Orkanherjingar på Cuba
Kunnskap om Herren forandrar folk og land!

Draumar frå Guds hjarte

Den nye boka mi må du lesa!

Tekstane i denne boka har eg arbeidt på i mange år. Eg har skrive om draumar frå Guds hjarte for meg sjølv i lengre tid enn eg har skrive på noka bok eg har gjeve ut. For meg er dette meir enn ei bok. Eg prøver å setja ord på noko som er større enn det som kan uttrykkjast i ord og bokstavar. Draumane er meir enn lengt. Dette er noko eg lever for. 

Boka er ei gåve til dei som får oppleva morgondagen. Ho er skriven for dei som vil vera med å skapa eit betre tilvære for menneskeslekta. Eg skriv for ein ny generasjon av drøymande menneske, ein ny visjonær generasjon som våger å leva ut det dei trur på, ber om og lengtar etter.

Det er ikkje meininga at du skal skunda seg gjennom det tilværet og den røyndomen eg skildrar i desse draumane. Eg voner at du ikkje vil gjera seg ferdig med boka for snøgt. Eg håper at boka vil arbeida med deg i mange fleire år enn det tok å skriva henne. Eg skulle ynskja at du aldri vart ferdige med desse dyre perlene som draumane mine er, men at du vil gje alt for å sjå dei stråla i kvardagen din. Min bønn er at det eg deler med deg i denne boka skal verta drivkraft til skapande og uthaldande arbeid for å verkeleggjera det som låg i Guds hjarte då han skapte menneskeslekta.

Eg har delt stoffet inn i 9 bolkar. Dei treng ikkje lesast i den rekkjefylgje eg har sett dei i. Kvar bolk kan lesast for seg sjølv. Nokre av bolkane har ein samanhengande tekst som bør lesast som eit heile, helst fleire gongar for å verta fanga av heilskapen og kunna trengja djupt inn i mangfaldet. Andre bolkar er fylte av små tekstar til å grunna på og verta oppglødd til handling av.

I den fyrste bolken skriv eg om kor viktige draumar har vore for menneska frå eldgamle tider fram til i dag. Eg ser på draumar og syner som verkemiddel for openberring av Guds plan og vilje, og eg seier litt om kva draumar har hatt å seia for meg frå eg var ein ung gut og fram til i dag. Denne bolken er kanskje den mest krevjande, men du vil finna mange tankevekkjande synspunkt og mykje håp og varme.

Draumane eg skildrar handlar om menneskelivet, om ein verden i fred, om vennskap og brorskap. Dei handlar om Guds forsamling og om Noreg - vårt dyre fedreland. Eg skildrar draumar eg ber i hjartet om ein ny generasjon av radikale kristne og om levande fellesskap. Eg avsluttar boka med ei visse om oppfylling og verkeleggjering. Desse draumane frå Guds hjarte er spirekraftige. Dei har stor grorkraft i seg og vil frigjera vokster i både enkelt personar og i fellesskap av menneske.

Du kan bestilla boka hjå "Erling Thu Books" eller "FolkMedia"

Comments