Om å tala profetord
14/07/2008
Gud reiser opp ein ny profetisk generasjon, - eit profetisk folk – som har lært å høyra Guds røyst og tala profetord til menneske, forsamlingar, fellesskap, samfunn og nasjonar. Gud reiser opp eit folk som lever i hans nærvær, forfriska av Ordet og Anden, og som kan verta brukt av Gud til å tena Guds plan i si levetid. Dei lever med Gud i kvardagen og vender hjarte, hug og tankar heile tida til ”Den Levande EG ER, Den Allmektige, så dei kan tala inn i livet til menneske dei møter i jobb, på universitet, på torget, på gata, i nabolaget, over alt kor dei ferdast. Av di dei har lært å leva i Guds nærvær kan dei formidla Guds kraft, nåde, fred, glede, kjærleik og lækjedom til menneske dei møter i kvardagen.
I dei siste dagane skal Den Heilage Ande rennast ut over alle menneske med større og større kraft. Me vil sjå fleire under og større mirakel enn nokon gong i kyrkjesoga i dei siste dagane. Me lever i tider med overnaturlege gjestingar av englar og nærvær av Guds kraft. Me kan alle forventa å verta møtt av Gud og brukt av han på sterkare måtar enn før. Om me tørstar, lengtar, og søkjer Gud av heile hjarta vårt, vil han koma til oss med forfrisking, ny openberring og manifestasjonar av si kraft og nærvær.
Å tala profetord
Alle profetane sa: Herrens Ord kom til meg. Jesus sa at me lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som heile tida utan stans går ut frå Guds munn. Gud taler heile tida. Ord går heile tida ut frå hans munn. Det er desse levande orda frå Guds munn som held oss i live, forfriska og sprell levande av kreativitet.
Å tala profetisk eller å bera fram profetord er å seia det Gud seier til folk, fellesskap eller nasjonar. Me kan høyra og ta imot ord frå Gud på ulike måtar. Herrens ord kan koma til oss på fleire måtar. Her er nokre måtar Guds ord kjem til meg på:
1. Å få orda til ein bodskap
Av og til føler eg i mi ånd, mitt indre, hjarte at Gud taler til meg. Han gjev meg ord å bera fram. Av og til er det som å høyra ei røyst. Andre gongar er det som om tankar vert forma i hjartet mitt. Nokre gongar har eg ein samtale med Gud, ein slags dialog kor eg stiller spørsmål og får svar. Nokre gongar får eg klare og konkrete ord, ein bodskap.
Esek.3,17: Når du høyrer eit ord frå min munn, berre sei det! Tal det du høyrer!
2. Å få ei kjensle av ein bodskap
Nokre gongar får eg ikkje spesielle ord, men ei klar kjensle, ei konkret forståing, ein spesiell bodskap, noko eg føler Gud vil seia. Då kan eg tolka denne kjensla med mine eigne ord, men framleis vil eg kunna seia: Dette er ordet frå Gud, dette er det Gud vil seia no.
3. Å få dei fyrste orda i ein bodskap
Av og til får eg nokre ord eller ei setning. Når eg i tru tek til å tala ut desse ord får eg meir! Det har med tru og tillit å gjera og me må vera trygge på at Gud vil gje oss meir så bodskapen vert heil.
4. Profetisk glød, salving og autoritet
Av og til er det som ei frisk, sterk salving eller mynde til å profetera kjem over meg. Det brenn i mitt indre. Eg kjem i profetisk glød. Herrens hand kviler på meg, hans kraft verker og eg gjev meg over og let meg verta brukt til å bera fram profetord eller gjera ting som demonstrerer kva Gud vil seia.
5. Syner
Ofte taler Gud til meg gjennom eit syn, eller eit bilete i mitt indre. Nokre gongar deler eg sjølve synet og forklarer det for folk, men oftast ber eg berre fram det Gud vil seia gjennom det eg ser og det Gud viser meg.
Eg har funne ut at synene ikkje alltid er like lette å forstå for folk og då er det berre forvirrande å skildra synet, medan det er svært verksamt å fortelja folk kva Gud vil seia gjennom synet.
6. Profetisk språk
Bruk vanleg daglegdags tale – dialekt og ikkje gammaldags religiøst språk
Bruk eit språk som er lett å forstå
Bruk enkle ord og bilete
Profetane kan vera poetiske og bruka eit fargerikt språk, men bodskapen er likevel lett å få tak i.
7. Å bera fram eit profetord
Måten me be fram ordet på er viktig, for det kan forsterka eller undergrava ordet. Måten me ber det fram på kan opna eller stengja folk sin hjarte. Me må leggja vinn på å oppføra oss slik at me ærar Gud ved måten me ber fram eit profetord på.
