og fram til no samla inn underhald til alle pastorane og misjonærane. Han har også formidla hjelp til mange andre prosjekt.

Midt i Havana hadde metodistane ein stor kyrkjebygning som ein del av ein større bygning. Denne vart konfiskert av styresmaktene etter revolusjonen og alle aktivitetane vart flytta ut. Men eit ektepar som budde i den store bygningen, i eit lite husvære, nekta å flytta, då dei meinte at heile bygningen tilhøyrde metodistane. På Cuba skal det visst nok vera ei lov som seier at du ikkje kan kastast på gata, så styresmaktene let dei bu i dei små romma sine medan resten av bygningen vart ståande tom, trur eg. Dette ekteparet er no i svært høg alder og bur framleis i bygget som for ei tid sidan vart gjeve tilbake til metodistkyrkja på Cuba som også fekk lov å opna eit nytt teologisk seminar i bygget. Dette er det fyrste teologiske seminar i sitt slag som er opna på Cuba etter revolusjonen. Tidlegare var metodistane med om eit økumenisk seminar, men no ville dei ha sitt eige. Eg trur Keri Jones har samla inn litt pengar til oppussing av bygningane.

Sidan eg var den Gud hadde brukt til å setja Keri i kontakt med biskopen vart eg invitert til å vera med på opninga av seminaret. Det var ei stor oppleving å vera med på den høgtidelege opninga. Likeeins var det stort å vera med på mange møte i metodistkyrkjer fleire stadar på Cuba. Desse møta kunne ta pusten av nokon kvar, med dansegrupper, fengjande musikk og høge jubelrop. Norske pinsekarismatiske møte bleiknar heilt i samanlikning med desse samlingane som var fulle av liv og glede. Me såg fleire folk koma til tru og møta Gud. Eg vart fortald at i løpet av dei siste fire åra har metodistane sett om lag 10000 menneske koma til tru. Dei har dobbelt så mange folk på møta sine som dei har medlem!

Me landa rett etter at orkanen Gustav hadde gått over dei vestre delane av Cuba og vart ein av dei fyrste dagane tekne til det området for å sjå med eigne augne verknadene av orkanen. Eg har aldri sett slike herjingar eller øydeleggingar i heile mitt liv. I ein svær by verka det ikkje til å vera eit einaste heilt hus attende (med unntak av mur/betong hus med betongtak). Det meste av takstein, bølgjeblekk, eternitplater og liknande var borte. Mange hus hadde ramla heilt saman. Tre låg velta alle stader. Store høgspentmaster av stål låg vridde på marka i kilometer på kilometer langs vegen.

Då me snakka med folk om styresmaktene ville hjelpa dei vart me forundra over at ingen rekna med å få hjelp frå dei. Kanskje dei vil hjelpa nokre partimedlem, senda inn tv kamera og senda det på tv, for sidan å gløyma alle dei andre, var det nokre som sa.

Keri Jones ringde til UK og fekk sendt over ca 500.000,-kr som metodistane skulle bruka til å hjelpa folk med mat, klede og gjenreising av hus og heim for ofra for orkanen same kva tru dei hadde. Kristent Fellesskap forsamlingar i Noreg har samla inn og sendt 215.000,-kr til same formål.

Eg skriv metodistane i Noreg for å utfordra dei til å samla inn midlar til å hjelpa forsamlingane til  å byggja oppatt kyrkjene sine. Me møtte eit ungt pastorpar som saman med ei jente på 2 år hadde gøymt seg i eit garderobeskap medan orkanen herja med den gamle kyrkjebygningen som og var heimen deira. Me møtte eit anna ungt pastorpar der kona var gravid og heile bedehuset deira var øydelagd. Ei flott kyrkje frå 1950 som var bygd i mur hadde fått heile taket ramla ned så det fylte kyrkja og gjorde henne ubrukeleg. Andre stader var det mindre skader på tak.

Me fekk ikkje høve til å sjå dei verste øydeleggingane på den såkalla ungdomsøya. Her fekk me høyra ei rørande historie om at alle som hadde søkt tilflykt i kyrkjebygget var uskada medan så godt som alle dei andre husa var øydelagde.

I tillegg til alle dei kyrkjebygga som hadde vorte øydelagde fekk me sjå mange uferdige kyrkjebyggprosjekt som treng hjelp utanfrå for å kunna fullførast. Det hadde vore kjærkome om skandinaviske metodistar eller andre kunne ha hjelpt til. Prisane er låge samanlikna med her og dei får svært mykje ut av midlane, så det er ei god investering!

Ynskjer du å hjelpa metodistane på Cuba kan du senda di gåve til Kristent Nettverks konto 3624 50 89931 – merk gåva CUBA

Comments