- snakk slik at folk kan høyra – ikkje mumla – tal med kraft
- finn rett plass og rett tid – ein av vår største utfordringar i møtesamanheng
1 Kor 14,32-33 + 40
Former for profetord
1. Som eit direkte ord frå Gud
Så seier Herren! Slik lyder ordet frå Herrens munn!
2. Profetisk rettleiing, formaning eller oppmuntring.
Apgj.15,32
Vera inspirert av Anden og bruka eit bibelord til å formidla ein bodskap frå Gud
3. Profetisk bønn
Lukas 1,67 flg; Esra 9,6-15; Neh.9,6-37
4. Profetisk song og musikk
1 Krøn. 25,1-7; 2.Kong.3,15
5. Openberring
6. Personlege profetord
2.Sam.12
7. Syner og visjonar
Op.4,1-3; Esek.1,1
8. Profetiske handlingar - stunts – demonstrasjonar
Jer.27,2-3; Apgj.21,10-11; Esek.4; Hosea
9. Tunger og tyding
1 Kor.14,13, 27-28
10. Profetord i privat bønn
Å dømma – vurdera – evaluera – profetord
Me finn mange døme på dette i Bibelen.
Jer.28 Jeremia – Hananja
1 Kong.22 Mika – 400 falske profetar
Matt.24,24
Matt.7,15
1 Tess.5,19-21
Det gode og dårlege – koss kan me skilja?
1. Falsk profeti – vonde ånder står bak – kan demonstrerast i stor kraft, med teikn, under og spådommar som vert oppfylt.
Er det frå Gud? Ærer det Gud?
2. Ureint profetord
3. Veikt profetord – uklart
5. Slapt – sjaskete
Lat andre dømma
Alle profetord må stadfestast og dømmast av forsamlinga med dei eldste i spissen. Alle profetord om underleggjast andre si vurdering og autoritet.
1 Kor.14,29
Gjensidig underordning, godkjenning og kjærleik.
Koss me prøver profetord
1. Prøv fyrst profeten
Lukas 6,43-44; - eit liv verdig Gud
1 Tim.3,1-7; Tit.1,5-9 karakterkvalitetar
Ver varsam med ukjende eller nye profetar.
(Døme: Gjev du tiend?)
2. Prøv bodskapen
Gal.1,8-9 alt må prøvast på evangeliet, på Bibelen, og må vera i samsvar med Guds ord.
1. Kor.15,13-19
3. Prøv åndene
Joh.10,2-5; - gjenklang – resonans – indre stadfesting – Ande vitnar med vår ånd
- kjenner eit gjensvar i hjarte og ånd
- prøver den åndelege tonen og verknaden
Om det er skræmande, hardt, fordømmande, kritisk, er det sjeldan frå Gud
- herleggjer det Jesus?
- gåve å prøva ånder 1 Kor.12,20
4. Skjer det? Vert ordet oppfylt?
- 5 Mos.18,21-22 – om det skjer er det frå Gud
- 5 Mos.13,1-3 – om det dreg oss nærare Gud er det frå Gud
- vilkår knyta til personlege profetord – viss – om
5. Ber ordet frukt?
Eit ord frå Gud vil frigjera Guds liv, skapa tru og bera god frukt mellom folket
- liv, fred, glede, håp, kjærleik etc. = gode frukter
- strid, sinne, sjalusi, lyst, likesæle = dårleg frukt
6. Veksa i evne til å prøva og dømma profetord
Hebr.5,12-14
Koss me prøver profetar
1. Kva slags mann/kvinne er denne personen? Jesus vart forma som ein Guds mann i 30 år før han hadde ei teneste i 3,5 år.
2. Utan anstøyt i tenesta - 2 Kor.6,3-12 – så tenesta ikkje skal verta spotta. Fin framferd, gode frukter, positiv, rein, prøvd i livet
3. Bodskapen må vera tru mot sanninga og må berast fram i kjærleik. Ef.4,15; og vera balansert 1 Tim. 4,2
4. Karakter og modnad – gode haldningar – i rette forhold – visdom – Andens frukter – Kristuslik karakter
5. Ekteskap – familie 1 Tim.3,2,5; Ef.5,22-23; 1 Pet.3,1,7 – rett prioritering – familien fyrst
6. Metodar – måtar: Rettferdig, etisk, ærleg, integritet, ikkje manipulerande eller forførande
7. Framferd – usjølvisk, høvisk, gild, mild, god, diskret, reint språk – ikkje grove vitsar ol.
8. Pengar – 1 Tim.3,3 må ikkje vera pengekjær for det vil føra til uærlege framferd
9. Moral – 1 Kor.6,9-18 God moral, dydig, rein, gode relasjonar. Bibelsk seksuell reinleik i handling og haldning
10. Motiv – Matt.6,1 – å tena eller å verta sett? Å tena eller å vera ei Teneste? 1 Kor.16,15; 13,1-3 – motivert av kjærleik